Norske kommunar er sinte for koronapengar som vart borte

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Regjeringa vert skulda for løftebrot om koronakompensasjon. – Økonomien i kommunane er god, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

Norske kommunar er sinte for koronapengar som vart borte

Regjeringa vert skulda for løftebrot om koronakompensasjon. – Økonomien i kommunane er god, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

ASKVOLL: – Vi har lokalt tilpassa drifta i tråd med desse forsikringane og vil no sitte med ei stor ekstra rekning, seier ordførar i Askvoll, Ole André Klausen (H).

Vi rapporterer frå Førde

Publisert 14.05.2022, kl. 11.27

Oppdatert 14.05.2022, kl. 11.36

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

– Eit reint løftebrot og veldig dårleg gjort overfor kommunane, seier Ole André Klausen (H).

Han er ordførar i Askvoll kommune i Vestland, og fortel at dei alt hadde tilpassa drifta i tråd med forsikringar om koronakompensasjon.

I nabokommunen Sunnfjord var den forventa koronakompensasjonen «cirka 20 millionar kronar».

– Det er svært alvorleg for budsjettet, dersom så store summar ikkje vert dekka inn som tidlegare lova, seier ordførar Jenny Følling (Sp).

Ein båttur unna, i Stad kommune, er Gunnar Silden (V) ordførar.

– Om inndekkinga ikkje kjem, så kan vi risikere at beredskapen blir svekt. Det vil vere det verste scenarioet som vi kan tenkje oss, seier han.

Bakgrunnen er regjeringa sitt forslag til revidert nasjonalbudsjett (RNB) for 2022 som vart lagt fram torsdag.

I strid med forventningane inneheldt budsjettet ingen kompensasjon for kommunane sine koronautgifter i første halvdel av 2022.

Ein samla opposisjon på Stortinget uttrykkjer i dag overrasking og forundring over at nemnde kompensasjon ikkje er med (sjå faktaboks).

– KS har rett i at dette er eit oppsiktsvekkjande løftebrot. Trass gjentatte oppmodingar både frå KS og spørsmål frå kommunane om å uttrykke seg klart om spørsmålet om koronakompensasjon, kan ikkje statsråd Gjelsvik stadfeste at kommunane får kompensert koronautgifter. No må kommunane leve i uvisse heilt fram til hausten – og håpe på at det kan bli gitt kompensasjon. Dette skaper eit fullstendig uakseptabel situasjonen for kommunane.

– Eg forstår godt kommunane og KS kjenner seg lurt her. Kommunane har gjort ein fantastisk jobb med å klare å bemanne alle funksjonar under pandemien. Utan denne tilleggsavtalen med auka lønn hadde det aldri gått. Eg er og kritisk til at dei nappar 9,2 mrd. frå kommunane på utbytteskatten. Det er og merkeleg omfordeling frå kommune til stat.

– Dette er eit solid løftebrot overfor kommunane. Det hjelper lite å vise til at kommuneøkonomien generelt er god dersom ein styrer ein kommune med anstrengd økonomi, kor mange har fått ekstra belastningar under pandemien. Det er også eit heilt feil signal når regjeringa under pandemien bad kommunane om å registrere alle ekstrautgifter og lova at dei skulle bli refunderte, men når krisa er over så manglande pengane. Det skaper mistillit, kva skjer neste gong det vi står ei liknande krise? Staten må vere ein føreseieleg partnar, også overfor norske kommunar. Eg synest også det er spesielt at ein Sp-leiar løyver seg sjølv og staten meir handlingsrom på vegner av staten, men vil krympe handlingsrommet for kommunane å vise til rentepress.

– Det er fullt forståeleg at kommunane no reagerer. Det har vore lova ein full kompensasjon til kommunane i samband med pandemien, men når dette no ikkje blir lagt på bordet så forstår vi at reaksjonane er sterke. Kommunane har meldt over tid at dei har hatt store utgifter til overtid, vikarar og reinhald – dette utgjer summar kommunane ikkje har til overs. Det betyr at det kan gå ut over tenestetilbodet til innbyggjarane i dei ulike kommunane.

– Vi hadde forventa at koronakompensasjonen kom i revidert nasjonalbudsjett, sånn som vi opplever at regjeringa har lova. Når dei endå ein gong skyv på løfta sine, skaper det uvisse ute i Kommune-Noreg. Det skulle tydelegvis ikkje mange månadene til i regjering, før Senterpartiet gløymde alle ordførarane sine.

– Det er svært overraskande at ein går bort frå å kompensere kommunane for den utruleg viktige jobben dei har gjort i handteringa av pandemien. Dei er heilt avgjerande for å stoppe utbrot og hindre nedstenging. Her var KrF og Solberg-regjeringa krystallklare og føreseielege på å gi støtte. Det er interessant å sjå at retorikken frå Ap og Sp er endra seg så dramatisk frå at kommunane var sveltefôra til at økonomien no er god. Det viser jo at den førre regjeringa sikra kommunane på ein god måte, og det er eigentleg litt trist at Ap og særleg Sp har snakka usant om situasjonen i kommunane til veljarane.

– Det er eit løftebrot og eg er skuffa. Politisk leiing i kommunaldepartementet har vore tydeleg på at kommunane ikkje måtte vere bekymra for at desse kostnadene blei kompensert. No får vi ingen ting. Det er klart at vi er veldig skuffa. Koronaavtalen var heilt nødvendig for å få nok helsepersonell til folk til å sille opp då smittesituasjonen var på det verste. For Sunnfjord kommune utgjer kostnadene med koronaavtalen minst 20 millionar. På landsplan utgjer det 6-7 mrd. Det er svært alvorleg for budsjettet for 2022, dersom så store summar ikkje vert dekka inn som tidlegare lova. Det får konsekvensar for drifta. Vi kan ikkje sitte til hausten til hauste til 1, september vente på om vi får inn desse midlane.

VERSTE SCENARIO: – Om inndekkinga ikkje kjem, so kan vi risikere at beredskapen blir svekt, seier ordførar i Stad kommune, Gunnar Silden (V).

På Debatten før jul sa Helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) at kommunane ville få refundert alle ekstrakostnadar som følgje av pandemien. Ho presiserte at dette gjaldt for heile 2022.

– Kommunane skal få dekka alt, sa ho (video under).

Styreleiar i KS, Gunn Marit Helgesen, kallar budsjettframlegget for «eit oppsiktsvekkjande løftebrot».

Ho viser til at «fleire statsrådar fleire gonger» har forsikra KS om at kommunane skal få dekt kostnader som har vore nødvendige for å handtere pandemien.

– Verken kommunane eller KS har hatt grunn til å vere usikre på at slik kompensasjon ville komme, seier ho.

Kommunane fekk i fjor sommar 2,5 milliardar kroner i koronakompensasjon for andre halvdel av 2021.

I november gjekk regjeringa inn for ein tilleggsløyving på 750 millionar kroner for same periode.

Tidlegare KS-leiar Bjørn Arild Gram (Sp) var kommunalminister fram til 12. april. Han vart då erstatta av Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Fredag formiddag forsvarte sistnemnde budsjettet i «eit stormøte» med heile Kommune-Noreg.

På spørsmål om han vil garantere at ein koronakompensasjon vil kome seinare i år, var svaret at «ting må skje i rett rekkjefølgje» og at det «generelt ikkje er likviditetsproblem» i Kommune-Noreg.

I forslaget til budsjett viser regjeringa til ein rapport om koronautgifter som kjem 1. september.

– Så vil vi gjere ein vurdering med basis i det som kjem der, seier Gjelsvik.

Han la til at «kommunane skal vere trygge på at vi er der for dei».

Ein mogleg gladmelding i september kjem for seint, meiner Helgesen i KS.

– Det betyr at kommunane først i desember vil vite kva kompensasjon som eventuelt blir gitt i år.

Austrheim kommune i Vestland kan så langt i år dokumentere at dei har hatt 1,8 millionar i ekstrakostnader knytt til korona.

SEPTEMBER: – Vi vil gjere ein vurdering med basis i det som kjem i september-rapporten, seier kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

I RNB-dokumentet skriv finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) to gonger at «kommunesektoren er i ein god økonomisk situasjon» og at «kommuneøkonomien er god».

Han skriv vidare at høgare inntektsvekst og lågare utgifter enn venta «over fleire år» har gitt gode resultat i kommunane.

I ein kommentar i Aftenposten gjer politisk redaktør Kjetil B. Alstadheim eit poeng av at dette er nye tonar frå Sp-leiaren som før valet snakka om «ein svært trong kommuneøkonomi».

– Det er interessant å sjå at retorikken frå Ap og Sp har endra seg så dramatisk frå at kommunane var sveltefôra til at økonomien no er god, kvitterer Kjell Ingolf Ropstad i KrF.

Mudassar Kapur er kommunalpolitisk talsperson i Høgre.

– Eg håpar folk merkar seg at Sp og Ap etter åtte år med svartmåling no ikkje har anna val enn å slå fast at kommuneøkonomien har vore god gjennom dei siste åra.

GOD ØKONOMI: I RNB-dokumentet skriv finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) at «kommunesektoren er i ein god økonomisk situasjon».

I haust vart det vedteke å skjerpe utbytteskatten, noko som gav kommunane 14 milliardar kroner i auka inntekter.

I budsjettforslaget foreslår regjeringa at 11,5 av desse milliardane skal trekkast frå staten sitt rammetilskot «for å unngå at den offentlege pengebruken blir for høg».

Nestleiar i MDG, Arild Hermstad, seier til NRK at «det sender heilt feil signal når regjeringa under pandemien bad kommunane om å registrere alle ekstrautgifter, men når krisa er over så manglar pengane.»

– Det skaper mistillit, kva skjer neste gong vi står i ei liknande krise?

Comments

https://lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations