Lågt trykk gjer at Noreg mister milliardverdiar i kraft

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

I dag kjem straumprisen for fyrste gong opp i 7 kroner. På same tid «mister» Noreg kraft tilsvarande årsforbruket til fleire norske byer.

Lågt trykk gjer at Noreg mister milliardverdiar i kraft

I dag kjem straumprisen for fyrste gong opp i 7 kroner. På same tid «mister» Noreg kraft tilsvarande årsforbruket til fleire norske byer.

BLÅSJØ: Det er 20 år sidan sist det var så lite vann i Blåsjø på denne tida av året.

Publisert 26.08.2022, kl. 06.29
Oppdatert 26.08.2022, kl. 08.02

Mellom 19:00 og 20:00 i dag (fredag) vil straumprisen i «det mest berykta prisområdet» (NO2) tangere 7 kroner per kilowattime før moms og avgifter.

Det er ny rekord.

NO2 omfattar Agder, Rogaland, delar av Vestland og deler av Vestfold og Telemark.

Nye tal frå NVE viser at fyllingsgrada i same område var 50,2 prosent ved utgangen av veke 33.

Det er 29 prosentpoeng under det som er normalt på denne tida av året (79,2 prosent).

I eit skriftleg spørsmål til Olje- og energidepartementet vil Framstegspartiet vite kor mykje denne differansen går utover kraftproduksjonen.

Forklaringa er at lågare trykk i magasina og redusert fallhøgd til turbinane gir mindre effektiv kraftproduksjon.

I svaret viser departementet til utrekningar frå NVE, som seier at 1,1 terawattimar (TWh) energi i NO2 går tapt når fyllingsgrada er 30 prosentpoeng lågare enn normalt.

Det svarer til årsforbruket til rundt 70.000 einebustader, og representerer ein verdi på rundt 5 milliardar kroner med dagens kraftprisar.

For heile Noreg er tapet om lag tre gongar så høgt.

NVE har rekna ut at Noreg taper 3 terawattimar (TWh) i kraftproduksjon når fyllingsgrada er 30 prosentpoeng lågare enn normalt.

Energipolitisk talsperson i Frp, Marius Arion Nilsen, omtaler tapet som «sjokkerande».

– Dette er rein energi som forsvinn som ein konsekvens av ein kraftmarknad ute av kontroll, og endå eit argument for å avgrense krafteksporten, seier han til NRK.

Tilsvarande signal kjem frå SV og Raudt.

I fjor vart det innført nye skattereglar («kontantstraumskatt») for å stimulere til meir vasskraftutbygging. Ein oversikt i Klassekampen viser at responsen har late vente på seg.

I alt har det berre kome inn fire nye søknader som følgje av endringa.

Totalt vil prosjekta gi ein ny kraftproduksjon på 0,4 terawattimar.

LES ALT:

Comments

https://lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations