Fekk ei bot på halvparten av månadsinntekta for å sjekka mobilen

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Elisabeth Riise Vorland (27) fekk 7450 kroner i bot for å sjekka mobilen medan ho køyrde. Åleinemora reagerer på at bøtene er like for alle, uansett inntekt.

Fekk ei bot på halvparten av månadsinntekta for å sjekka mobilen

Elisabeth Riise Vorland (27) fekk 7450 kroner i bot for å sjekka mobilen medan ho køyrde. Åleinemora reagerer på at bøtene er like for alle, uansett inntekt.

Elisabeth Rise Vorland fekk sjølv ei bot ho ikkje kunne betala, og kritiserer regjeringa si auke av trafikkbøtene.

Publisert 14.02.2023, kl. 21.12
Oppdatert 14.02.2023, kl. 23.21

I september i fjor var Elisabeth Riise Vorland (27) i bilen på veg for å henta foreldra som hadde fått motorstopp.

Ho kjende ikkje vegen frå før, og hadde derfor leita fram retninga på mobilen som låg i passasjersetet.

Framfor ho var køen nesten stilleståande, ifølge Vorland.

– Så var eg så syndig at eg tappa mobilskjermen for sjå kvar eg skulle køyra av, seier ho.

Ifølge Vorland var det alt. Ho løfta ikkje ein gong mobilen opp, hevdar ho.

10 minutt og 15 meter seinare, ifølge 27-åringen, kom politiet med blålys og sirener.

Ho fekk då ein bot på 7450 kroner, noko ho ikkje hadde råd til å betala.

Syntest du sjølv du fortente bota?

– Nei, det synest eg ikkje. Eg er for at ein ikkje skal bruka mobil når ein køyrer bil, men me stod tilnærma stilleståande, seier Vorland.

Regjeringa vedtok å auka bøtenivået og hevda dei hadde lytta til fagekspertane. Men hadde dei det?

Med ei månadleg inntekt på 18.780 kroner hadde studenten og åleinemora ikkje moglegheit til å betala heile bota på ein gong.

I staden har ho betalt litt over 700 kroner i månaden, samtidig som rentene har auka bota til totalt 9134 kroner.

Det ho meiner er feil her, er at bota ikkje var justert etter inntekta hennar.

– Når det er sett ein sats som er lik for alle vil det svi mykje meir for ein person som må betala halve månadsinntekta si for bota, seier Vorland.

Elisabeth Rise Vorland synest summen på 7450 kroner i haust var dyrt.

Samtidig som prisane på mat, drivstoff og energi aukar, aukar ikkje inntekta til Vorland, fortel ho.

– Det får ringverknader, seier ho, og legg til at det går mest ut over dei som har minst frå før.

Ho seier ho var heldig som fekk bota før bøtesatsane blei auka 1. februar.

Endringa i trafikkbøter frå 1. februar har fått kritikk frå fleire hald.

– Eg meiner grunngjevinga, som skal vera betre trafikksikkerheit, ikkje er påvist, seier advokat Brynjar Østgård.

NRK forklarer Her er prisene for å bryte loven i trafikken

Bla videre Fartsoverskridelse

  • Dersom fartsgrensen er 70km/t eller høyere.
  • Til og med 30 km/t over grensen:
  • 12 100 kroner

9700 kroner.

9700 kroner.

7800 kroner.

9700 kroner.

9700 kroner.

Fra 7 250 til 9 700 kroner.

Fra 5 850 til 7 800 kroner.

(Påbudt kjøreretning, påbudt kjørefelt, kollektivfelt, envegskjøring, gågate)

Fra 4 450 til 5 900 kroner.

Fra 7 250 til 9 700 kroner.

(Overfor trafikk fra høyre, gående i gangfelt, ved utkjøring fra parkeringsplass, holdeplass, torg, eiendom eller lignede område).

Fra 2 750 til 3 700 kroner.

Fra kr 5000 til 9.700 kroner.

Fra 19 700 til 26 250 kroner.

Han meiner auken i trafikkbøtene bryt prinsippet i straffeloven om at straffa skal vera rimeleg i forhold til forbrytinga.

Ordninga med forenkla førelegg i trafikksaker blei innført i 1972. Østgård meiner det er klare fordelar med ein forenkla prosess, men at det også har ei stor minusside.

Han seier satsane etter 1972 har auka i takt med pris- og lønnsutviklinga, men at dei sidan 2004 har gjort eit hopp.

– Konsumprisindeksen frå 2004 til 2022 har auka med drygt 51 prosent. Bøtesatsane har frå 2004 til 2023 grovt sett auka atskilleg meir, nemleg med 140 prosent, seier Østgård.

Les også: Ville ikke ha de nye trafikkbøtene: – Handler om å få et budsjett til å gå opp

Statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet Geir Indrefjord (Sp), har stor forståing for at auken i trafikkbøtene blir merka.

– Men me har fleire tiltak for personar som slit med økonomien. Omfordeling er ein viktig del av regjeringa sin økonomiske politikk, seier Indrefjord.

Dokument advokat Østgård har fått innsyn i, tyder på at regjeringa tok avgjerda om bøtestatsnivået på eit budsjettmøte i august, sjølv om forslaget låg opent for innspel fram til desember.

Østgård meiner det ut frå dokumenta verkar som den auka bøtesatsen skal gje staten fleire milliardar i inntekter framover i tid.

Var det av omsyn til budsjettet at dette blei innført?

– Nei, dette var eit svar på auken i trafikkdødstal, som me såg steig mykje sist sommar, svarer statssekretæren.

Under høyringsrunden kom fleire med innspel om at denne auka truleg ikkje ville auka trafikksikkerheita.

– Nokon meiner det har effekt, andre meiner det ikkje har det, men me veit at økonomiske incentiv i dei aller fleste tilfelle har effekt, seier Indrefjord.

Regjeringa har dobla trafikkbøtene på eitt år. Blir det færre dødsulykker av slikt?

Les også: Politiet vegrer seg for å skrive ut skyhøye bøter

LES MER:

Comments

https://lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations