50 rundballar øydelagt etter hærverk – tap opp mot 100.000 kroner

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Nokon har gått laus med kniv på vinterfôret til dyra, og etterlate seg 50 øydelagde rundballar, mange tusen kroner i tap, og ein bonde i sjokk.

50 rundballar øydelagt etter hærverk – tap opp mot 100.000 kroner

Nokon har gått laus med kniv på vinterfôret til dyra, og etterlate seg 50 øydelagde rundballar, mange tusen kroner i tap, og ein bonde i sjokk.

Rundballar er gras som er slått, tørka ned til eit passande tørrstoffinnhald, og deretter pakka inn i plast.

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.

Bonde og gardsbrukar Bodil Alfsen frå Snarum i Modum fekk fredag ei ubehageleg overrasking. Heile 50 rundballar – vinterfôret til dyra – var skorne sunt opp med vilje.

– Det fyrste som slo oss var, at me kjende oss oppgitte og håplause. Me har lagt mykje arbeid i å berge godt fôr. Mange timar, mange pengar. Det er livsgrunnlaget for vinteren. Og så, berre over natta, er det øydelagt, seier Alfsen.

  • Bodil Alfsen
    • Bonde og gardsbrukar, Bodil Alfsen 

Hendinga er meldt til politiet, og Alfsen lokkar med ein dusør på 20.000 kroner til den som kan koma med informasjon om ugjerninga.

Saka vart fyrst omtala i Bygdeposten.

Ein rundball må vera heilt lufttett for at den naturlege gjæringsprosessen skal gå som den skal. Når ballane vart skorne opp, slapp det inn luft – og dette kan føre til mugg og ròte.

– Når det blir avbrote slik, kjem det til luft, og det skjer ein feil prosess, forklarar ho.

Les også Vil redde matjorda

Familien har forsøkt å redde det dei kan, men det er ikkje sikkert alt let seg lappe saman.

– Me har prøvd å gjera førebyggjande tiltak med å teipe det me har funne, så godt me har kunne. Men noko skade er jo allereie skjedd berre med eit lite høl.

Omfanget av hærverket vil ikkje vise seg før fôret blir tatt i bruk til hausten.

– Me kan ikkje si noko sikkert før me startar å fore med rundball til hausten og vinteren. Det er fyrst då me ser det verkelege skadeomfanget, seier bonden.

Bonden skal prøva å redda så mykje som mogleg. Men det er endå uvisst kor mykje som kan bergast.

Dersom dei ikkje klara å berga høyet, kan tapet bli stort. Ho anslår summen til mellom 75.000 og 100.000 kroner.

– Om me må kjøpe opp at tilsvarande fôrkvalitet, og få det transportert heim.

Gardsbrukaren Alfsen trur ikkje dette er eit tilfeldig påfunn eller rampestrekar.

– Det verkar for oss til å vera så målretta hærverk, at me klarar ikkje å finne nokon me tenker har gjort det. Det me kan si sikkert, er at det ikkje er vanlege gutestrekar. Det er måten det er gjort på. Det er gått grundig til verks under kvar rundball, seier ho og legg til at ho opplever det heile som urovekkande og ekkelt.

Rundballar er ein vanleg måte å konservera grovfôr til kyr.

– Ein tenkjer jo; er det retta mot meg og oss på garden? Eller er det berre vilkårleg?

Trass i at ho har sett ein raus dusør på saka, har det enno ikkje kome inn nokon tips.

– Dusøren er ganske høg, men det er verdt kvar krone. Me kan ikkje ha det slik at rundballar og bygda skal utsettast for den slags hærverk. Så eg står inne for kvar krone.

Bodil Alfsen håpar nokon der ute veit noko, og at den, eller dei skuldige, snart blir avslørt.

- Det har gjort noe med stoltheten min som bonde.

LES MER:

Comments

https://lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations