Ferja vart gratis i fjor. No vil fylkeskommunen leggja ho ned.

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

I 85 år har ferja gått mellom fjordsidene i Hardanger, men no kan det snart vere slutt. – Eg vil heller betala igjen, enn at dei legg ned sambandet, seier fortvilt pendlar.

Ferja vart gratis i fjor. No vil fylkeskommunen leggja ho ned.

I 85 år har ferja gått mellom fjordsidene i Hardanger, men no kan det snart vere slutt. – Eg vil heller betala igjen, enn at dei legg ned sambandet, seier fortvilt pendlar.

Øyvind Svartveit er nettsjef i Indre Hordaland kraftnett og tar ferja til arbeid kvar dag.

Vi rapporterer frå Ullensvang i Hardanger

Del på Twitter Del på Twitter Del på epost Del på epost

Publisert 26.11.2023, kl. 17.32

Det var jubel og kake på mange ferjekaier i distrikta då nyheita kom i fjor at det skulle bli gratis ferjereiser på strekningar med under 100.000 passasjerar i året.

Regjeringa skulle sette av 39 millionar kroner til formålet.

Også i Hardanger og på ferjekaiene Utne og Kinsarvik i Ullensvang var mange glade då nyheita kom.

Men gleda kan bli kortvarig.

For no reagerer pendlarar og næringslivet i Ullensvang på forslaget til Vestland fylkeskommune om å leggja ned ferjesambandet mellom Kinsarvik og Utne frå neste år.

Ferja mellom Utne og Kinsarvik har gått i 85 år

– Eg fekk hakeslepp og tenkte at dette måtte vera feil. At dei vil legga ned eit så viktig lokalt ferjesamband, det trudde eg nesten ikkje kunne vera sant, seier Øyvind Svartveit.

Han bur på Jåstad på vestsida av Sørfjorden og tar den halvtimes lange ferjeturen til Kinsarvik i Ullensvang til og frå jobb kvar dag.

Han jobbar for Indre Hordaland Kraftnett som har ansvaret for nettet på begge sider av fjorden.

– For å få kvardagen til å gå opp, både driftsmessig og beredskapsmessig så er ferjesambandet viktig. Og det er berre eit av mange firma.

Det er ein katastrofe for pendlarane og for næringslivet lokalt her om sambandet blir lagt ned.

Ferjesambandet er både pendlarrute og turistrute. Tal frå Skyss viser at det så langt i år har vore over 50 0000 passasjerar og 20000 køyretøy som har nytta ferja.

– Alternativt for meg er det ein ni mils omveg på ein rasutsett vestlandsveg, Svartveit.

Alternativet for dei som skal på motsett side av fjorden er å anten køyre over 80 km om Odda på rasfarleg veg, eller 44 km via Hardangerbrua og deretter ferje mellom Kvandal og Utne.

Målet med gratis ferje var å gjera kvardagen og næringsutvikling enklare i distrikta.

Fleire av pendlarane seier de heller vil betala for ferjeturen igjen for å kunne behalda tilbodet.

– No er det ikkje dei store summane dei tek inn på billettinntekter, men sjølvsagt så er vi villige til å bidra om det kan hjelpa på situasjonen, seier Svartveit.

Det var godt oppmøte på kaia i Kinsarvik då det vart aksjonert for å behalda ferja over fjorden.

Han legg til at det er brukt mange millionar på ny infrastruktur på ferjekai for ny elektrisk ferje, og at ferja er bygd for akkurat dette sambandet.

– Vi skulle få elektrisk ferje for å ikkje forureina, og så har dei tenkt å legga den ned slik at vi må køyra rundt heile fjorden. Kor er logikken her, spør Inge Nedrevåg som og har møtt opp på ferjekaia og reagerer på kuttforslaget.

Disse ferjesambandene i Norge hadde ifølge ferjedatabanken.no færre enn 100.000 passasjerer i 2019.

Kilde: Ferjedatabanken.no/statistikk

Men kuttforslaget frå fylkesdirektøren i Vestland kan spara fylket 19 millionar kroner som er i ein vanskelege økonomisk situasjon.

– 19 millionar er ein størrelse som har betydning når vi totalt skal spara inn ca. 100 millionar innafor kollektivområdet, det seier Rune Haugsdal, fylkesdirektøren i Vestland.

Han viser til at Vestland fylkeskommune har betydelege økonomiske utfordringar som dei må løysa, grunna høgare kostnader og høgare renter.

– Vi er nøydde til å gjera ein del innsparingstiltak no for å bringa budsjettet i balanse, seier Haugsdal.

Fylkesdirektøren seier at fylket allereie i dag får dekka billettinntektene frå staten, men at dei likevel har utgifter på sambandet som gjer at tilbodet bør kuttast.

Rune Haugsdal er fylkesdirektør i Vestland.

– Vi har forståing for at budsjettet må gå opp, men vi føler at distrikta må blø unødvendig mykje for desse innsparingstiltaka, seier Svartveit.

Ordførar i Ullensvang kommune, Roald Aga Haug (Ap) reagerer på kuttforslaget.

– Det er heilt horribelt å legga ned ei ferjestrekning her i Ullensvang. Vi treng ferja som bind kommunen saman, seier Aga Haug.

Om ei veka skal politikarane i fylket legga fram sine budsjettforslag.

– Eg er i dagleg kontakt med fylket og har sendt inn brev. Vi må bli høyrde i denne saka, seier ordføraren.

Ordførar i Ullensvang, Roald Aga Haug (Ap), er fortvila over kuttplanane.

LES MER:

Comments

https://lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations