Faremo trekker seg frå toppjobb i FN etter avsløringar

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Tidlegare toppolitikar Grete Faremo har trekt seg frå toppstillinga ho har hatt i FN.

Faremo trekker seg frå toppjobb i FN etter avsløringar

Tidlegare toppolitikar Grete Faremo har trekt seg frå toppstillinga ho har hatt i FN.

GÅR AV: Tidlegare Ap-minister Grete Faremo er ferdig som sjef i FN-organisasjonen UNOPS.

Publisert 08.05.2022, kl. 17.09
Oppdatert 08.05.2022, kl. 17.55

Faremo tenkt å gå av med pensjon i september, men ho har no sendt ut eit brev til dei tilsette i FN-organisasjonen UNOPS.

Der fortel ho at ho trekker seg med umiddelbar effekt.

NRK har vore i kontakt med Grete Faremo på SMS. Der stadfestar ho at ho har sendt ut eit brev til alle tilsette, og at ho ikkje vil kommentere saka ytterlegare no.

– Ingen andre kommentarar blir gjeve frå mi side no, skriv Faremo til NRK.

Sjølv om ho ikkje vil kommentere saka, så deler ho brevet ho sende ut.

Der skriv ho at ho alt 23. april tok kontakt med FN sin generalsekretær Antonio António Guterres om at ho kom til å trekke seg i haust.

No går ho av med brå verknad.

– Eg ønskte å heidre integriteten til ei FN-etterforsking. Vi ventar framleis på resultatet. Dei siste månadene har vore ei ekstrem belastning for alle, skriv Faremo i brevet.

– Utan å vite heile historia, skjedde det på mi vakt. Eg erkjenner ansvaret mitt og har bestemt meg for å trekke meg, skreiv Faremo i brevet til dei tilsette i UNOPS.

Ukrainske Vitaly Vanshelboim var nestkommanderande i UNOPS, men fekk sparken av Grete Faremo i desember i fjor.

Grete Faremo har vore bistandsminister, olje- og energiminister, justisminister og forsvarsminister i ulike Ap-leia regjeringar i Noreg.

I brevet til dei tilsette skildrar ho korleis ho bestemte seg for å avsetje ukrainaren Vitaly Vanshelboim frå stillinga som nestleiar i FN-byrået.

Årsaka var den pågåande etterforskinga.

– Eit sjokkerande tillitsbrot gjer vondt, og det har skaka organisasjonen djupt, skriv Faremo i brevet.

Ifølgje New York Times skal to FN-tilsette ha forvalta eit fond som plutseleg hadde 61 millionar dollar i overskot, som dei ikkje visste kva dei skulle gjere med.

Etter at dei møtte den britisk forretningsmannen David Kendrick på ein fest, skal dei ha fortrudd han med titals millionar dollar.

FNs revisor meiner at Kendrick skal ha misleghalde meir enn 22 millionar dollar, som eigentleg skulle vere brukt til å hjelpe utviklingsland.

Mellom anna skal dotter til forretningsmannen ha fått 3 millionar dollar for å produsere ein song, eit videospel og ein nettstad som fremjar forståing for miljøtruslar mot verdshava, skriv avisa.

I ei fråsegn i april FN sine revisorar, ifølgje avisa, sagt at «midlar er i fare, men til dags dato har ingen midlar gått tapt».

Dei ville «forfølgje alle moglege juridiske moglegheiter for å verne operasjonane og eigedelane sine, som inkluderer inndraging av uteståande betalingar».
LES MER.....

Comments

https://lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations