Telia om datainnbrot: – Privatpersonar er råka

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Kring 400.000 filar med kundeinformasjon blei lekka etter datainnbrot hjå Telia. No melder Telia at ein halv million privatkundar er råka.

Telia om datainnbrot: – Privatpersonar er råka

Kring 400.000 filar med kundeinformasjon blei lekka etter datainnbrot hjå Telia. No melder Telia at ein halv million privatkundar er råka.

HACKERANGREP: Telia Norge er utsatt for et datainnbrudd. Informasjon hentet fra selskapet er lagt ut på det mørke nettet.

I byrjinga av februar omtalte NRK eit datainnbrot hjå Telia, der omlag 400.000 filar blei publisert på det mørke nettet.

No melder Telia at privatpersonar med TV eller breidband og bedriftskundar er datakommunikasjonsløysingar er råka.

– Det er ingen tvil om at dette er ei større sak enn me trudde for nokon veker sidan, seier Bjørn Ivar Moen, administrerande direktør i Telia Norge i pressemeldinga.

–Kundar har fått namn, kontaktopplysingar og IP-adresser lagt ut på det mørke nettet, det er me oppriktig lei oss for, seier Moen.

Moen skriv at dei har kopla på betydelege ressursar for å handtera saka og avgrensa kadane av datainnbrotet.

– Me jobbar oss no gjennom materialet som er stole og lekka på nett og kontaktar forløpande dei av våre kundar som har fått sensistiv informasjon på avvege.

– For oss er dette no prioritet nummer èin.

Hackergruppa har sjølv hevda at den stolne informasjonen dei sit på utgjer 2,5 terabyte.

NRK har gått gjennom meir av informasjonen som er lekka. Den viser at det er store mengder sensitiv kommunikasjonsdata som er på avvege.

Delar av dette kan i verste fall sette sikkerheita til enkeltpersonar i fare.

NRK har nøye vurdert om vi skulle hente ut og omtale data som kriminelle har stjålet i et hackerangrep. Vi mener det er vår oppgave å vise hvor alvorlig det er når et teleselskaps data kommer på avveie, spesielt når det gjelder kommunale tjenester.

Via dataene ser NRK at hackerne har hatt tilgang både interne systemer i Telia, og kundedata. Bergen kommune er hardt rammet.

Av hensyn til vern og sikkerheten til dem som har vært i kontakt med kommunen, går vi ikke ut med detaljer om spesifikke telefonnumre eller nøyaktig hvilke avdelinger det gjelder.

Vi mener likevel det er pressens samfunnsoppgave å omtale omfang og mulig risiko knyttet til et slikt innbrudd, spesielt når det kan ramme både en hel kommune og enkeltpersoner.

Seint i februar blei det kjent at fakturaopplysingar om Bergen kommune sine telefonar var blant det lekka materialet.

Mellom anna tidspunkt for samtalar og meldingar til og frå kommunen sine telefonnummer.

Det er ikkje snakk om at det konkrete innhaldet i denne kommunikasjonen er lekka. Men lekkasjen viser kven som har ringt til eller blitt ringt av kommunen, og når.

Finansbyråd Eirik Tenfjord sa då at dei la til grunn at alle kommunen sine 10.000 telefonnummer var råka, og at Bergen var ein av 17 råka kommunar.

Informasjonssjef i Telia, Daniel Barholm, bekrefta 24. februar at fleire kommunar er nemnd i nokre av filene.

LES MER:                 ©NRK.NO

Comments

https://lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations