Dømd for seksuell trakassering av to kvinnelege fiskeriinspektørar

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Svein Magne Mienna er dømd til 12.000 kroner i bot for å hinte om det nordnorske omgrepet «haill». No ankar han saka.

Dømd for seksuell trakassering av to kvinnelege fiskeriinspektørar

Lykkelandet: "Det er slik respekten for "overmakta" forsvinner ?"

Svein Magne Mienna er dømd til 12.000 kroner i bot for å hinte om det nordnorske omgrepet «haill». No ankar han saka.

OPPGITT: Svein Magne Mienna er oppgitt over dommen i Vestre Finnmark tingrett.

Publisert 10.04.2023, kl. 15.05
Oppdatert 10.04.2023, kl. 16.53

– At å by ein kvinneleg inspektør opp til dans er seksuell trakassering er heilt idiotisk, seier Svein Magne Mienna.

I slutten av mars vart han i Vestre Finnmark tingrett pålagt ein bot på 12.000 kroner, for brott på paragraf 156 i straffelova, for trakassering av to kvinnelege fiskeriinspektørar.

Dei kom på jobben hans ved Nergårds fiskemottak i Breivikbotn på Sørøya for litt meir enn eitt år sidan.

Det var Fiskeribladet som først omtalte saka.

Og ifølge dommen sa Mienna at fiskeriinspektørane burde hoppe om bord i fiskebåten som låg ved kaia, og bidra til betre fangst. Her meiner retten at Mienna antyda til myten om «haill».

Det vil seie at dersom ein har seksuell omgang før ein drar ut på sjøen, vil ein ha betre fiskelykke.

Han bad også inspektørane om å danse swing med han.

Det skjedde, ifølgje Mienna, då han bad ein av inspektørane om å flytte seg da han køyrde truck.

– Det gjorde ho ikkje og eg bad ho om å flytte seg igjen, men ho brydde seg ikkje. Så seier eg på tull «skal vi ta ein dans». Eg kan ikkje forstå at det er sextrakassering, seier han.

– Det å be opp til dans og snakke om «haill» er sånn vi har snakka i fleire tusen år her oppe i Finnmark. Om dei ikkje forstår dette språket som blir snakka både på båt og på kaia, så må dei finne seg noko anna å gjere, seier Mienna.

Mienna har bestemt seg for å anke dommen.

Les også: Manglende intimsone, latterliggjøring og fysisk overgrep: Menn blir også seksuelt trakassert

Les også: Regjeringen forenkler reglene for de minste fiskebåtene – men Sisilie er ikke imponert

– Denne typen utsegn, som kvar for seg kan verke ganske harmlause, gjorde at dei opplevde å bli reduserte til berre «eit hokjønn på kaia», i staden for å bli anerkjend som fiskeriinspektørar.

Det seier førstestatsadvokat Hugo Henstein i Troms og Finnmark statsadvokatembeter. Han var aktor i straffesaka, og seier dette gjorde jobben deira vanskelegare å gjennomføre. Samt at hendinga gjorde at inspektørane søkte å unngå dette fiskemottaket.

PREVENTIV: Aktor i straffesaka og førstestatsadvokat i Troms og Finnmark, Hugo Henstein håpar denne dommen kan verke preventivt, slik at fleire kvinner kan søkje seg til, og bli i yrket utan å bli møtt med sjikane.

– Det var typisk at dette ikkje var åtferd dei ville møtt dersom dei kom saman med ein mannleg fiskeriinspektør, seier han.

Det meiner også direktør i Fiskeridirektoratet Frank Bakke-Jensen.

Han seier det er første gang dei har fått ein dom i ein slik sak, og at dei brukte litt tid på å bestemme seg for om dei skulle gå til sak eller ikkje.

– Det er i belastning å spekulere på om vi skal godta dette, eller om vi skulle gje beskjed om at slike kommentarar ikkje er ønskeleg. Då måtte vi bruke litt tid på å vege før og imot. Heldigvis, syns eg at vi kan seie, så landa vi på at vi ikkje vil at arbeidskvardagen skal vere sånn, seiar han.

– For oss er dette ein viktig dom. Han tek oss eit steg vidare for ein betre arbeidskvardag.

Han understrekar at det er mange seriøse aktørar i næringa, som tar slike ting på alvor.

Les også: Mange varsler ikke om seksuell trakassering: – Røde flagg

Med denne dommen får de setje lys på problemet med at offentlege tenestepersonar ikkje blir sett som det, men sett på som kvinner i enkelte miljø, meiner Bakke-Jensen.

– Vi har for ofte tilfelle av uakseptabel oppførsel og vi skal vere heilt ærleg på at for nokre år sidan hadde vi medarbeidarar som tolte mykje meir enn det dei burde tole. Men vi skal prøve å få korrigert det, seier han.

Svein Magne Mienna er oppgitt over at saka i det heile tatt enda i retten.

– Eg syns det er latterleg å bruke pengar frå den norske stat på ein bagatell. Det er jo ikkje bannskap ein gong. Å seie haill eller be opp til ein dans, det må dei kunne tole i den stillinga, seier han.

Les også: #Metoo: Fra Hollywood til sjarken

Les også: Færre kvinner vil bli fiskere, frykter trakassering er grunnen

STOLT: – Eg er veldig stolt over dei medarbeidarane som tok belastinga av å stå i dette her, for det er ikkje alltid like enkelt. Her er det tøffe inspektørar som tar eit tak for næringa, seier Frank Bakke-Jensen i Fiskeridirektoratet.

LES MER:

Comments

https://lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations