Bergen kommune har avdekt ein alvorleg teknisk feil i portal for bekymringsmeldingar

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Fleire store byar er råka av problemet som skal ha vart i årevis. – Dette er ekstremt alvorleg, seier byrådsleiar i Bergen kommune, Rune Bakervik.

Bergen kommune har avdekt ein alvorleg teknisk feil i portal for bekymringsmeldingar

Fleire store byar er råka av problemet som skal ha vart i årevis. – Dette er ekstremt alvorleg, seier byrådsleiar i Bergen kommune, Rune Bakervik.

Barnebyråd Line Berggren Jacobsen og byrådsleiar Rune Bakervik.

Vi rapporterer frå Bergen

Publisert 05.06.2023, kl. 08.42
Oppdatert 05.06.2023, kl. 11.00

Bergen kommune har oppdaga ein alvorleg teknisk svikt i systemet for bekymringsmeldingar til barnevernet.

Feilen er ikkje isolert til Bergen kommune, og kan potensielt gjelda 244 norske kommunar.

– Dette er ekstremt alvorleg, seier byrådsleiar i Bergen kommune, Rune Bakervik under pressekonferansen klokka 10 måndag.

Feilen har vore i systemet sidan september 2020, ifølge Visma.

– Me er kjende med 24 bekymringsmeldingar som ikkje har kome fram til barnevernet i Bergen. Tre av dei har me fått identifisert innhaldet i og følgt opp, seier Bakervik.

Bergen kommune ber no barne- og familiedepartementet om nasjonal gransking av saka.

Har du tips i saka?

Byrådsleiar Rune Bakarvik seier feilen er ekstremt alvorleg.

Det er systemet som leverer bekymringsmeldingar frå det nasjonale varslingssystemet til kommunane og dei lokale barnevernskontora som har svikta.

– Enkelte bekymringsmeldingar ha blitt sletta. Dei som har sendt dei inn har fått melding om at varslinga er mottatt, men barnevernet har aldri fått bekymringsmeldinga, forklarar byrådsleiar Bakervik.

Bergen kommune kjenner til bydel og tidspunkt for dei 21 forsvunne bekymringsmeldingane til barnevernet. Dei ber dei som kjenner seg att i dato og tidspunkt om å kontakta barnevernet på nytt.

25.02.2021 13:03:46 Bergenhus/Årstad

01.06.2021 10:42:25 Bergenhus/Årstad

09.09.2021 14:35:40 Fana/Ytrebygda

25.10.2021 13:21:28 Fana/Ytrebygda

25.01.2022 12:21:26 Fana/Ytrebygda

01.02.2022 10:39:57 Fana/Ytrebygda

09.02.2022 09:39:01 Fana/Ytrebygda

18.02.2022 14:47:10 Fana/Ytrebygda

04.04.2022 15:27:39 Bergenhus/Årstad

22.04.2022 10:53:10 Bergenhus/Årstad

28.07.2022 10:27:10 Bergenhus/Årstad

04.11.2022 13:33:16 Arna og Åsane

20.12.2022 13:41:36 Fyllingsdalen/Laksevåg

06.01.2023 15:17:26 Arna og Åsane

06.02.2023 09:49:06 Fyllingsdalen/Laksevåg

31.03.2023 13:47:25 Bergenhus/Årstad

31.03.2023 14:51:26 Fyllingsdalen/Laksevåg

03.04.2023 14:55:23 Bergenhus/Årstad

18.04.2023 14:48:18 Fyllingsdalen/Laksevåg

27.04.2023 11:57:03 Fana/Ytrebygda

02.05.2023 14:27:22 Fyllingsdalen/Laksevåg

– Det betyr at me har barn i byen som nokon har ynskja å melda bekymring om, men som me ikkje har blitt varsla om, seier barnebyråd Line Berggren Jacobsen.

Ho seier ho blei orientert om situasjonen førre torsdag. Feilen er no retta og dei jobbar med å få oversikt over kor mange som er råka.

– Bergen kommune ber alle som har sendt bekymringsmelding i denne tidsperioden om å ta kontakt, sjølv om dei har fått melding om at bekymringa er registrert, seier ho.

Sjå pressekonferansen i opptak her.

For å gjera det enkelt å senda bekymringsmeldingar til barnevernet, lagde KS i 2020 ein felles portal for å senda slike meldingar.

Portalen er kopla opp mot forskjellige system som kommunane brukar. Det er Visma som er leverandør av systemet.

KS seier til NRK at feilen ikkje ligg i deira portal, men i leverandøren sitt fagsystem.

– Feilen er at enkelte bekymringsmeldingar ikkje blir lagra i fagsystemet, seier Tristan Rolstad, avdelingsdirektør digitale fellestenester i KS.

– Kva er konsekvensen?

– Konsekvensen er at meldingar som er sende er borte. Det er ikkje snakk om data eller informasjon på avvege, men at meldingane ikkje er lagra, seier Rolstad.

Kommunikasjonsarbeidar Lage Bøhren i Visma stadfestar at det er deira system feilen gjeld.

– Det er eit fagsystem som heiter «Familia», som barnevernet brukar i ulike kommunar. Det er 244 kommunar som brukar den versjonen av systemet, seier han.

Datatilsynet stadfestar til NRK at dei er informerte om saka. Dei fekk inn ei avviksmelding frå Bergen kommune i mai, ifølge kommunikasjonsdirektør Janne Stang Dahl.

– Det er mykje me framleis ikkje veit, men når det berre i Bergen er 21 meldingar som er borte, er dette ei ekstremt alvorleg og stor sak, seier ho.

– Vil Datatilsynet gjera tilsyn mot Visma?

– Me følgjer opp saka no, og ho har prioritet hos oss. Eg kan ikkje seia noko no tilsyn.

– Kan det vera snakk om lovbrot?

– Det kan sjå ut som det har skjedd eit brot på personopplysningslova her. Dette jobbar vi med, og saka har prioritet hos oss.

Nasjonal portal for bekymringsmeldingar er ei nettside der personar kan melde inn bekymringsmeldingar om barn.

Systemet det no er oppdaga feil ved er ei digital teneste for å senda bekymringsmeldingar til barnevernet.

På nettsidene til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet kan ein senda inn digitale meldingar om barn ein er bekymra for.

«Hvis du er bekymret for om et barn får god nok omsorg, bør du sende en bekymringsmelding til barnevernet. Du trenger ikke å være sikker på at noe er galt for å melde fra.», står det på nettsidene.

«Vi anbefaler at du bruker digital bekymringsmelding for sikker innmelding til barnevernstjenesten.», står det vidare.

Visma opplyste først om at feilen kunne gjelda 300 kommunar. Dei har no korrigert talet til å gjelda 244 kommunar.

LES MER:

Comments

https://lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations