Alkoholloven: Myken destilleri sankar internasjonale priser men kan ikkje fortelje om det

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Whiskydestilleri måtte slette ein haug med bilde etter at Helsedirektoratet raida Facebooksida til cirka 100 aktørar på alkoholmarknaden. No går dei ut mot lovverket.

Alkoholloven: Myken destilleri sankar internasjonale priser men kan ikkje fortelje om det

Whiskydestilleri måtte slette ein haug med bilde etter at Helsedirektoratet raida Facebooksida til cirka 100 aktørar på alkoholmarknaden. No går dei ut mot lovverket.

SKRYTEVEGG: Denne veggen viser at bedrifta Myken Destilleri har vunne fleire internasjonale diplom og utmerkingar. Det er forbode, ifølge Helsedirektoratet.

Publisert 09.05.2023, kl. 19.37

– Om ein tolkar det veldig strengt, så har vi knapt lov til å seie at vi eksisterer, seier Roar Larsen.

Han er dagleg leiar ved Myken Destilleri, på øya Myken, langt ute i havet på Helgelandskysten.

Destilleriet blei starta opp av ein venegjeng i 2014. Dei kjøpte eit nedlagt fiskebruk og bestilte produksjonsutstyr frå Portugal.

Myken har verdas første arktiske whiskydestilleri. Bedrifta er ein av dei største produsentane av whisky.

No produserer dei 25.000 liter whisky i året. Dei har vunne ei rekke medaljar og utmerkingar for varene dei leverer, og deler dette til følgarane sine på Facebook.

Men det må dei slutte med, meiner Helsedirektoratet.

Før jul hadde dei ein gjennomgang på bedrifta sine sosiale kanalar, og gav klar beskjed om at ei rekke bilde og postar måtte slettast.

– Vi er ein ung og fersk industri i Noreg som slit i motbakke fordi vi ikkje kan fortelje folk at vi er der, seier Larsen.

TURISME: Roar Larsen meiner Myken, og andre destilleri, har stort ubrukt potensial for å bidra til arbeidsplassar og turisme.

Larsen er tydeleg på at han ikkje ønsker å oppheve eit reklameforbod mot alkohol.

Men slik reglane blir tolka i dag, meiner han at dei får ein ekstra motbakke i forhold til sine utanlandske konkurrentar, fordi dei kan bygge ei følgarskare på ein heilt annan måte.

– I dag er det på sosiale medium at folk oppdagar nye ting, får idear og høyrer historia til bedrifter og menneske. Når vi i praksis er avskore frå å gjere ting der, blir det avgrensande frå det vi eigentleg held på med.

DELING: Dette innlegget får bedrifta beskjed om å slette, fordi dei deler ei lenke til ein video der fire menn snakkar positivt om dei.

ALKOHOL: Dette bildet må slettast fordi det blir sett på som ei oppfordring til å drikke alkohol.

Det ligg framleis bilde ute på Facebook-profila til Myken Destilleri. Dette eksempelet er heilt i gråsona, innrømmer Roar Larsen, som synest det er vanskeleg å vite kor grensa går.

Statleg monopol i fleire tiår

Brennevinsbransjen er ganske ny i Noreg. I fleire tiår har det vore monopol i Noreg og berre staten som har drive produksjonen av brennevin.

I 2005 slapp dette taket, og det har no myldra opp fleire handverksdestilleri i landet. Det er alt frå mindre produsentar som gjer det på si, til dei større aktørane.

Les også: En øl om dagen er greit, men «lykkepromillen» bør du ikke overstige

I dag er det om lag 35 slike destilleri rundt om i Noreg. Og det er fleire som vinn gjeve prisar utan å kunne fortelje det.

Blant andre Det Norske Brenneri.

– Vi føler nok av og til at vi lagar noko som blir knytt til forbodstida. Det er ikkje så mykje applaus å høyre frå politikarar rundt om kring når vi skapar nye arbeidsplassar.

Det seier Odd Johan Nelvik, gründer i Det Norske Brenneri. Det er ein litt større aktør enn Myken Destilleri, som også har gjeve utmerkingar å vise til.

Odd Johan Nelvik, gründer i Det Norske Brenneri.

Nelvik krev heller ikkje at dei skal få lov til å reklamere for varene sine.

– Men det har ikkje skjedd noko med desse lovene sidan 1970-talet. Det vi vil er at myndigheitene ser på desse lovene på nytt.

Slik det er i dag, kan samanliknast med å køyre 30 kilometer i timen på ein motorveg:

Les også: Det er ulovlig for Craig å fortelle hva bedriften hans gjør på kveldstid

– Det klarar du ikkje veldig lenge før du må bryte fartsgrensa, og då mister ein respekten for lova. Det er det som skjer her no, seier Nelvik.

I fjor vann bedrifta i kategorien Årets Gin, eller «Gin of the year» i USA.

I bransjen er det litt som å vinne verdsmeisterskapet.

Lyng-ginen frå Det Norske Brenneri stakk av med gjeve internasjonale prisar i fjor.

Over 2000 brennevinsmerke frå heile verda deltok. Dommarar luktar og smakar seg gjennom alle innsende bidrag.

Dei vann også prisen for «Spirit of the year». Med det danka dei ut konjakkar frå Frankrike og vodkaer frå Russland.

Men prisen kunne dei ikkje fortelje om på sosiale medium. Dei har heller ikkje lov å henge opp bilde av produktet som viser medaljen på flaska.

Les også: Helseministeren meiner 🍹-emoji er alkoholreklame. Frp: – Tullete byråkratisk idioti

Kontrollen som Helsedirektoratet utførte, avdekka det dei meiner er salsfremmande og positiv omtale av alkohol og indirekte oppfordring til alkoholbruk.

Vidare bilde av alkoholhaldige produkt og ord og uttrykk som gir ei positiv framstilling av alkohol og verksemda.

– Innhaldet på firmaet sine Facebooksider er ikkje i tråd med reklameforbodet, konkluderer Giæver.

Avdelingsdirektør Øyvind Giæver seier at alkohollova slår fast at alle former for marknadsføring av alkohol overfor forbrukarane er forbode.

Myken var ikkje den einaste bedrifta som fekk reaksjonar frå Helsedirektoratet. Dei som blir valt ut, blir valt basert på tre ting, forklarar Giæver.

– Om dei hadde profilar i sosiale medium, for det andre kor mange følgarar dei hadde, og for det tredje tal på omsetning.

Særleg i sosiale medium fann dei ein god del brot på lova, opplyser Giæver.

– Det var mange mindre brot på Facebook og Instagram. I sosiale medium har det å gjere med at det er relativt lite som er lov der, seier Giæver.

Både Larsen og Nelvik ønsker at myndigheitene skal sjå at dette er ei næring i vekst, som gir arbeidsplassar og turisme.

Slik som i Skottland, for eksempel.

MYKEN: På det vesle fiskeværet Myken bur det om lag 12 innbyggarar. Øya har verken biltrafikk eller meir enn 800 meter veg.

– Sjå kva dei har fått til. Whisky er den største eksportnæringa i Skottland. Det er den største turistnæringa i Storbritannia utanom London. Vi skal skape inntekter i Noreg og då ønsker vi at nokon i alle fall lyttar til oss, seier Nelvik.

Ifølge Scotch whisky association fekk skotske destilleri besøk av 2 millionar turistar i 2019.

På Myken, med sine 12 innbyggarar, hadde dei i sommarsesongen besøk av 1500 personar på destilleriet.

– Potensialet er mykje større om vi hadde hatt lov til å vere litt meir open om det vi gjer, seier Larsen.

På Myken meiner dei at Helsedirektoratet er i overkant firkanta?

– Det ville ha vore vanskeleg – og urettferdig – å handheve ein rund og litt omtrentleg tolking av eit forbod. Kvar ein må sjølvsagt stå fritt til å meine at det norske forbodet mot alkoholreklame er for strengt forma ut, svarar Giæver.

– I så fall er Stortinget og departementet rett adresse. Helsedirektoratet har berre ansvar for fortolking og handheving, legg han til.

Ifølge norsk lov, § 9–2. Reklame for alkoholhaldig drikk, er det forbode å reklamere for alkohol. Dette forbudet inneber også at alkohol, eller kjenneteikn på alkoholhaldig drikk, er på annonsebilde.

Avdelingsdirektør Øyvind Giæver seier at alkoholloven slår fast at alle former for marknadsføring av alkohol overfor forbrukarane er forbode.

– Utgangspunktet er at importørar og produsentar berre kan marknadsføre produkta sine overfor andre bransjeaktørar, som for eksempel sals- og skjenkestader.

I tillegg er det et unntak frå regelen som gjør det mogeleg for alkoholaktørar å gi faktabasert informasjon om alkohol – men dette skal berre gjerast på egne heimesider, ikkje på sosiale medium.

– Årsaka til denne distinksjonen er at publikum aktivt oppsøker produsentens nettside, mens man på sosiale medium kan bli eksponert for innhald man ikkje sjølv har bedt om – som for eksempel at barn blir eksponert for informasjon om alkohol.

Helse – og omsorgsdepartementet vil gjere det enno strengare å bryte forbodet mot alkoholreklame. Akkurat no er eit nytt forslag ute på høyring. Fristen for å svare går ut tysdag denne veka.

– Forskrifta som no er på høyring inneheld blant anna forslag til regler for å fastsette storleiken på lovbrotsgebyret.

Her foreslår departementet at Helsedirektoratet kan pålegge lovbrotsgebyr på inntil 5 prosent av årleg omsetning.

– I dag løpar aktørane ingen økonomisk risiko ved å bryte reklameforbodet, dersom dei berre retter lovbrotet etter pålegg. Når dei nye reglane er sett i verk kan Helsedirektoratet pålegge gebyr for brot som allereie har skjedd, seier statssekretær Ole Henrik Krat Bjørkholt.

Les også: Flere influensere bryter loven

LES MER:

Comments

https://lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations