«Aggressiv tilnærming»: Finnmarkssykehuset har kurs i å opponere mot sjukmeldingar

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Mens sjukefråværet stig, vil Finnmarkssykehuset sende leiarane sine på kurs i å opponere mot sjukmeldingar. Legeforeininga meiner det er ei aggressiv tilnærming til problemet.

«Aggressiv tilnærming»: Finnmarkssykehuset har kurs i å opponere mot sjukmeldingar

Mens sjukefråværet stig, vil Finnmarkssykehuset sende leiarane sine på kurs i å opponere mot sjukmeldingar. Legeforeininga meiner det er ei aggressiv tilnærming til problemet.

Paul Olav Røsbø i Finnmark Legeforening meiner Finnmarkssykehuset må erkjenne at arbeidsgivaren har skapt auka sjukefråvær.

– Berre det å kalle eit kurs for «bestridelse av sjukmelding», viser jo at dei vil nærme seg sjukefråværsproblemet på ein hard måte, og ikkje i samarbeid med tilsette.

Paul Olav Røsbø er leiar i Finnmark Legeforening, og har fått mange innspel frå medlemmene sine om den harde omstillinga ved Finnmarkssykehuset.

Sjukefråværet har auka og er på 10 prosent dei første sju månadene i år.

Tillitsvalde seier til NRK at høgt arbeidspress er ei viktig årsak.

Røsbø støttar dei:

– Omstillingsprosessar er tunge. Den i Finnmark har kanskje vore unødvendig tung ved at vi har enda opp i eit samarbeidsklima der det er laber tillit mellom fagfolk og leiing.

– Kva er det som har øydelagt tilliten?

– Vi som fagfolk og fagforeiningar er ikkje motpartar. Vi er eigentleg ein samarbeidspart. Vi skal spele arbeidsgivar god, seier han.

– Arbeidsgivar har brukt veldig mykje tid og skrytt veldig mykje av kor lyttande dei er. Men i veldig liten grad, blir innspela våre tatt i betraktning. Og då sit vi med ei kjensle av at vi blir lytta , men ikkje til.

Røsbø er glad for at sjukehuset tar i bruk fleire tiltak for å redusere sjukefråværet, men synest eit kurs i bestridelse av sjukmelding er provoserande.

Røsbø seier det er vanskeleg å vite noko om at kurs som verken han eller nokre av medlemmene har gått.

– Men med tanke på måten ting har vore handtert på i omstillingsprosessen fram til no, så må eg berre innrømme at eg forventar at det er omtrent så hardt som overskrifta på kurset er.

– Vi håpar at dette ikkje er så dramatisk som det ser ut til. Men eg synest kanskje det er ei litt aggressiv og feil tilnærming til sjukefråværet.

Røsbø meiner arbeidsgivaren må ta omsyn til at dei tilsette har hatt det vanskeleg under omorganiseringa.

– Når sjukefråværet blir skapt av arbeidsgivar, då får vi ei utfordring. For då blir arbeidstakar veldig svak i møte med arbeidsgivaren sin.

HR-sjef Kenneth Grav i Finnmarkssykehuset avviser at kurset varslar ei hardare linje overfor dei tilsette.

Han ser ikkje for seg at dei vil avvise sjukmeldingar oftare enn før, no som sjukefråværet har auka.

– Det er veldig sjeldan vi går og avviser ei sjukmelding. Og før vi eventuelt avviser ei sjukmelding, har vi også ein god dialog med den tilsette og tillitsvalde om vi er usikre, seier Grav.

Usikkerheita kan mellom anna oppstå dersom dei tilsette har fleire arbeidsgivarar, slik ein del legar har.

– Vi ser at tittelen kan gi eit misvisande inntrykk. Men innhaldet handlar i all hovudsak om korleis arbeidsgivarar i samarbeid med Nav skal følge opp sjukefråvær når det oppstår usikkerheit.

– Så det er ikkje dermed sagd at det er noko mistillit mot tilsette no. Tvert imot: Vi ønsker at leiarane våre skal følge opp usikkerheit på ein veldig god måte.

LO-leiar Kine Asper Vistnes vil avgrense retten arbeidsgivarane har til å opponere mot sjukmeldingar.

LO-leiar Kine Asper Vistnes deler likevel skepsisen som Finnmark Legeforening gir uttrykk for.

– Å arrangere slike kurs er feil veg å gå for få ned fråværet, seier Vistnes.

Ho meiner høgt sjukefråvær bør løysast med målretta HMS-arbeid.

Kurset signaliserer ei mistenkeleggjering av arbeidstakarar utan grunn, synest ho.

– Eg meiner dette kurset er med på å svekke både tilliten mellom kvar enkelt arbeidstakar og arbeidsgivar, og tilliten i partssamarbeidet lokalt. Det betyr jo at leiinga meiner at sjukmelding på feil grunnlag er eit stort problem, elles ville dei ikkje sett i gang kurset.

LOs haldning er at ei sjukmelding frå ein lege må reknast som god nok dokumentasjon på sjukdom.

Fleire LO-forbund har tatt opp konkrete saker som har vore svært belastande for arbeidstakarane.

– Det aller vanskelegaste har for enkelte vore at dei har stått utan inntekt fram til saka har vore avklart i Nav. Det kan ta lang tid. Derfor meiner LO at arbeidsgivars rett til å opponere mot sjukmeldingar bør innskrenkast, seier Vistnes.

LES MER:      ©NRK.NO

Comments

https://lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations