Frp fremjar forslag i Stortinget om Nav-ombod

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Framstegspartiet legg i dag fram forslag i Stortinget om å opprette eit Nav-ombod, som skal hjelpe menneske som møter veggen i forholdet til Nav.

1. Frp fremjar forslag i Stortinget om Nav-ombod

Framstegspartiet legg i dag fram forslag i Stortinget om å opprette eit Nav-ombod, som skal hjelpe menneske som møter veggen i forholdet til Nav.

Erlend Wiborg (Frp) legg fram forslag i Stortinget om å etablere eit eige ombod for Nav-klientar.

Publisert 04.02.2020, kl. 07.34
Oppdatert 04.02.2020, kl. 08.10

Artikkelen er mer enn to år gammel.

Erlend Wiborg (Frp) er leiar for Arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget. Han ventar støtte frå regjeringspartia for forslaget, sidan ei utgreiing av Nav-ombod var eit punkt på Granavolden-erklæringa. Dette var eit viktig gjennomslag for Frp, seier han.

Granavolden-erklæringa var grunnlaget for Solberg II-regjeringa, der Framstegspartiet var med saman med Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre. No har Frp gått ut av regjeringa, og partiet vil ikkje lenger følgje denne plattforma.

Wiborg har merka seg at Erna Solberg har sagt at den nye trepartiregjeringa skal styre etter grunnlaget frå Granavollen.

 

Nav-skandalen

Gjenopptakelseskommisjonen har bestemt at 36 mennesker som er dømt for trygdemisbruk, får sakene sine opp til ny behandling. Over 7000 trygdemottakere har fått omgjort sine saker etter at Navs feiltolkning av EØS-reglene ble avslørt i 2019.

Hvem har trygdeskandalen rammet og hvilke feil er gjort? NRKs Astrid Randen forklarer.

– Vi veit at mange stangar hovudet i veggen i møte med byråkratiet i Nav. Vi har fått tilbakemeldingar om dette i lang tid, og så kom også den siste Nav-skandalen. Enkeltmennesket treng nokon som talar deira sak og hjelper når dei står fast, seier Erlend Wiborg til NRK.

Han trur det er fleirtal i Stortinget for å innføre eit Nav-ombod.

– Dette har vore ei kampsak for Frp i mange år. Dette er sannsynlegvis det enkelttiltaket som vil ha størst effekt. Vi fekk gjennomslag for ideen i Granavolden, og då ventar eg at regjeringa støttar forslaget vårt, seier Wiborg.

I eit intervju med Dagbladet seier arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen at han har sett ned ei

liste på ti punkt

for å rydde opp i Nav. Innføring av eit Nav-ombod står ikkje på denne lista.

NRK forklarer Kva er trygdeskandalen?

Bla videre Ei rekke nordmenn er straffa fordi dei fekk støtte frå Nav medan dei var i utlandet.

Minst 80 kan vere feildømte i retten. Rundt 4100 saker er feilbehandla. Dette er trygdeskandalen. 

Dei som har fått sjukepengar, arbeidsavklaringspengar eller pleiepengar - og som reiste til andre europeiske land.

Nav stilte krav om at dei som fekk slik støtte måtte opphalde seg på norsk jord. Men EØS-avtalen slår fast at alle kan bevege seg fritt.

Mange. Nav, regjeringa, domstolane, Stortinget, politi og påtalemakt har alle hatt feil forståing av reglane. 

Reglane har vore tolka feil sidan det kom eit nytt EU-regelverk i 2012. Kanskje var det gjort feil også før det.

Alle sakene blir gjennomgått. Dei som er ramma ventar på å få pengane tilbake. Eit granskingsutval har undersøkt korleis det kunne skje.

Dette er trygde­skandalen

Forrige kort Trygdeskandalen Neste kort – Ser på ombodsfunksjonen

Heidi Nordby Lunde (H) vil ikkje love støtte til forslaget frå Frp, men seier at regjeringa vil ha ei utgreiing om ombodsfunksjon for Nav.

Høgre-representant i Arbeids- og sosialkomiteen, Heidi Nordby Lunde, vil ikkje love full støtte til Frp-forslaget.

– Når vi skal følgje opp Nav-saka, så skal vi sjå på ombodsfunksjonen. Ikkje nødvendigvis eit eige Nav-ombod, men det kan til dømes ligge under pasientombodet i helserelaterte saker. Og vi har også andre tryggingsmekanismar som også skal ta vare på Nav-klientane, seier ho.

Ho meiner det er naturleg å greie ut ombodsfunksjonen, og seier at det kan hende at regjeringa vil lande på ei full ombodsløysing.

– Eg har merka meg at Frp går inn for eit fullt ombod, men eg har lyst til å minne om at dei har gått ut av regjeringa. Sjølv om regjeringa seier at dei følgjer Granavolden-erklæringa, så merker eg meg at Frp ikkje har tenkt å følgje denne. Og det synest eg bør vere til refleksjon, avsluttar Heidi Nordby Lunde.

Avslører den mest typisk norske verdien

Regjeringen oppretter ny nemnd som skal behandle krav etter trygdeskandalen

Erlend Wiborg er klar på at det er viktig for Frp at enkeltmenneske får det dei har rett på i møte med Nav, og at alle skal behandlast skikkeleg.

Wiborg fortel at partiet ikkje har låst seg til ein modell for korleis eit Nav-ombod skal arbeide. Det kan vere eit sentralt ombod, men det kan også vere aktuelt med fylkesvise Nav-ombod som opererer saman med pasient- og brukarombodet.

– Vi treng tilbakemeldingar frå brukarane, men vi har tidlegare foreslått eit Nav-ombod saman med Pasient- og brukarombodet. Dette fordi mange som har bruk for Nav også har helsemessige utfordringar, og vi må sjå dette i ein samanheng, seier komiteleiaren til NRK.

Nye tall: 78 personer antas feilaktig dømt i trygdeskandalen

Riksadvokaten kaller trygdeskandalen kollektiv sløvhet

Ei oversikt over brev og møter mellom Arbeids- og sosialdepartementet og Nav i forbindelse med trygdeskandalen.

Nav gir Arbeids- og sosialdepartementet ei foreløpig orientering om brevet Trygderetten sende 19. november om feil praktisering av EUs trygdeforordning.

Alle klagesaker om fleire korte opphald i EØS-området blir sette på vent medan ein prøver å forstå regelverket.

Departementet blir formelt orientert om at Trygderetten vurderer å sende spørsmål om korleis Nav praktiserer artikkel 21 i EUs trygdeforordning til EFTA-domstolen.

Nav orienterer Arbeids- og sosialdepartementet om saka i eit møte.

Arbeids- og sosialdepartementet sender eit brev til Nav der dei ber direktoratet gjer greie for praksisen til etaten og vurdere om forståinga av artikkel 21 er i tråd med forordninga. Same dag sender Nav eit brev til departementet der dei skriv at dei vil gjere endringar i korleis dei tolkar artikkel 21 i framtida.

Arbeids- og sosialdepartementet sender ein e-post til Nav for å orientere om at det kjem eit brev i mars.

Den delen av Nav som jobbar med å avdekke og anmelde trygdesvindel seier at dei set saker med nordmenn som har vore på korte opphald i EØS-området på vent.

Arbeids- og sosialdepartementet sender eit brev til Nav der dei gir tilslutning til den nye praksisen som går ut på at ein ikkje skal stanse eller avslå støtte når nordmenn er midlertidig i eit anna EØS-land.

Dei tilsette i Nav får beskjed om den nye praksisen, og blir bedne om å setje saker der støtte blir kravd tilbake på vent.

Nav sender den siste politimeldinga om trygdesvindel basert på gammal praksis til påtalemakta. Denne blei kjent for Arbeids- og sosialdepartementet først 25. oktober 2019.

Nav sender eit brev til Arbeids- og sosialdepartementet om korleis dei har endra praksis for ulike typar støtte.

Nav sender ein e-post til Arbeids- og sosialdepartementet der dei orienterer om at feiltolkinga kan omfatte fleire saker enn det ein har trudd tidlegare. I den interne gjennomgangen i Nav kjem det fram at artikkel 21 heller ikkje har vore vurdert ved lengre midlertidige opphald i andre EØS-land.

I ein e-post frå Nav skriv dei at dei treng eit møte med Arbeids- og sosialdepartementet. Departementet får for første gong vite at folk kan ha sona i fengsel på grunn av feil praksis av regelverket.

Nav orienterer Arbeids- og sosialdepartementet om status i saka. Men dei var framleis usikker på om lova var brukt feil, og seier dei vil be påtalemakta om pågåande saker lbir sett på vent.

Den siste saka som er basert den gamle tolkinga av lova går for retten.

Nav sender brev til alle politidistrikta der dei ber om at saker som er melde, men der det ikkje er teke ut tiltale, blir sette på vent.

Nav har ein uformell kontakt med Riksadvokatembetet om saka. Riksadvokaten får det formelle varselet om feilen i oktober.

Mellom 18. og 25. oktober har Nav og Arbeids- og sosialdepartementet tre møter for å få ei avklaring på korleis lovverket skal tolkast. På det siste møtet deltek Nav-direktør Sigrid Vågeng og arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie.

I eit brev Nav har sendt til Arbeids- og sosialdepartementet konkluderer dei med at tidelegare lovtolking av forordninga ikkje har vore rett, uavhengig av lengda på opphaldet.

Trygderetten sender eit brev til Arbeids- og sosialdepartementet der dei gjer greie for sakene dei har behandla etter at forordninga blei sett i kraft i 2012.

Arbeids- og sosialdepartementet sender brev til Nav der dei orienterer om korleis dei skal følge opp saka for å rette opp i dei feila som er gjort.

ESA sender eit brev til Arbeids- og sosialdepartementet der dei ber om ei utgreiing av tolkinga av artikkel 21 i EUs trygdeforordning, og korleis denne er praktisert.

Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie orienterer Stortinget om trygdeskandalen. Ho varslar også ei ekstern gransking av det som har skjedd.

Professor i Europa-rett ved UiO, Finn Arnesen, skal lede et granskingsutval på sju personar som skal finne ut korleis reglene kunne bli tolka feil.

I et brev frå arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie til Stortingets kontroll- og konstitusjonskomiteen kommer det frem at Nav allerede i februar var klar over at trygdeskandalen omfatta straffesaker.

Raudt-leder Bjørnar Moxnes gjør det klart at partiet fremmer mistillitsforslag mot Anniken Hauglie. Når Stortinget stemmer over forslaget 27. november, er det berre Moxnes som stemmer for.

Statsminister Erna Solberg ber alle statsrådane i regjeringa om å gå gjennom sine departement og underliggande etatar for å sjekke om de har tolka EØS-regelverket galt.

Kjersti Monland går av som ytelsesdirektør etter trygdeskandalen. Bjørn Lien, daverande direktør for Nav Innlandet, overtek etter Monland.

I eit brev som blei sendt frå Nav til Arbeids- og sosialdepartementet i juni 2018, men som først blei oversendt Stortinget nå, drøftar Nav forholdet mellom norsk lov og EUs trygdeforordning artikkel 21. Nav ber om ei tilbakemelding på sin tolking og praksis, men brevet blir i staden liggjande i ein skuff. – Eg beklagar overfor dei som er råka, seier Anniken Hauglie.

Statsminister Erna Solberg seier på si halvårlege pressekonferanse at regjeringa opprettar ei ny nemnd som skal behandle eventuelle klager på erstatningskrav som spring ut av saka.

Ei ny oversikt frå Setteriksadvokaten viser at 78 personar truleg er feilaktig dømde i trygdeskandalen. Samstundes opplyser han at talet kan vere høgare.

Del på Twitter Del på Twitter Del på epost Del på epost

 

Fakta om trygdeskandalen Ekspandér faktaboks

  • Siden 2012 eller før har Nav feiltolket en EU-forordning som gir rett til å ta med seg sykepenger, arbeidsavklaringspenger og pleiepenger til andre EØS-land. Feiltolkningen kan også gå lenger tilbake.

    Minst 78 personer antas å være uriktig dømt for trygdesvindel på grunn av feil rettsanvendelse.

    Av disse er 48 personer idømt ubetinget fengsel. De resterende er enten idømt betinget fengsel eller samfunnsstraff.

    I underkant av 2.000 trygdemottakere har urettmessig fått krav om tilbakebetaling. Nav har omgjort en rekke feilaktige saker og hadde i midten av februar utbetalt rundt 34 millioner kroner til folk som har fått urettmessige krav.

    Riksadvokaten har bedt Nav om å avklare om feilen også gjelder andre trygdeytelser, samt om den gjelder lenger tilbake i tid.

    Nav konkluderte 22. januar med at det ikke er funnet feiltolkninger av EØS-regelverket for andre ytelser.

    Regjeringen har nedsatt et utvalg som skal granske saken og levere sin rapport innen 1. juni.

    Samtidig har Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité hatt sin egen gransking av saken. Komiteen valgte å gå inn for sterk kritikk av regjeringen. Dette er den sterkeste formen for kritikk, før mistillit.

    Før tidligere arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H) gikk av i januar, hadde Rødt, SV og MDG varslet mistillit mot henne. SV har uttalt at de i stedet vurderer et såkalt daddelvedtak – den sterkeste formen for kritikk Stortinget kan gi uten å fremme mistillit – direkte mot statsminister Erna Solberg (H).

    Kilde: NTB

Comments

https://lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations