Tilbakebetaling av uføretrygd: Guri Anne fekk krav om å betale tilbake trygd då ho fekk fast jobb

TeamXon.com - Automatic
Business.no+

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Nav-brukarar reagerer på rekninga som dumpa ned i postkassa rett før jul. Handikapforbundet meiner folk som får seg jobb blir straffa.

1. Tilbakebetaling av uføretrygd: Guri Anne fekk krav om å betale tilbake trygd då ho fekk fast jobb

Nav-brukarar reagerer på rekninga som dumpa ned i postkassa rett før jul. Handikapforbundet meiner folk som får seg jobb blir straffa.

– URETTFERDIG: Guri Anne Egge er svært glad for å vera i fulltidsarbeid, men kallar det teit at Nav dermed krev 40.000 kroner tilbake frå då ho var uføretrygda.

Vi rapporterer frå Bergen

Publisert 16.12.2022, kl. 16.24
Oppdatert 16.12.2022, kl. 16.35

– Det er kjipt at når eg endeleg har fått meg lønna arbeid – litt meir å rutta med – så må eg betala tilbake. Det er urettferdig og veldig merkeleg, seier Guri Anne Egge (40).

Ho jobbar på bergenskontoret til selskapet Medvind. Firmaet gir brukarstyrt personleg assistanse (BPA) til menneske med stort hjelpebehov i kvardagen.

Sjølv har Egge cerebral parese og har vore uføretrygda heile livet. Men i april i fjor klarte ho å byrja i full jobb, etter nokre månadar i halv stilling.

Halvanna år seinare kom eit krav frå Nav:

– I november fekk eg eit «koseleg» vedtak om at eg må betala tilbake rundt 40.000 kroner. Det er uføretrygd eg fekk i januar, februar og mars i fjor.

Trygda som ho var avhengig av dei tre månadane, mister ho dermed med tilbakeverkande kraft.

No vekker Nav-praksisen reaksjonar.

Nav krev at Guri Anne Egge må betala tilbake tre månadars uføretrygd ho fekk før ho byrja i full jobb.

Det same fekk også Arne Olav Grønbech Hope i Haugesund oppleve.

Han var i mange år ufør etter eit stygt fall, før han fekk jobb i BPA-selskapet Mio i september 2021.

– Nav gav meg ein «førjulspresang» i år: ei rekning på 37.000 kroner. Det opplevast som ei straff og eit sjokk. Logikken er eg veldig usamd i.

Han seier det har skjedd med mange i same situasjon som han, og får støtte frå Noregs Handikapforbund.

Regionleiar Arild Birkenes i Norges Handikapforbund Sørvest meiner regelen er svært urimeleg.

– Dette er ein måte å handtera uføretrygda som me reagerer sterkt på.

Arne Olav Grønbech Hope fekk krav om å betala tilbake 37.000 kroner etter at han slutta med uføretrygd i september.

Nav har forklart at slik er lova og reglane:

Tidlegare uføretrygda må altså betala tilbake trygd som dei hadde rett på før dei byrja i jobb.

Handikapforbundet er samde i at ein ikkje skal ha full uføretrygd og jobba fullt.

– Uføretrygd har ein fordi ein ikkje kan arbeida. Men det som skjer her, er jo at du får ein jobb og må returnera trygda du hadde. Det er heilt feil.

Birkenes samanliknar dette med arbeidssøkarar som får dagpengar.

– Viss arbeidsledige hadde blitt utsette for eit slikt etteroppgjer, hadde ein som fekk jobb i mars fått krav om refusjon av dagpengane for januar og februar.

Arild Birkenes i Norges handikapforbund meiner uføretrygda blir straffa økonomisk for å ha fått seg jobb.

Seksjonssjef Bente Thori-Aamot i Nav har svart NRK skriftleg:

– Viss den pensjonsgjevande inntekta i løpet av eit kalenderår utgjer meir enn 80 prosent av inntekta før du vart ufør, har du ikkje rett til utbetaling det aktuelle kalenderåret. Då skal utbetalingar i same kalenderår betalast tilbake.

– Også dersom ein sluttar å ta imot trygd i løpet av kalenderåret?

– Det finst eit unntak. Dette kan gjelda personar som startar i arbeid i byrjinga av året. Viss du fyller vilkåra i unntaket, vil det ikkje bli kravd tilbake uføretrygd du fekk utbetalt i til dømes januar og februar, skriv Nav.

Nav skriv til NRK at pr. 1. desember hadde 21.285 personar fått varsel om tilbakekrevjing, i gjennomsnitt 25.000 kroner. Dette inkluderer både personar som har slutta og held fram med uføretrygd.

Når det gjeld «kvifor lovverket er som det er», viser dei Nav til Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Sjå heile svara frå Nav nedst.

Les også: Historisk mange unge uføre – ingen greier å få tallet ned

Statssekretær i Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Tomas Norvoll (Ap), seier Nav har høve til å visa skjønn i slike saker.

– Viss ein uføretrygda får seg jobb litt ut i året, har Nav høve til å ikkje krevja tilbakebetaling. Men ikkje viss det gjentar seg i fleire år. Då er det «sesongarbeid», og ein mister heile eller delar av uføretrygda.

– Kvifor krev Nav tilbakebetaling av uføretrygd, men ikkje av dagpengar?

– Fordi uføretrygd er ei årleg yting. Du får den for eit heilt år. Dagpengar er ei løpande yting.

– Handikapforbundet meiner Nav straffar uføre som får jobb?

– Me er opptatt av at ein her brukar skjønn, slik at me får flest mogleg frå uførleik til arbeid. Det er ein god ting.

– Men viss ein hadde behov for og rett til uføretrygd, korleis kan Nav behovsprøva det med tilbakeverkande kraft?

– Fordi det er ei årleg yting. Men viss dette slår skeivt ut, er det høve til å fråvika frå regelen.

Han meiner derfor at lovverket ikkje treng å endrast.

Navs første svar til NRK:

«Det er inntekt for hele kalenderåret som legges til grunn i etteroppgjøret for uføretrygd. Hvis du informerer NAV om forventet inntekt for kalenderåret før året starter, skal du få en jevn reduksjon i uføretrygden hele kalenderåret. Hvis du informerer NAV om en inntektsendring i løpet av kalenderåret, skal reduksjonen fordeles på gjenværende del av året. Endringer i uføretrygden foretas fra måneden etter at du gir NAV slik informasjon. Utgangspunktet er altså en løpende justering av uføretrygden basert på løpende inntekt fra vanlig arbeid.

Når NAV mottar opplysninger fra A-ordningen om at noen har tjent over inntektsgrensen eller forventet inntekt, kan uføretrygden reduseres. Endringen skjer fra måneden etter at NAV mottar opplysninger fra A-ordningen.

For de som starter i arbeid i begynnelsen av året og tjener over 80 % av den oppjusterte inntekten de hadde før uføre, finnes det noe som heter unntak fra tilbakekreving ved arbeidsforsøk. Kommer en under denne kategorien, vil de ikke bli krevd tilbake den uføretrygden en fikk utbetalt i f.eks januar og februar. (Det står mer om dette i rundskrivet til § 12-14. Kommentarer til forskriftsbestemmelser til § 12-14 – Forskrift om uføretrygd fra folketrygden, Kapittel 4 Etteroppgjør fjerde ledd).

Har du spørsmål knyttet til hvorfor lovverket er som det er så er politikerne som vedtar dette.»

Nye spørsmål frå NRK:

Nytt svar frå Nav:

«Viss det er utbetala for lite eller for mykje uføretrygd i løpet av kalenderåret, skal det gjerast eit etteroppgjør. Etteroppgjøret vil gjelde for alle som har fått for mykje eller for lite utbetala.

Viss den pensjonsgjevande inntekta i løpet av eit kalenderår utgjer meir enn 80 prosent av inntekta før du vart ufør, har du ikkje rett til utbetaling det aktuelle kalenderåret. Da skal utbetalinger i same kalenderår betalast tilbake. Pensjonsgjevande inntekt er mellom anna brutto lønsinntekt frå Noreg inkludert feriepengar, lønsinntekt frå utlandet eller inntekt frå sjølvstendig næringsverksemd.

I utgangspunktet skal inntekt for januar og februar krevjast tilbake viss du har fått jobb frå 1. mars og denne gjer at du overstig 80 prosent av inntekt før du vart ufør i løpet av kalenderåret. Det finns eit unntak ved enkeltståande arbeidsforsøk. Dette kan gjelde personar som startar i arbeid i byrjinga av året og tener over 80 prosent av inntekta før dei vart ufør. NAV skal da vurdere om det foreligg arbeidsforsøk. Personen må sjølv dokumentere tidspunktet for når endringa tok til, til dømes med arbeidsavtale og/eller lønsslippar frå arbeidsgjevar. Viss du fyller vilkåra i unntaket, vil det ikkje bli kravd tilbake uføretrygd du fekk utbetala i til dømes januar og februar. Kva som reknast som «i byrjinga av året» skal vurderast konkret i kvart einskild tilfelle.

Les også: Éin av fem er utanfor arbeidslivet: Her takkar ho han som hjelpte henne ut av uføret

LES MER:

Comments

https://lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations