Martin (24) har vore arbeidsledig eit halvt år – Nav kan ikkje hjelpe - Har ikke rett på noen ting!

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Martin Tobias Martinsen (24) er fiskar, men får ikkje jobb. Han får ikkje støtte verken frå Nav eller Garantikassen for fiskarar.

1. Martin (24) har vore arbeidsledig eit halvt år – Nav kan ikkje hjelpe

Martin Tobias Martinsen (24) er fiskar, men får ikkje jobb. Han får ikkje støtte verken frå Nav eller Garantikassen for fiskarar.

RÅDVILL: Martin Tobias Martinsen frå Lofoten veit ikkje kva han skal gjere framover. Han har vore arbeidsledig sidan mai, men får ikkje økonomisk støtte.

Vi rapporterer frå Svolvær

Publisert 07.12.2023, kl. 05.43

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAi. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.

Martin Tobias Martinsen (24) har brukt fire år av livet sitt på å bli fiskar.

Men sidan mai har han gått arbeidsledig fordi han ikkje får seg jobb.

Og Nav sitt regelverk opnar ikkje for å gi han dagpengar.

Han får heller ikkje støtte frå fiskarane si eiga dagpengeordning.

– Eg har brukt dei siste restane eg har. Dei forsvinn fort.

Leilegheita og andre nødvendige ting betalar seg ikkje sjølv.

– Eg blir usikker på framtida mi og kva som skal skje. Eg er redd for at det eg har klart å bygge opp kjem til å forsvinne.

Martin Tobias Martinsen (24) har brukt fire år av livet sitt på å bli fiskar. Nå har han ikkje jobb.

Martinsen er redd for at det han har bygd opp skal forsvinne.

– Eg står rettslaus i velferdsstaten Noreg. No har eg gått i tre år og sikkert betalt over ein million i skatt. Og når eg treng hjelp, er det ikkje hjelp å få.

Martinsen har gått lærlingtida og jobba i tre år som vikar, noko han har tent bra på.

Han har fiska på lott, som har vore den vanlegaste forma for løn i dei norske fiskeria.

Og det er nettopp dette som no er problemet hans.

Derfor sjekka han ut to andre alternativ:

Han nådde ikkje fram hos nokon av dei.

For å få hjelp frå Garantikassen må han stå i Fiskermanntallet. Det er eit register over personar busett i Noreg som har fiske eller fangst i havet som:

For å få støtte her var beskjeden at han måtte stå på blad B.

Men for å stå på blad B, må Martinsen vere tilknytt eit fiskefartøy, anten i kraft av å eige eit sjølv, eller vere mannskap om bord på eit fartøy.

Det bekreftar Håvard Fause som er konstitusert seksjonssjef for fartøy- og deltakarseksjonen i Fiskeridirektoratet.

Og det er ikkje Martinsen. Dermed får han ikkje støtte frå verken Nav, Garantikassen eller forbundet.

– Meiner du at Nav skulle ha vika frå sine reglar for deg, når reglane er dei same for andre?

– Eg meiner det bør vere unntak for folk som ikkje kan skrive seg inn i Fiskarmantalet, svarar Martinsen.

Kjelde: Store norske leksikon og garantikassen.no

– På generelt grunnlag er det slik at løn via lott, altså næringsinntekt, ikkje gir rett til dagpengar.

Det svarar Jens Mykland som er seniorrådgivar i Nav og viser til ei lovendring i 2022:

Tidlegare eksisterte det ein særregel i folketrygdlova § 4-18 som gav rett til dagpengar under visse føresetnadar.

Jens Mykland, seniorrådgivar i Nav.

Denne blei oppheva frå 1. januar 2022, slik at det ikkje lenger blir gitt dagpengar basert på næringsinntekt.

Det betyr at løna til Martinsen etter ferdig lærlingtid ikkje er gyldig til dei kriteriuma som er sett for å motta dagpengar.

– Arbeidsledige blir oppfordra til å aktivt søke nye jobbar, seier Mykland.

Erlend Hansen i Norsk Sjømannsforbund synest situasjonen til Martinsen er trist. Ifølge han er mange fiskeriorganisasjonar kritiske til endringa.

– Det er trist at forvaltinga ikkje er villege til å ta innover seg tilbakemeldingane dei får frå næringa i saker som dette. Denne endringa har i praksis i fleire tilfelle ramma «dei svakaste av dei svake».

Erlend Hansen er inspektør og rådgivar for fiskeri i Sjømannsforbundet.

– Er dette god tryggleik for norske fiskarar?

– Dette er ikkje god tryggleik for norske fiskarar. Men det som også er den største utfordringa her er at dei som blir ramma av denne regelverksendringa ikkje er manntalsførte fiskarar.

Han påpeikar at mange ikkje forstår konsekvensen av akkurat det før det er for seint. Blant anna fordi regelverket er så komplekst.

– Vi anbefalar alle at så snart som dei startar arbeidsforhold innanfor fiskeri som er avlønna med lott så bør dei søke Fiskeridirektoratet om opptak på Blad B i Fiskarmantalet.

Les også Myrseth nekter å si hvem som skal få fiske fisken langs kysten

– Kvifor kan ikkje forbundet hjelpe han i denne situasjonen?

– Vedtaka om avslag om dagpengar er gjort med heimel i lov og forskrift. Sjølv om Norsk Sjømannsforbund mange gongar skulle ønske at vi lagar og avgjer kva reglar som skal gjelde, så er verkelegheita noko anna, seier Hansen.

Utover dette har forbundet hjelpt Martinsen med råd og rettleiing, noko Martinsen seier han set pris på.

Som ung læring var ikkje Martinsen klar over at han skulle ha meldt seg inn i Fiskarmantalet, for å potensielt kunne unngå situasjonen han no er i.

No må han ta konsekvensane.

– Eg står rettslaus i velferdsstaten Noreg, seier Martin Tobias Martinsen (24).

– Det er jo veldig dumt at ein kan havne i denne situasjonen fordi ein ikkje har meldt seg inn i noko ein såvidt veit kva er.

No er spørsmålet kva han skal ta seg til framover.

Forhåpentlegvis får han seg ein jobb.

Dessverre for han, truleg i eit heilt anna yrke enn det han har utdanna seg til.

Les også Dømt for å trakassere to inspektører fra Fiskeridirektoratet – nå ender saken i Høyesterett

LES MER:

Comments

https://lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations