Familiar skulle gått 14.700 kroner i pluss – Nå seier Vedum dei fleste kjem til å gå i minus

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

I mai viste finansminister Vedum tavla som skulle gje norske familiar gode nyheiter. Nå er tavla snudd på hovudet. – Dei fleste familiar vil gå litt i minus, seier statsråden nå.

Familiar skulle gått 14.700 kroner i pluss – Nå seier Vedum dei fleste kjem til å gå i minus

I mai viste finansminister Vedum tavla som skulle gje norske familiar gode nyheiter. Nå er tavla snudd på hovudet. – Dei fleste familiar vil gå litt i minus, seier statsråden nå.

I PLUSS: På Debatten i mai, kom finansminister Trygve Slagsvold Vedum fram til at ein barnefamilie med ei inntekt på 1 million etter skatt ville gå 14.700 i pluss.

Publisert 10.10.2022, kl. 16.09

I mai kom finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) fram til at ein gjennomsnittleg familie med barn på mellom 7 og 17 år, ville gå med 14.700 kroner i pluss i 2022.

Då statsbudsjettet for 2023 blei lagt fram førre veke, var det ei litt anna utsikt som blei presentert.

Samtidig som regjeringa føreslår å kutta i skatten blant folk som tener opp til 750.000 kroner, er prisstiginga høg. Målet med det nye budsjettet er å dempa prisane.

– Når du ser dei tala som ligg på bordet, vil denne familien gå i pluss eller minus når 2022 er over?

– Denne familien, eller dei fleste familiar vil gå litt i minus i år, svara Vedum.

Reknestykket var basert på tal frå SSB, Noregs Bank og Finansdepartementet.

– Dei anslaga som ein gjorde i vår har vist seg å ikkje vera riktige.

Allereie då blei det peika på at Vedum hadde utelate ein del utgifter.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum seier at prognosane reknestykket frå mai er bygga på viste seg å bli feil.

I juni kom Noregs Bank og sa at reknestykket måtte skrinleggjast: Prisane kom til å bli mykje høgare enn kva dei først antok.

Nå vil regjeringa dempa aktiviteten i norsk økonomi.

– Viss me ikkje klarer å få kontroll på prisveksten, så vil det neste som kjem vera aukande arbeidslause, seier Vedum.

Leiar i Framstegspartiet (Frp), Sylvi Listhaug, trur at den feilslåtte prognosen til finansministeren vil minska truverda hans.

– Det er klart at det gjev jo ikkje truverd det at ein påstår at det blir auka kjøpekraft i år, når det har blitt ei inndraging av kjøpekraft som me ikkje har sett på fleire tiår, seier Listhaug til NRK.

Frp-leiar Sylvi Listhaug meiner Vedum mister truverd når prognosane hans slår feil ut.

Ho fortel at Frp har gått inn og sett på skatteletta for dei som til dømes tener mellom 400.000 til 450.000 kroner.

– Det utgjer tre kroner om dagen. Det får du ein plastpose på Rema for.

Ho meiner at realiteten er at pengane dei tener inn på skatteletta berre vil renna ut til straum, mat og bensin.

Høgre-leiar Erna Solberg seier dei fleste kjem til å skatta meir under regjeringa sitt nye statsbudsjett når du legg saman avgiftsaukar og skatten som bedriftene dei jobbar i skal betala.

– Det gjev eit utslag for folk som jobbar der, for det er klart at bedrifter som får mindre overskot, har mindre moglegheit til å gje til dømes betre løn, seier Solberg.

Solberg meiner det er to ting som vil få ned prisane i Noreg, og det er mindre offentleg pengebruk, ikkje berre oljepengar, og etterspørsel etter arbeidskraft.

– Folk med låge og middels inntekter skal betala mindre skatt, men me må ikkje lata som det ikkje blir eit tøft år for alle.
LES MER:

Comments

https://lykkelandet.com/public/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations