Brukte dobbelt så mykje pengar på straum

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

­

Korona-etterslep, dyrare straum, og terrorsikring av dei kongelege førte til at Kongehuset gjekk med underskot i fjor.

På bildet ser du kongefamilien på slottsbalkongen under 17. mai feiringa i fjor.

Del på Twitter Del på Twitter Del på epost Del på epost Publisert 25.04.2022, kl. 17.17 Del Del på Facebook Del på Facebook Del på Twitter Del på Twitter Del på epost Del på epost

Som nordmenn flest har Kongefamilien merka straumkrisa på lommeboka.

Kongehuset brukte 3,7 millionar kroner meir på straum i fjor enn året før.

Det er ei auke på 111 prosent.

Straumrekninga var blant utgiftene som førte til at Kongehuset gjekk 4,7 millionar kroner i underskot i 2021. Tala kjem fram av årsrapporten deira.

Men trass i pandemi og høge straumprisar er det snakk om eit betydeleg mindre underskot enn i 2020.

Då var underskotet på 65 millionar kroner, ifølgje Dagbladet.

I årsrapporten for 2021 varslar Kongehuset at det omfattande arbeidet med å sikre Slottet og andre kongelege eigedommar er forsinka, og at det kjem til å bli dyrare enn dei først trudde.

Arbeidet går mellom anna ut på å montere portar, gjerde, murar og pullertar som skal hindre bilar utan løyve frå å køyre inn i Slottsparken eller opp til Slottet.

Sikkerheitsprosjektet har opphavleg ei kostnadsramme på nær 624 millionar kroner, ifølge Kongehuset. Men no vil det altså bli dyrare, varslar Slottet.

Behovet for auka sikring rundt bygningar med høy nasjonal verdi vart kartlagt etter 22. juli-angrepa.

Fekk du med deg denne?: Ho var Noregs førstedame i 14 år

Elvis Presley sitter på kne foran prinsessene Margrethe av Danmark, Astrid av Norge og Margareta av Sverige. Elvis Presley sitter på kne foran prinsessene Margrethe av Danmark, Astrid av Norge og Margareta av Sverige.

Pandemien og grunnforholda i Slottsparken og Dronningparken har vist seg å vere svært utfordrande, og dette har ført til forseinkingar, ifølgje rapporten.

Slottet peikar og på auka råvareprisar på materialar, lengre leveringstider og mangel på arbeidskraft, som andre årsaker til at prosjektet blir dyrare enn dei først trudde.

I tillegg har ein av leverandørane til prosjektet gått konkurs.

– Konkursen til ei av våre tre leverandørar har gjort at vi må ha ny leverandør for store deler av det attståande arbeidet, og vi har ikkje alle svara ennå, seier kommunikasjonssjef Guri Varpe ved Det kongelege hoff til NRK.

«Dette er uventa forhold som inntrefte etter at prosjektet vart igangsett. Ved årsskiftet vart prognosen økt, og middel ut over kostnadsramma vil bli nødvendig,» heiter det i rapporten.

Men kor mykje meir pengar Slottet treng til å sikre dei kongelege er framleis uvisst.

– Det kongelege hoff har tett kontakt med Kommunal- og distriktsdepartementet om dei auka kostnadene. I tillegg planlegg Hoffet å omdisponere og nytte eigne middel til sikkerheitsprosjektet. Vi utarbeider no ei analyse av kostnadsanslaget, seier Varpe.

.

Portrettintervju med Prinsessa: Ingrid Alexandra 18 år

Prinsesse Ingrid Alexandra Prinsesse Ingrid Alexandra

Comments

https://lykkelandet.com/public/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations