Halve Europa senkar pumpeprisen, men ikkje Noreg - VEDUM

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Ei rekkje europeiske land tek grep for å redusere pumpeprisen. Men ikkje Noreg.

Halve Europa senkar pumpeprisen, men ikkje Noreg

Ei rekkje europeiske land tek grep for å redusere pumpeprisen. Men ikkje Noreg.

INGEN ENDRINGAR: Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) slo fredag fast at det ikkje ligg an til endringar drivstoffavgiftene.

Vi rapporterer frå Førde

Publisert 13.06.2022, kl. 05.41

Knut Arild Nordli eig og driv fleire tungbilskular på Vestlandet. Det betyr at han fyller opp tanken på ein trailer om lag annakvar dag.

I løpet at eitt år vil desse fyllingane koste meir enn éin million kroner i moms og dieselavgifter.

Det er mykje pengar for eit firma med fire tilsette, og ein pengesum han må innstille seg på å halde fram med å betale i tida framover.

Det er klart etter at finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) slår fast at «det ligg ingen endringar drivstoffavgiftene i vårt skatte- og avgiftsopplegg no».

Uttalen kom etter press frå politiske motstandarar så vel som politiske allierte. NRK har tidlegare skrive om fylkestoppar og ordførarar frå Senterpartiet som har etterlyst grep frå «sjefen» for å gjere noko med dei «dramatiske energiprisane».

NEI TAKK: – Eg skal ikkje ha noko av staten, men dei skal ikkje ha dobbelt så mykje av oss, seier Knut Arild Nordli som eig og driv fleire tungbilskular på Vestlandet.

Fleire har også vist til at andre land rundt om i Europa i større grad har «anerkjent dei galopperande drivstoffprisane».

– Dei aller fleste landa vi liker å samanlikne oss med har offensive mottiltak for å skåne bilistane, seier Thor Egil Braadland i NAF.

I mai kutta svenske styremakter drivstoffavgifta med 1,30 kroner per liter.

Tidlegare har Danmark, Austerrike, Frankrike, Luxembourg, Italia, Irland, Storbritannia, Polen, Nederland og Spania teke ulike grep for å dempe pumpeprisane.

Sist ute er Tyskland som denne månaden sette ned avgiftene til eit minimumsnivå.

– Det er svært skuffande at næringstransporten ikkje blir møtt med noka form for avgiftslette frå den sitjande regjeringa. NLF har sidan tidleg i mars månad prøvd å få kutt i avgifter for å hjelpe ei svært pressa transportnæring, svara frå regjeringa har vore «vente og sjå». Svaret vi fekk i dag, var endå ein gong svært skuffande. Endå ein gong er det distrikta som blir hardast ramma. Det burde vore mogleg å gi avhjelpande tiltak for næringstransporten, utan at dette skulle bli utslagsgivande for overopphetning i økonomien.

Auka kostnader for transportkjøparane må også hentast igjen ved auka kostnader på sluttprodukt, som igjen vil drive inflasjonen i vêret. Med avgiftsslettinga som blir gitt i andre land, blir konkurransevridinga for norske transportørar endå større, då utanlandske lastebilar kan komme inn i landet med fleire hundrede liter diesel på tankane, og dermed ha mindre kostnader ein norske lastebilar. Det er og mange som har vanskar med å få regulert avtalane sine for å redusere dei auka kostnadene sine, spesielt opp mot statlege eller kommunale kontraktar. Om vi ser tilbake til 2020, var netto dieselpris vel 11 kroner, i dag er netto pris nesten 20 kroner. Og dette er ein enormt stor auke i kostnader for næringa vår.

Det er mykje ein kunne ha lyst til å seie i dag, skuffelsen er stor, det er ikkje alt som eignar seg for å seie i media. Dette kan komme til å få store konsekvensar for mange i næringa. Det skal også seiast at mange av transportkjøparane våre har vist stor forståing for å komme oss i møte med auka frakter, men det er også ei smertegrense for mange bedrifter ute i distrikta.

Nordli hadde difor eit håp om at norske styresmakter skulle la seg inspirere av naboane på kontinentet, og kutte i momsen.

– Eg skal ikkje ha noko av staten, men staten skal ikkje ha dobbelt så mykje av oss, seier han.

Geir A. Mo er direktør i Noregs Lastebileier-Forbund.

– Vi er ei internasjonal næring, og dersom konkurrentane våre i omkringliggjande land nyt godt av ulike lettar vil dette føre til skeiv konkurranse sidan desse også opererer i den norske marknaden, seier han (sjå faktaboks for utfyllande svar).

– På få dagar har vi to nye prisrekordar på diesel. Aldri før har dieselen vore så dyr i Noreg. Så kraftige aukar på kort tid fører til at bedriftene ikkje får kompensert dette hos kundane sine – og dei som er verst å forhandle med er det offentlege sjølv. SVV og andre offentlege aktørar nektar å kompensere transportbedriftene samtidig som staten sjølv håvar inn milliardar. Denne prisauken rammar næringstransport hardt. Vi treng målretta tiltak for å unngå at norske arbeidsplassar forsvinn og at transporten stoppar opp, slik NLF, saman med mange andre organisasjonar har kravd.

Regjeringa, med finansminister Vedum i spissen, har lenge sagt dei skal vurdere situasjonen og setje inn tiltak viss det blir verre. No er det ikkje berre verre, no er det på brestepunktet! Noreg har for tida enorme ekstrainntekter og noko av dette forventar vi at brukast på å redde ei næring ramma av konsekvensar langt utanfor kontrollen vår.

Vi er ei internasjonal næring, og dersom konkurrentane våre i omkringliggjande land nyt godt av ulike lettar som gir lågare drivstoffpris enn i Noreg vil dette føret til skeivskap i konkurransen sidan desse også opererer i den norske marknaden.

NHO Transport organiserer norske busselskap, som også kjenner på drivstoffprisane.

– Regjeringa burde nullstille vegbruksavgifta til kollektivtransporten inntil drivstoffprisane blir reduserte til tidlegare nivå. Dette har vi teke opp både med statsrådar og storting, seier Jon H. Stordrange, som er administrerande direktør i NHO Transport.

I resonnementet til regjeringa er det budsjettbalansen og faren for overoppheting og (endå) høgare renter som gjer at det ikkje er aktuelt å redusere pumpeprisane.

Fredag presenterte Statistisk sentralbyrå (SSB) tal som viser at prisane i mai var 5,7 prosent høgare enn i fjor. Det er den høgaste prisveksten over tolv månader sidan 1988.

– Det er ingen som kjøper noko som helst utan at transport er involvert. Så lågare transportutgifter vil vere eit bra tiltak for å redusere kostnadsutviklinga, seier Tore Wallestad, som er dagleg leiar i Tenden Transport i Stryn i Nordfjord.

Han viser til at deira selskap har vore nøydde til å innføre eit eige «oljetillegg», eit variabelt påslag som kvar veike vert justert etter dieselprisen og som kjem på toppen av den prisen kundane elles må betale.

– Vi har ikkje høve til noko anna. Alternativet er permittere tilsette, seier Wallestad.

– Vi er skuffa over regjeringas handlekraft i denne saka. Land etter land har senka drivstoffavgiftene. Då skuldar regjeringa folket ei forklaring som stikk litt djupare enn koronapandemien og krigen i Ukraina. Viss regjeringa kan leve med dagens drivstoffprisar, ja så må dei forklare folket kvifor på ein truverdig måte. Det synest vi er eit minstekrav. Vi registrerer at stadig fleire transportfirma slit med økonomien no, og du skal ikkje ha så frykteleg mange vogntog før auken i dieselprisane representerer månadlege ekstrautgifter i millionklassen.

FEIGE LAG: – Dersom konkurrentane våre i omkringliggjande land nyt godt av ulike lettar vil dette føre til skeiv konkurranse, seier Geir A. Mo, direktør i Noregs Lastebileier-Forbund.

I regjeringserklæringa – den såkalla Hurdalsplattforma – står det at «regjeringa vil redusere avgifter som rammar folk flest, som til dømes drivstoffavgifter», og i mars varsla Vedum at regjeringa ville «ta grep» dersom prisnivået heldt fram. På det tidspunktet tangerte prisen 26 kroner.

«Eg synest prisane på drivstoff no er høge og forstår at mange håpar at prisen snart går ned igjen», skreiv finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) i skriftleg svar til Stortinget sist veke.

I Politisk Kvarter fredag morgon etterlyste leiar i Sogn og Fjordane Senterparti, Erlend Haugen Herstad, «målretta tiltak for tungtransporten og maskinoperatørar som har store tankar å fylle.»

Han uttrykte forståing for at regjeringa «må vurdere dette opp mot renteauke», men la til at målretta grep, som «til dømes gunstige lån», i sum vil vere prisdempande og «gjere noko med inflasjonen».

REVIDERT: Kari Elisabeth Kaski (SV), Geir Pollestad (Sp) og Eigil Knutsen (Ap) under første møte i forhandlingane om revidert nasjonalbudsjett i statsrådssalen på Stortinget.

Statssekretær i Samferdselsdepartementet, Geir Pollestad (Sp), som kom til Politisk Kvarter på vegner av regjeringa, svarte at ideen om lån til transportnæringa var «eit konstruktivt innspel», men at han «ikkje vil ikkje sitje og gi folk forhåpningar.»

– Elles lurer vi folk, sa han.

Han erkjende at situasjonen var «ubehageleg» og det er «ei vanskeleg pedagogisk øving» å snakke om dyrtid, «rentespøkjelse» og nøysemd når norsk økonomi går godt.

– Det går svært godt i Noreg, og då må vi ta ned pengebruken.

Han la til at det vil koste staten 12 milliardar å kutte drivstoffprisen med 4 kroner, og at den sosiale gevinsten er større ved å kutte i straumprisen enn i drivstoffprisen.

LES MER:

Comments

https://lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations