Ferjeturen vart gratis – så vart det bompengar i staden

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Ti dagar etter at ferjestrekningen vart gratis, vart det lagt bompengar på same strekning. – Urettferdig, seier pendlarar.

Ferjeturen vart gratis – så vart det bompengar i staden

Ti dagar etter at ferjestrekningen vart gratis, vart det lagt bompengar på same strekning. – Urettferdig, seier pendlarar.

SKUFFA: Siren Lauvsland pendlar med ferja, og gleda seg ei lita stund over at den skulle bli gratis.

Vi rapporterer frå Kvinnherad/Stord

Publisert 31.05.2022, kl. 06.59
Oppdatert 31.05.2022, kl. 09.23

Del på Twitter Del på Twitter Del på epost Del på epost

Tidlegare denne månaden avgjorde Regjeringa og Stortinget at frå 1. juli skal ferjestrekningar med under 100.000 passasjerar årleg bli gratis for reisande.

Pendlarar spretta champagnen.

Men halvanna veke seinare vedtok Stortinget Kvinnheradpakken, som krev bompengar på det som no blir ein gratis ferjestrekning.

Pendlarar måtte «ausa champagnen tilbake i flaska» for denne gong.

– Eg syns det er grådig urettferdig, seier Siren Lauvsland, som pendlar frå Varaldsøy til Årsnes.

Ho jobbar i Rosendal, og tek då ferja over fjorden nesten kvar dag.

– Eg køyrer ikkje innom ein einaste plass dei skal setja i gong med vegprosjekt, så eg får ikkje til vanleg nyta godt av det. Dei andre småferjene som blir gratis, slepp bompengar. Så eg ser ikkje poenget med at akkurat denne skal svi for det, seier Lauvsland.

KVAR DAG: Siren Lauvsland ventar på ferja. Turen til og frå jobb blir ikkje gratis likevel.

På Ranavik ferjekai i same kommune er frustrasjonen like stor. Der kjem bompengane i tillegg til ferjetaksten.

– Det blir dyrare igjen. Prisane går opp, og det gjer det mykje vanskelegare for oss som pendlar, seier Tommy Persson.

Han driv eit cateringfirma, og er avhengig av ferja når han leverer mat.

DYRARE: Tommy Persson skimtar ferja i horisonten. Han må betala både billett og bompengar.

Dei fleste innbyggjarane i Kvinnherad får med andre ord ikkje glede av gratis ferje, fordi fleire samband faktisk blir dyrare.

– Det blir jo eit par tusenlappar. Av og til reiser eg over fleire gongar i veka, og då blir det jo sjølvsagt mykje pengar, seier Persson.

Per dags dato: 31.05.2022:

Ingen av desse har under 100 000 passasjerar per år. Sambandet med lågast trafikk er Langevåg – Buavåg med 127 000 passasjerar.

Kjelde: Statens vegvesen

Kvinnheradpakken omfattar seks utbyggingsprosjekt, samt ei ramme på fleire tiltak i Kvinnherad.

Pakken vart utarbeidd av kommunen og fylkeskommunen før regjeringa i mai gav lovnader om gratis ferjeturar på strekningar med få reisande.

BOMPENGAR PÅ GRATISFERJA: Ein må framleis betala når ein skal ein tur med MF Florøy.

Liv Kari Eskeland (H) sit i transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget.

Ho meiner regjeringa har skapt ei forventning om at fleire samband skulle bli gratis.

– Korkje næringsliv eller innbyggjarar skil mellom om det er billettinntekter til ferjene, eller om det er bompengar. Så eg forstår veldig godt skuffelsen viss dette ikkje blir eit gratissamband, seier Eskeland.

Sjølv om ho var ein av 87 stortingsrepresentantar som stemte for Kvinnheradspakken tidlegare denne månaden.

Samferdsledepartementet varslar at bompengane ikkje forsvinn.

– Det er ikkje noko i vegen for å krevja inn bompengar samtidig som det er gratis å reisa med ferja. Regjeringa har ikkje lagt opp til å kompensera for bompengeinntekter som skal krevjast inn på ferjesambanda, seier samferdsleminister Jon Ivar Nygåd (Ap) til NRK.

Les også: Nå blir det gratis ferje – for noen

Comments

https://lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations