Trafikkbøtene skal opp igjen – møter kraftig motbør frå politiet

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Politidirektoratet viser til forsking som seier at auke i bøtesatsane knapt gir færre drepne og hardt skadde i trafikken.

Trafikkbøtene skal opp igjen – møter kraftig motbør frå politiet

Politidirektoratet viser til forsking som seier at auke i bøtesatsane knapt gir færre drepne og hardt skadde i trafikken.

KAN KOSTE MEIR: Bøtesatsane for lovbrot langs vegane kan igjen bli auka. Men politiet er skeptiske.

• Politidirektoratet er imot regjeringa sitt forslag om å auke bøtesatsane for forenkla førelegg i trafikken.
• Forsking viser at auke i bøtesatsane har minimal effekt på antal drepne eller hardt skadde i trafikken.
• Ein tredobling av politikontrollar gir ein berekna nedgang på 113 drepne eller hardt skadde i trafikken, medan 50 prosent auke i bøtesatsar gir ein nedgang på tre drepne eller hardt skadde.
• Forsking viser også at auken i bøtesatsar kjem på 9. plass av 10 ulike tiltak for å forbetre trafikktryggleiken.
• Talet på politikontrollar har vore stabile dei siste 15 åra, medan bøtesatsane har auka betydeleg dei siste åra.
• Det nye forslaget inneber blant anna at det vil koste 10.450 kroner å snakke i mobiltelefonen medan ein køyrer.

Oppsummeringa er laga av ein KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRKs journalistar før publisering.

Det vekte særs sterke reaksjonar då Samferdsledepartementet i 2023 bestemte at bøtesatsane skulle opp med 30 prosent.

I fjor vart det ny auke tilsvarande prisstiginga på rundt 5 prosent.

Også i år vil regjeringa auka satsane for å halde tritt med prisveksten, men reaksjonane er tydelege – også frå politiet sjølv.

– Vi meiner at satsane er såpass høge no at det ikkje er naudsynt å auke satsane for å oppretthalde bøtenes preventive eller avskrekkande effekt. Difor er vi imot dette forslaget, seier fagdirektør Runar Karlsen i Politidirektoratet til NRK.

Dei nye bøtesatsane legg opp til at det kostar deg 10.450 kroner om du brukar mobilen medan du køyrer.

UP-sjef Knut Smedsrud er like skeptisk til høgre bøter:

– Vi meiner dei ligg på eit tilstrekkeleg høgt nivå for å ha ein avskremmande verknad. Vi trur det er viktigare å få opp risikoen for å bli oppdaga enn å auke satsane ytterlegare.

I høyringsrunden viser Politidirektoratet til forsking som seier at det er fleire andre forslag som har betre effekt på trafikktryggleiken enn auke i bøtesatsane.

Transportøkonomisk institutt publiserte i november rapporten «Oppdagelsesrisiko for trafikkforseelser».

Rapporten viser særs store forskjellar på effekt av ulike tiltak.

På ei liste over effekt av 10 ulike tiltak, kjem auke i bøtesats heilt nede på 9-plass.

1. Tredobling av politikontroll generelt

Mogleg effekt: 113 færre drepne og hardt skadde.

2. Tvingande intelligent fartssperre på alle bilar

Mogleg effekt: 107 færre drepne og hardt skadde.

3. Alkolås for ein årgang av promilledømte

Mogleg effekt: 35 færre drepne og hardt skadde.

4. Bilbeltelås i alle bilar (kopla til tenningslås)

Mogleg effekt: 29 færre drepne og hardt skadde.

5. 70 % auke av Statens vegvesens tungbilkontrollar

Mogleg effekt: 10 færre drepne og hardt skadde.

6. Firedobling av politikontroll av førarar av tunge bilar

Mogleg effekt: 9 færre drepne og hardt skadde.

7. 120 nye punkt for automatisk trafikkontroll

Mogleg effekt: 6 færre drepne og hardt skadde.

8. 120 nye kilometer veg med streknings-ATK (automatisk trafikkontroll)

Mogleg effekt: 4 færre drepne og hardt skadde.

9. 50 % auke av satsar for gebyr og forenkla forelegg

Mogleg effekt: 3 færre drepne og hardt skadde.

10. Auke av bilbeltepåminnar til 100 % av trafikken

Mogleg effekt: 2 færre drepne og hardt skadde.

Kjelde: Transportøkonomisk institutt

Snittet av ulykkestala over ein periode på fem år viser 101 drepne og 568 hardt skadde per år, ifølge tal frå SSB.

Forskaren bak rapporten, Rune Elvik, seier han føler seg trygg på metodikken dei har brukt i rapporten, og viser til at det også tidlegare er gjort liknande samanlikningar mellom ulike tiltak.

Til dømes mellom auka bøtesatsar og fleire politikontrollar.

– Vi har funne det same før, men forskjellen har blitt større no.

Under tidlegare undersøkingar vart det funne større verknad av auka bøtesatsar enn tilfelle er no i siste runde.

– Men det har også tidlegare vore slik at meir kontroll har hatt mykje større verknad enn auka bøtesatsar.

Rune Elvik ved Transportøkonomisk institutt er tydeleg på at andre tiltak gir betre effekt enn kraftig auke av bøtesatsane.

Statistikken viser at talet på kontrollar i politiet dei siste 15 åra har vore ganske stabile. Nærare bestemt rundt 600.000 i året. Samstundes har bøtesatsene gått betydeleg opp dei siste åra.

– Vi tøyer satsane for høgt for dei som har særs dårleg moglegheit for å betale. Det har vi sagt frå om, og det er tufta på ein fagleg ståstad, seier Runar Karlsen i Politidirektoratet.

Fagdirektør Runar Karlsen i Politidirektoratet meiner bøtesatsane er høge nok som dei er.

UP-sjefen seier det er politikarane som både bevilgar pengar og som bestemmer kor store Utrykkingspolitiet skal vere.

– Vi har ikkje hatt stillingsvekst på veldig mange år. Så det er jo det som er årsaka til at vi ikkje har auka kontrollaktiviteten.

Med det nye forslaget kostar det til dømes 10.450 kroner å snakke med mobilen i handa. UP-sjefen får tilbakemelding om at fleire no nektar å vedta førelegget på staden fordi det er for dyrt.

Det betyr betydeleg meirarbeid når sakene i staden må takast vidare og eventuelt behandlast i rettsapparatet.

Norges Lastebileier-Forbund er også kritiske til auken i bøtenivået, og seier det særleg råkar dei yngste.

Han viser til at lærlingar har ei årsløn fordelt på to år.

– Eit gebyr på mellom 10.000 og 20.000 råkar dei ekstremt hardt.

Han er bekymra for at det går utover rekrutteringa, når bøtesatsane går opp slik dei har gjort dei siste åra.

– Hugs på at ein yrkessjåfør gjerne køyrer 10 til 15 gongar så mykje som ein vanleg bilist. Dermed er risikoen også langt større for å blitt teken.

Jan Ove Halsøy er regionsjef i Norges Lastebileier-Forbund.

Statssekretær Tom Kalsås (Ap) i Samferdsledepartementet skriv at ein jamleg prisauke er naudsynt.

– Den førebyggjande effekten på bøtene, som skal bidra til at trafikantane overheld reglane, vil minka over tid om ikkje satsane blir justerte i tråd med prisutviklinga.

Statssekretær Tom Kalsås (Ap) forsvarar ny auke i bøtesatsane for 2025.

NRK sende forskingsrapporten frå Transportøkonomisk institutt til departementet, som viser at andre tiltak har langt større effekt.

Kalsås svarar slik:

– Det vil ha stor positiv effekt på trafikktryggleiken dersom alle trafikantane overheld trafikkreglane, særleg at dei held fartsgrensene, køyrer rusfritt og med bilbelte. Eit tilstrekkeleg høgt nivå på reaksjonar ved brot på reglane som bidreg til at fleire overheld reglane er difor positivt for trafikktryggleiken.

«For å vera eit effektivt verktøy i trafikktryggleiksarbeidet må behandlinga av slike masseregelbrot som trafikkregelbrot vera enkel. Dagens system med standardiserte bøtesatsar varetek dette. Den førebyggjande effekten på bøtene, som skal bidra til at trafikantane overheld reglane, vil likevel minka over tid om ikkje satsane blir justerte i tråd med prisutviklinga.

For å unngå store aukar framover, vedtok regjeringa i 2023 at det skulle gjennomførast årlege satsjusteringar i tråd med prisutviklinga. Derfor er det foreslått ein auke på 2,6 prosent i 2025.

Trafikkfarleg åtferd har stort skadepotensiale, og kan føra til både store samfunnsmessige konsekvensar og ikkje minst alvorlege konsekvensar for kvar enkelt førar og medtrafikantar. Det vil ha stort positiv effekt på trafikktryggleiken dersom alle trafikantane overheld trafikkreglane, særleg at dei held fartsgrensene, køyrer rusfritt og med bilbelte. Eit tilstrekkeleg høgt nivå på reaksjonar ved brot på reglane som bidreg til at fleire overheld reglane er derfor positivt for trafikktryggleiken.»

LES MER:

Comments

https://lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations