Selskapet Ode satsa på oppdrettstorsk ved Kvamsøy på Sunnmøre – så trekte Fiskeridirektoratet løyvet

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Fleire sa opp faste jobbar og flytta for å jobbe med torske­oppdrett på Kvamsøya. Like før første arbeidsdag fekk dei sjokk­beskjeden: Fiskeri­direktoratet vil stenge anlegget.

Selskapet Ode satsa på oppdrettstorsk ved Kvamsøy på Sunnmøre – så trekte Fiskeridirektoratet løyvet

Fleire sa opp faste jobbar og flytta for å jobbe med torske­oppdrett på Kvamsøya. Like før første arbeidsdag fekk dei sjokk­beskjeden: Fiskeri­direktoratet vil stenge anlegget.

SLUTTA: Lasse Silden slutta i fast jobb som matros for å jobbe ved anlegget på Kvamsøy. No er det uvisse rundt kva framtida bringar.

Vi rapporterer frå Kvamsøya i Sande kommune

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.

På den vesle øya Kvamsøy, som ligg heilt sør på Sunnmøre og like nord for Stad, er det om lag 230 innbyggarar.

Der starta selskapet Ode torskeoppdrett i 2024, etter dei året før fekk løyve frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

I slutten av januar i år var det fleire nytilsettingar ved anlegget, blant dei Lasse Silden og Henning Breidablik.

Begge kom flyttande frå andre stader i landet, klare for å tre inn i nye stillingar som driftsteknikarar.

Frå venstre: Lasse Silden og Henning Breidablik hadde sagt opp jobbane sine for å jobbe ved anlegget på Kvamsøy.

Men like før første arbeidsdag nærma seg, fekk dei sjokkbeskjeden: Fiskeridirektoratet vil stenge anlegget.

– Eg fekk beskjed kvelden før første arbeidsdag. Eg las det faktisk i avisa, så eg måtte ringe sjefen min og spørje kva som skjedde. Det var litt kjipt, seier Lasse Silden.

Han hadde sagt frå seg ein fast jobb som matros som han treivst godt i. Det same hadde Henning Breidablik gjort, som tidlegare jobba som anleggsarbeidar.

– Det er veldig dumt at eg har flytta hit og sagt opp ein jobb eg treivst godt med i Stryn, og så kan eg plutseleg stå utan arbeid, seier 46-åringen.

Vestlandsnytt omtalte saka først.

For å komme seg til Kvamsøy må ein ta ferje, som går cirka annankvar time.

Årsaka til at Fiskeridirektoratet vil setje ein stoppar for anlegget, er ein klage sendt inn av Naturvernforbundet i 2023.

Naturvernforbundet er mellom anna bekymra for at oppdrettstorsken kan rømme og formeire seg med villtorsken i fjorden.

I ei risikovurdering gjennomført av Havforskingsinstituttet frå 2025, konkluderer med at tilstanden til kysttorsken er svak, og at dei derfor kan anta at den er lite motstandsdyktig mot genetisk innkryssing frå oppdrettstorsk.

 

Les også Fiskeridirektøren meiner næringa dyssar ned alvorlege fakta om torskeoppdrett

Fylkessekretær i Naturvernforbundet, Øystein Folden, er nøgd med at Fiskeridirektoratet har omgjort løyvet.

– Det var dette vi håpa på, fordi risikoen for villtorsken er stor. Vi har framleis lite erfaring med torskeoppdrett, så det er gledeleg at denne klagen nådde fram, seier han.

Øystein Folden i Naturvernforbundet fryktar for torsken og fuglane på Kvamsøya.

– Dette har gått ut over jobbane til folk, kva tenkjer de om det?

– Det må Ode nesten ta ansvar for, seier han, og peiker på at Ode sette ut torsk ved anlegget så tidleg som desember 2024.

Les også Brennheit diskusjon om torske­oppdrett i Volda

Falk D. Øveraas er samfunns- og myndigheitskontakt ved Ode. Han seier at det ikkje akkurat er ein draumesituasjon.

– Det er litt spesielt at det kjem ei omgjering tre år etter at vi fekk godkjenning. Det må eg vere ærleg å seie.

Han seier at dei var nøydd til å starte opp anlegget før klagen var ferdigbehandla, fordi det er så lang saksbehandlingstid.

– Men då satsar de berre på at det ordnar seg, og at klagen ikkje går gjennom?

– Det er ein måte å sjå det på. Men når ein søkjer om eit oppdrettsanlegg, er det avgjerande å dokumentere behovet. For Ode sin del var dette ein lokalitet vi hadde eit sterkt behov for, seier han.

Falk D. Øveraas seier at Naturvernforbunder klagar på alle tildelingar av torskelokalitetar.

Fiskeridirektoratet på si side, ønsker ikkje å stille til intervju.

I ein e-post til NRK, skriv pressevakt Olav Lekve at det no blir vurdert omgjering av vedtaket, og dei vil ikkje kommentere før vedtaket er fatta. Nett No har også omtalt dette.

«Vedtaket om lokalitet Dysjaneset av 23. januar 2026 vurderes omgjort [...] Det er derfor ikke hensiktsmessig eller ønskelig fra vår side å kommentere saken slik den står på det nåværende tidspunkt».

Les også Satsa fullt på torske­oppdrett – det kjem ikkje utan ut­fordringar

Driftsleiar ved anlegget på Kvamsøya, Aleksander Ristesund, forklarer at det er sju faste tilsette og ein lærling der. Han seier at dei reagerte med sjokk då dei fekk beskjeden.

– Det er ikkje til å legge skjul på. Det går naturlegvis mykje tid til å snakke med dei tilsette, og det skapar ein annleis kvardag.

Han seier at arbeidskvardagen den siste tida har vore prega av usikkerheit, men at dei prøver å halde motet oppe.

– Eg har ikkje høyrt om liknande saker før, men eg trur og håpar at det siste ordet ikkje er sagt.

Aleksander Ristesund har brukt mykje tid til å snakke med dei tilsette ved anlegget.

Les også Ny rapport: Oppdrettstorsk kan utgjere trussel mot kysttorsken

LES MER:                              ©NRK.NO

Comments

https://lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations