Russiske hackarangrep: Norsk kraftbransje skjerpar sikkerheita

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Den norske kraftbransjen intensiverer sikkerheitsarbeidet etter det som skal vere enda eit russisk hackarangrep.

Russiske hackarangrep: Norsk kraftbransje skjerpar sikkerheita

Den norske kraftbransjen intensiverer sikkerheitsarbeidet etter det som skal vere enda eit russisk hackarangrep.

RISAVATNET I BREMANGER: I april blei eit damanlegg i Bremanger sabotert. PST kopla sabotasjen til ein «prorussisk gruppe», og etterforskar nå eit liknande angrep.

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.

Politiets tryggingsteneste (PST) etterforskar nå to datainnbrot der russiske hackarar «truleg står bak».

I april blei eit damanlegg i Bremanger sabotert. I fire timar stod ventilane heilt opne og slapp gjennom 500 liter i sekundet, før innbrotet blei oppdaga og stoppa.

PST kopla sabotasjen til ein «prorussisk gruppe», og etterforskar nå eit nytt forhold som har likskapstrekk med det første hackarangrepet.

– Framgangsmåten er lik, seier politiadvokat i PST, Per Niklas Hafsmoe, til Aftenposten.

Angrepet er lokalisert til «austlandsområdet».

På toppen seier polske myndigheiter at dei har hindra eit angrep som kunne lagt ein «større by» under vatn.

Angrepa på norsk jord har mindre skadepotensial, men kastar om på tradisjonelle trusselvurderingar.

NRK har vore i kontakt med fleire kraft- og nettselskap som seier at dei no intensiverer arbeidet mot cybertruslar.

– Vi må førebu oss på meir av dette, seier PST-sjef Beate Gangås.

– Vi treng ein annan type vaktsemd, og vi må auke den mentale beredskapen hos alle tilsette og samfunnet elles, seier Trond Winther, direktør i Lnett.

Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) og Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) har tidlegare peika på kraftbransjen som særleg sårbar for hybrid krigføring, og i mai skreiv NRK at den norske kraftbransjen er på vakt etter at danske kollegaer fann «mystiske» brytarar i solcellekomponentar frå Kina.

 

Les også «Mystiske» funn i solkraftanlegg skaper uro

Regjeringa har svart med å legge fram Noreg sin første nasjonale sikkerheitsstrategi, og har varsla at ein ny nasjonal sikkerheitsplan for digital infrastruktur er like om hjørnet.

Winther meiner det er behov for nye nasjonale tiltak og at bedriftene og myndigheitene må samarbeide:

– Dei enkelte selskapa klarer ikkje dette aleine. Aktørar som ønsker å gjennomføre sabotasje vil søke å finne det svakaste leddet, så det er viktig at alle partar aukar beredskapen sin, seier han.

Allereie i mai gjekk Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) ut med ein «klar oppfordring» til norske verksemder om å ha tydelege beredskapsplanar og øve på desse. Sjå alle innspela under.

I april blei eit damanlegg i Bremanger sabotert. I fire timar stod ventilane heilt opne og slapp gjennom 500 liter i sekundet, før innbrotet blei oppdaga og stoppa.

Tidlegare olje- og energiminister Tord Lien er i dag samfunnskontakt i Trønderenergi og Aneo.

– Å slå ut energiforsyninga spreier frykt og usikkerheit i befolkninga. Så eg trur, dessverre, at vi må førebu oss på at vi er mål for makter som ikkje vil det norske demokratiet godt, seier han.

Les også Skarp kritikk mot «bleik» og «utvatna» tryggingslov

Tidlegare i år gjorde Totalberedskapsmeldingen eit poeng av at nordmenn bør sikre seg i tilfelle eit landsomfattande straumbrot:

«Under dette å kunne halde varmen, enten ved å ha ei alternativ varmekjelde eller ein plan for kor du kan reise».

Lien oppmuntrar myndigheitene til å «legge enda meir vekt» på å dele etterretning med kraftbransjen.

– Dei som ikkje vil oss godt har både ressursar og vilje til å angripe oss. Vi står sterkare mot dette om innsatsen til bedriftene og styresmaktene er koordinert.

  • Kristin Aadland, administrerande direktør i BKK

    Den nye sikkerheitssituasjonen har ei høg grad av kompleksitet, særleg med tanke på hybridkrigføring der cyberangrep inngår. Sjølv om nettselskapa er solide beredskapsorganisasjonar som er bygd på sikkerheit, så er det naturleg og nødvendig at også vi skjerpar sikkerheitsarbeidet for å framleis trygge straumforsyninga.

    Odd Jarl Borch, medlem i totalberedskapskommisjonen

    Kraftbransjen er generelt flink til å ta lærdom av slike hendingar, og øver heile tida på ulike typar scenarium. Men dessverre har PST-sjefen rett i at denne typen digitale angrep er eit standard verktøy blant dei trusselaktørane vi står ovanfor, og det blir heile tida utvikla noko nytt meir utspekulert. Ein kjem ikkje utanom ei auka satsing på ei meir finmaska digital sikkerheit.

    Stig Rune Sellevåg, sjefforskar ved Forsvarets forskingsinstitutt (FFI)

    Kraftbransjen bør styrke si evne til å handtere cyberangrep. Det er også nødvendig å styrke kontrollen med leverandørkjeder. Kraftbransjen bør også trene og øve meir på slike hendingar, og dessutan dele erfaringar og mønsterpraksis med kvarandre.

    Kai Rune Kvitstein / NRK Andreas Skjøld-Lorange, fagdirektør i Nasjonalt tryggingsorgan

    NSM har gjennom det siste halve året sett aktivitet retta mot digital infrastruktur knytt til vassindustri, demningsanlegg og liknande i Noreg. NSM gjekk derfor ut i mai med ei klar oppfordring til norske verksemder om å ha tydelege beredskapsplanar og øve på desse, og dessutan å etablere reserveløysingar for det verksemda eller samfunnet ikkje kan unnvere.

    Jon Andreas Pretorius, direktør for IT og utvikling i Hafslund Kraft

    Det viktigaste er at kvart enkelt selskap aukar eiga evne til å stå imot vondsinna angrep, og evna til å handtere ei eventuell kompromittering. Vi jobbar målretta med fleire tiltak for å auke eiga motstandskraft. Dernest er det viktig at bransjen samarbeider tett. Informasjonsdeling og samarbeid vil auke den kollektive evna.

    Foto: Statnett Irene Meldal, kommunikasjonssjef i Statnett

    Foss oss er både digital og fysisk sikkerheit avgjerande. Derfor må sikkerheit inn heilt frå teiknebrettet. Digital og fysisk sikkerheit må også sjåast i samanheng, og vi veit at hendingar kan skjer – derfor trenar vi jamleg.

    Nkom / NRK Svein Scheie, sikkerheitsdirektør i Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom)

    Saman med Nasjonalt tryggingsorgan blei det nyleg etablert eit felles rammeverk som skal styrke motstandsevna i samfunnet mot alvorlege cyberhendingar. Rammeverket legg til rette for betre informasjonsdeling og samhandling på tvers av sektorar. I tillegg skal det vere ei stor øving i slutten av november, Øvelse Digital 25, der rundt 60 verksemder frå offentleg og privat sektor skal øvast.

    Carina Johansen / NTB scanpix Tord Lien, direktør for samfunnskontakt i Trønderenergi AS og Aneo AS

    Om myndigheitene og bedriftene jobbar saman, er eg trygg på at vi også i framtida kan stå imot og sikre høg leveringssikkerheit for kraft i Noreg. Eit anna forhold myndigheitene må ta ansvar for er å sikre tilstrekkeleg utdanningskapasitet på området. Om eg skal legge på eit forhold til er det jo å bygge meir nett, slik at utfallet av ein komponent i nettet ikkje bidrar til utfall i forsyninga.

    NRK Haavard Stensvand, fylkesberedskapssjef hos Statsforvaltaren i Vestland

    Ein av dei viktigaste lærdomane frå hendinga i Bremanger er ho viser at åtvaringane om auka digital trussel er veldig reell. Den viser og at lande- og fylkesgrenser ikkje er noko hinder for dei som driv kriminalitet eller krigføring i det digitale domenet. Det betyr mellom anna at verksemder i distrikt-Noreg må ha eit like medvite forhold til sine sårbarheiter som alle andre.

    Trond Winther, direktør i Lnett

    Korleis vi trenar og tenkar må endrast i heile organisasjonen vår, men også elles i samfunnet. Vi treng ein annan type vaktsemd og vi må auke den mentale beredskapen hos alle tilsette og samfunnet elles.

    Tobias Bang-Hansen, næringspolitisk rådgivar i Fornybar Noreg

    Kraftselskapa jobbar nå med meir tyngde og meir systematikk enn før på å forhindre digitale angrep. Det er også viktig at NVE har fått på plass ein ny seksjon for digital sikkerheit. Det er likevel ikkje tvil om at Noreg ligg bak EU i regelverksutviklinga. I Noreg begynner ei ny digital sikkerheitslov å verke om halvannan månad, men denne bygger på gamle EU-reglar.

    NRK Mona Adolfsen, direktør i Samfunnsbedriftene

    Det er avgrensa kva vi kan seie konkret rundt det arbeidet som går føre seg. Men vi kan forsikre om at medlemmene våre førebur seg på ei auka usikkerheit. Samhandling er ein nøkkelfaktor. Her må det samhandlast på tvers av sektorar, departement, og geografiske område. Det må samhandlast mellom bransjen, myndigheitene og regulator, og så må ein øve på ulike situasjonar.

    NRK Erik Stensrud Marstein, Institutt for energiteknikk (IFE)

    For å gjere kraftbransjen meir motstandsdyktig mot cyberangrep bør myndigheiter og energiselskap sikre betre etterleving av cybersikkerheitsstandardar og -rammeverk. Det handlar ikkje berre om teknologi, men om å bygge motstandsdyktige organisasjonar med tilstrekkeleg kompetanse, kapasitet og rutinar for å kunne handtere utfordringane.

    Fredrik Kveen Knut Lockert, leiar i Distriktsenergi

    Vi opplever at det er ein god dialog med politiske myndigheiter, fagmyndigheitene og ein samla bransje rundt beredskap og utfordringane rundt cyberangrep. Det må øvast på denne typen utfordringar og det må øvast meir. Det tar bransjen på alvor og regelverket må tilpassast ein ny trusselsituasjon der vi alle må puste med magen for å treffe planken.

    – Vi må intensivere arbeidet

    Under fornybarkonferansen i vår var det verken energiministeren eller fornybar-sjefen som markerte opninga, men forsvarssjef Eirik Kristoffersen. Eit konkret bilde på at energipolitikk har blitt forsvarspolitikk – og vice versa.

    Sikkerheitsdirektør i Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit, Svein Scheie, seier til NRK at nye tider kallar på meir robuste løysingar:

    – Kraftbransjen jobbar med å stoppe cyberangrep kvar dag, men ein ny sikkerheitspolitisk situasjon gjer at vi må intensivere arbeidet ytterlegare.

    Les også Kraftbransjen etter det spanske straumbrotet: – Dette er ein wake up call

    Les også Åtvarar mot sårbarheit: Hackarar opna damventil i Bremanger

    Les også Kraftbransjen blir med på å auke Ukraina-støtta

  • LES MER:        ©NRK.NO

Comments

https://lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations