Rammede nordmenn i konfliktområdet: Folk kommer seg ikke hjem

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Norske Jan Erik Søndeland er stranda i Dubai på grunn av krigen i Midtausten. Tusenvis av nordmenn kjem seg ikkje heim.

Rammede nordmenn i konfliktområdet: Folk kommer seg ikke hjem

Norske Jan Erik Søndeland er stranda i Dubai på grunn av krigen i Midtausten. Tusenvis av nordmenn kjem seg ikkje heim.

KANSELLERT FLY: Jan Erik Søndeland kjem seg ikkje heim frå Dubai. Alle fly inn og ut av Dubai er kansellert måndag.

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.

Retting: I ein tidlegare versjon skreiv NRK at Tyskland skulle evakuere turistar. Det riktige er at tyske styresmakter planlegg avgrensa flygingar for særleg sårbare grupper. Feilen blei retta 02.03.26 kl. 17.14

Kamphandlingane i Midtausten held fram måndagsmorgon.

I underkant av 2500 nordmenn har registrert hos Utanriksdepartementet (UD) at dei er i konfliktområdet.

Jan Erik Søndeland er på ferie i Dubai, men kjem seg ikkje heim til Noreg.

Søndeland sit fast i Dubai. Han er ikke den einaste.

Flytrafikken i heile regionen er råka av situasjonen. Mange land i Midtausten har stengt luftrommet sitt, og flyselskap har kansellert og omdirigert flygingar.

Alle flygingar til og frå Dubai er kansellert måndag, berre nokon få flyselskap flyg i morgon.

Også internasjonale knutepunkt som Tel Aviv og Doha har innstilte flygingar, skriv BBC.

Tyskland skal sende fly for å evakuere turistar frå regionen. Noreg har foreløpig ikkje planar om det same.

Irans øverste leder, Ali Khamenei, ble drept etter luftangrep lørdag morgen. Han ledet Iran med jernhånd i 36 år.

Flere i ledelsen i Iran har blitt drept, blant annet forsvarsministeren og lederen for Revolusjonsgarden.

Khamenei ble drept av luftangrep fra Israel og USA.

Israelske angrep mot Beirut og Sør-Libanon har drept 31 personer og skadet 149, ifølge Libanons helsedepartement.

Israel angriper Libanon fordi Hizbollah skjøt mandag raketter mot Israel for å hevne drapet på Irans leder Ali Khamenei.

Det israelske militæret (IDF) opplyser at de har avskåret ett av prosjektilene, mens flere andre skal ha landet i ubebodde områder, skriver AFP.

Lederen for Hizbollah i det libanesiske parlamentet Mohammad Raad skal være drept, melder Jerusalem Post.

I et intervju med The Atlantic søndag sa president Donald Trump at Iran er villig til å forhandle.

Irans sikkerhetssjef Ali Larijani, som også fungerte som rådgiver for landets nylig avdøde øverste leder, skriver i et innlegg på X mandag at Teheran ikke vil gå i forhandlinger med USA, ifølge Reuters.

– Trump har sendt regionen ut i et kaos med sine fantasifulle vrangforestillinger, og nå frykter han flere tap blant amerikanske styrker, fortsetter Larijani på X.

Mandag morgen angriper Iran landene De forente arabiske emirater, Bahrain, Qatar og Kuwait. Samtidig angriper Israel og USA Iran og Libanon.

Flere amerikanske kampfly har styrtet i Kuwait, men mannskapet på flyene har overlevd, opplyser Kuwaits forsvarsdepartement.

Irans utenriksminister fordømmer gårsdagens angrep fra Israel og USA.

Han sier landet nå vil slå hardt tilbake etter angrepene.

– Den mest voldelige offensive operasjonen i historien til Den islamske republikken Irans væpnede styrker vil begynne når som helst, melder Revolusjonsgarden via nyhetsbyrået AFP.

Hundrevis av sivile skal være drept i krigen.

Ved en skole vest i Iran ble over 100 barn drept lørdag.

Foreløpige tall fra Al Jazeera sier over 200 døde i Iran, minst ni døde i Israel, og tre amerikanske soldater drept som følge av de pågående angrepene og motangrepene mellom USA, Israel og Iran.

Tapstallene viser også drepte mennesker i Kuwait, De forente arabiske emirater og Irak.

En ny, midlertidig ledelse av landet vil bestå av tre personer.

Den ledelsen består av juristen Alireza Arafi fra Vokterrådet. Han tar over Khameneis rolle som ayatollah.

Han skal samarbeide med Irans president Masoud Pezeshkian og lederen for rettsvesenet Gholam-Hossein Mohseni-Eje'i.

Hva mener egentlig folk i USA om krigen i Iran?

Forrige kort Neste kort Flyet blei kansellert

Jan Erik Søndeland er ein av nordmennene som sit fast i Dubai. Han er på ferie med sambuaren.

Planen var å fly heim søndag. Så måtte dei booka om flyet til tysdag.

– Natta var roleg, så vi håpte å kunne sette oss på det flyet.

Jan Erik Søndeland

Men måndag morgon small det frå luftvernet utanfor hotellet. Det lova dårleg, tenkte han.

Nokon timar seinare kom kontrabeskjeden.

– Også den nye flyginga blei kansellert.

Søndeland håpar at konflikten roar seg, slik at dei kan fly ut så fort som mogleg.

Etter intervjuet fekk han ei gledeleg melding: Han har fått ny flyging – på torsdag.

Søndeland kryssar fingrane for at forsikringa dekker kostnadene han pådrar seg som følgje av kanselleringa.

– Men eg er redd for at alle berre peikar på kvarandre og at eg ikkje får det dekt.

Les også Norske Jan Erik Søndeland tilbrakte natten i et parkeringshus

For kven skal eigentleg ta rekninga når reiseplanane blir stoppa av krig?

Forsikringsselskapa If Skadeforsikring og Tryg Forsikring har opplevd stor pågang sidan laurdag frå nordmenn som er i konfliktområda, eller skal reise gjennom landa.

– Mange lurer på korleis dei skal komme seg heim, men dei må forhalde seg til flyselskapet kor dei har bestilt reisa. Det er dei som har ansvar for å frakte deg heim, seier pressesjef Sigmund Clementz i If.

Dersom flyet ditt ikkje går som planlagt, har flyselskapet ansvar for å «ta vare på deg» fram til flyet går, ifølgje Clementz.

Det inneber blant anna at flyselskapet har ansvar for å ordne overnatting.

Ingen fly får ta av eller lande ved Dubai internasjonale lufthamn måndag.

Også reisande ifrå Asia er råka av situasjonen. I Manila har fleire fly til Midtausten blitt kansellert.

Slik ser informasjonstavla på Indira Gandhi internasjonale lufthamn i New Delhi i India ut.

Reisande i Europa med mellomlanding i Doha eller Dubai er også råka av stengte luftrom og kansellerte flygingar. Her frå London Heathrow lufthamn i England. .

Gjensidige utvidar reiseforsikringa til kundar råka av situasjonen i Midtausten, skriv selskapet i ei pressemelding.

Dei opplever ei dobling i tal kundar som tar kontakt. Mange som tar kontakt har spørsmål knytt til reise.

No utvidar Gjensidige reiseforsikringa til å dekke meirutgifter til forlenga opphald. Det kan dekke utgifter som mat og drikke eller hotell.

Følg utviklinga i Midtausten her:

Krigen mellom Iran, USA og Israel

28. februar utførte Israel og USA et koordinert angrep mot Iran. Angrepet skal ha vært planlagt i flere måneder. Etter angrepet har Iran kommet med flere motangrep på amerikanske militærbaser i Midtøsten.

Utanriksdepartementet (UD) får mange førespurnader frå nordmenn som oppheld seg i dei ramma områda.

– Dette er ein veldig alvorleg situasjon. Vi ser at mange nordmenn er ramma i ulike område, og derfor meiner vi det er viktig å setje krisestab for å sikre at vi klarer å assistere nordmenn på best mogleg måte, seier kommunikasjonsrådgivar i UD, Mariken Bruusgaard Harbitz.

Førespurnadene handlar mellom anna om eiga tryggleik og moglegheita for å kome seg heim frå regionen, opplyser UD.

– Vi merkar også her i Utanriksdepartementet at mange er både bekymra og ramma.

I Dei sameinte arabiske emirata er det no over 1400 registrerte nordmenn.

Totalt er det i underkant av 2500 registrerte nordmenn i dei ramma områda, ifølgje UD.

UD understrekar at reiseregistrering er frivillig, og at det reelle talet kan vere høgare.

Dei opplyser samstundes at det ikkje er aktuelt med statleg hjelp til utreise no.

– Det er ingen planar om assistert utreise, seier Harbitz.

Nordmenn i området blir rådd til å følgje informasjon frå styresmaktene og vurdere eigen tryggleik.

– Utanriksdepartementet kan aldri garantere tryggleiken til folk som er ute på reise, og derfor er det viktig at ein sjølv vurderer eiga tryggleik.

Det er registrert over 100.000 britar i regionen, som ikkje kjem seg heim til Storbritannia.

Storbritannias utanriksminister Yvette Cooper anslår at det er snakk om totalt 300.000 britar i konfliktområda, skriv BBC.

Største andelen av dei ramma britane er ferierande, folk på jobbreise eller gjennomreisande, ifølgje Cooper.

Heller ikkje britiske myndigheiter kjem ikkje til å gjennomføre ei evakuering slik situasjonen er no, men det kan endre seg dersom det ikkje blir opna opp for kommersielle flygingar.

Tyskland skal sende fly til Saudi-Arabia og Oman for å evakuere sårbare grupper, som gravide og familiar med særlege behov.

– Vi skal sende fly til Riyadh og Muscat så fort som mogleg for spesielt sårbare grupper, seier Wadephul.

Landet var ifølge utanriksminister Johann Wadephul i samtalar med det nasjonale flyselskapet Lufthansa for å få på plass flygingane.

Mariken Bruusgaard Harbitz, kommunikasjonsrådgivar i UD.

Dette er krigen mellom Israel, USA og Iran

Siv Emanuelsen og ektemannen hennar skulle fly heim frå Dubai måndag morgon.

Slik blei det ikkje.

Flyet blei kansellert. Det er eigentleg heilt ok under omstenda, synest ho.

– Vi vil ikkje fly medan det er jagarfly, missil og dronar i lufta. Vi hadde vore bekymra for å bli trefte.

Siv Emanuelsen

No avventar dei situasjonen og satsar på heimreise i løpet av veka.

– Sannsynlegvis tar det nokon dagar før vi kan reise heim, seier Emanuelsen.

Ho håpar at forsikringa legg ut, og trur at det løyser seg.

Sjømannskyrkja i Dubai har erfart at folk er uroa over situasjonen.

– Vi tar i mot telefonar heile tida. Det er mange som er uroa. Eg trur vi hadde rundt 100 telefonar i går frå bekymra folk.

Det seier Espen Ingebrigtsen som er operativ leiar i Asia og Europa utanom Spania.

– Vi seier i utgangspunktet at dei må halde seg i ro, men om nokon kjenner seg aleine eller treng eit fellesskap å prate med så inviterer vi dei til kyrkja, legg han til.

Espen Ingebrigtsen opplever at folk er uroa over situasjonen i Dubai.

Ingebrigtsen fortel at situasjonen i nærleiken av kyrkja er akkurat no roleg, og at dei er «forholdsvis trygge».

– Det er veldig stor utryggleik blant folk. Det er behov for informasjon. Det kan aldri bli nok informasjon, seier Ingebrigtsen.

Ingebrigtsen opplyser om at dei ikkje har kapasitet til at folk kjem til dei for å overnatte, men dei innlosjerte fire ungdommar som ikkje hadde noko anna alternativ.

Sjømannskyrkja har ikkje nokon informasjon om når folk kan reise heim.

Les også Over 2000 nordmenn i konfliktområdet: – Det verste er usikkerheten

Er du interessert i det som skjer i verda? Høyr siste podkast-episode frå Urix:

Du trenger javascript for å spille av lydklippet «Urix».

LES MER:                  ©NRK.NO

Comments

https://lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations