Privat investor kjøpte kystvaktskip – vil hindre russisk spionasje og sabotasje

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Bernt Hellesøe vil bruke eit gammalt militærfartøy til «spionjakt» langs norskekysten. – Regjeringa og Forsvaret må få fingeren ut og sørge for at dei vernar oss, meiner han.
– Vi er i Noreg veldig avhengige av internett. Den dagen ei fiendtleg makt tar ut tilstrekkeleg mange fiberkablar, vil landet stoppe å fungere.

Privat investor kjøpte kystvaktskip – vil hindre russisk spionasje og sabotasje

Bernt Hellesøe vil bruke eit gammalt militærfartøy til «spionjakt» langs norskekysten. – Regjeringa og Forsvaret må få fingeren ut og sørge for at dei vernar oss, meiner han.

«SPIONJAKT»: Ein privat investor har kjøpt det tidlegare kystvaktskipet, som nå ligg til kai på Stord. Han vil bruke det til å hindre russisk kartlegging av sjøkablar og annan kritisk infrastruktur. (Video frå Unitech Energy)

– Vi er i Noreg veldig avhengige av internett. Den dagen ei fiendtleg makt tar ut tilstrekkeleg mange fiberkablar, vil landet stoppe å fungere.

Det seier investoren Bernt Hellesøe i Bergen. No ønsker han å ta saka i eigne hender. Han vil bli «spionjeger».

Planen er å bruke eit utrangert militærskip i kampen mot russisk etterretningsverksemd og faren for sabotasje mot kritisk infrastruktur langs vestlandskysten.

– Det er jo hakkande gale at ein privat aktør som eg må gå ut på denne måten. Vi ønsker å presse myndigheitene. Regjeringa og Forsvaret må sørge for at dei vernar oss, befolkninga i Noreg, på ein forsvarleg måte. Dei må få fingeren ut, seier Hellesøe til NRK.

BT omtalte saka først.

Bernt Hellesøe meiner det gamle kystvaktskipet han har kjøpt, bør brukast mot russisk etterretning langs norskekysten.

Les også PST meiner prorussiske hackarar står bak dam­sabotasje: – Må vere budd på meir

I fjor vinter kjøpte han det gamle kystvaktskipet Senja. Han døypte det om til RV North Star.

Men kva kan ein eigentleg bruka eit 45 år gammalt og 100 meter langt militærfartøy til?

Hellesøe har prøvd ulike ting.

Skipet er blitt del av eit stort EU-prosjekt om elektrifisering av store skip med dieselmotor.

Ein annan plan var å bruke det som skule- og forskingsskip i samband med flytande havvind.

– Men regjeringa greier ikkje å prioritere havvind. Så vi må sjå oss om etter andre moglegheiter, seier han.

Hellesøe (til høgre) planla eigentleg å bruke skipet i samband med norsk satsing på flytande havvindindustri, men ser no etter annan bruk.

Han grip dermed fatt i eit aktuelt samfunnsproblem: faren for russisk etterretning og sabotasje mot kritisk infrastruktur til havs.

– 95 prosent av all internettkommunikasjon i verda går i kablar på havbotnen – ikkje oppi lufta eller «skya», som dei fleste trur. Og stort sett overalt ligg dette fullstendig ubeskytta.

– Vi må førebu oss på at ein framtidig krig i desse urolege tider kanskje ikkje først og fremst blir med kuler og krut. Men ei hybrid krigsføring, der internettkablar blir tatt ut, deretter røyrleidningar og høgspentkablar.

Les også Heng langt etter på klimamål: Får 90 millionar frå EU for å gjera skip grønare

Han meiner Noreg må få til ei effektiv avskrekking.

– Vi kan ikkje vente til strategiske internettkablar blir ramma. Marinen, kystvakta og politiet har for lite materiell til å hindre dette. Det har kome heilt i bakleksa.

Hellesøe planlegg å bruke skipet som ein base for overvaking.

– Vi kan utstyre skipet med dronar, ROV-ar (undervassdronar), helikopter og små, hurtige båtar. Då kan vi patruljere området mellom Hardangerfjorden og Sognefjorden.

Han hevdar at han berre treng ti månadar på å utstyre skipet før det kan gå inn i patruljeteneste.

Hellesøe meiner helikopter og kjappe båtar kan ha skipet hans som base for overvakinga av sjøkablar på norsk sokkel.

Les også Russland anklager Norge for militarisering av Svalbard: – Uttrykk for russisk svakhet

– Det er soleklart at beredskapen er for dårleg når det gjeld å kartlegge russisk sabotasje. Det har vore ei kjent problemstilling i mange år at russarane driv med kartlegging og overvaking av kysten vår, seier stortingsrepresentant Peter Frølich i Høgre.

Han vil likevel ikkje gå god for utspelet frå Hellesøe.

– Bodskapen vår er at det trengst handlekraft og tiltak. Men om det skjer i form av eit skip som dette, eller dronar eller overvakingshelikopter, er opp til regjeringa å avgjere. Deretter tar Stortinget stilling til finansieringa.

– Regjeringa er veldig bakpå når det gjeld oppsyn med kystnære område. Ho har ikkje klart å ruste politi eller forsvar til å kunne føre effektiv kontroll, meiner Peter Frølich (H).

– Er det bra viss private investorar sørgar for slik overvaking?

– Mest mogleg bør skje i regi av politiet eller Forsvaret sjølv. Men om dei leiger inn kapasitetar, så kan ikkje det vere utelukka. Vi kan ikkje avvise nye løysingar for å få kontroll på den alvorlege situasjonen.

Hellesøe seier det er investert rundt 60 millionar kroner i skipet. Han anslår at det totalt må investerast 480 millionar.

– Er initiativet ditt eit slags borgarvernopplegg?

– Det er klart at dette må vere del av det eksisterande systemet i Noreg. Men eg ønsker at dette blir ein vekkar for regjeringa.

– Vi ønsker å få myndigheitene til å investere litt i denne satsinga, så vi kan bli nokre hakk sikrare.

– Du kalla det «hakkande gale» at ein investor som deg må ta initiativ. Likevel vil du ha offentlege pengar?

– Ja, ja. Noko anna er ikkje på tale. Det er jo marinen eller politiet som må gjere jobben om bord. Men vi kan stille til rådvelde denne og tilhøyrande einingar for regjeringa.

Konseptet kan vere opererbart og i full funksjon i løpet av ti månadar.

Kystvaktskipet Senja vart bygd i 1980, og Kystvakta brukte det fram til 2021. Bernt Hellesøe kjøpte skipet i 2024.

– Etter lange fredsperiodar, er det privat næringsliv som må trykke på for at det skjer noko. Og vi er i ein slik periode nå, meiner Hellesøe.

– Er motivet ditt nasjonal tryggleik eller å tene pengar på skipet?

– Sjølvsagt må det vere økonomi i det. Men dette er først og fremst for å gi myndigheitene eit spark bak så dei kjem i gang. Med den aukande uroa som er i verda, er det uhøyrt at det ikkje skjer meir.

– Er du panisk på leit etter noko som gir inntening på skipet?

– Vi kan selje skipet og tene litt pengar på det. Eller vi kan leige det ut til andre Nato-land. Men eg er norsk, og brenn spesielt for Kyst-Noreg. Det er prekært å skremme framande makter frå hybrid krigsføring.

Minst fem departement har delansvar for tematikken. NRK har bede regjeringa kommentere kritikken og initiativet frå Hellesøe.

– Norsk kritisk undervassinfrastruktur blir overvaka kontinuerleg slik at vi raskt kan avdekkje uønskt aktivitet, skriv fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss på vegner av regjeringa.

Departementet svarer ikkje på spørsmåla om initiativet frå den private investoren, men skriv:

– Vi samarbeider godt om overvaking og sikring av slik infrastruktur på tvers av nasjonar og på tvers av offentleg og privat sektor.

Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss (Ap) har svart NRK på vegner av dei involverte departementa:

«Maritim tryggleik og situasjonsforståing i våre nærområde er viktig for regjeringa, og det er sentrale prioriteringar i den nasjonale tryggingsstrategien og i langtidsplanen for forsvarssektoren.

Norsk kritisk undervassinfrastruktur blir overvaka kontinuerleg slik at vi raskt kan avdekkje uønskt aktivitet. Det er tett samarbeid mellom politi, forsvar og relevante tryggingsstyresmakter for å førebyggje risiko og avdekkje uønskt aktivitet på norsk sokkel.

Den alvorlege tryggingspolitiske situasjonen krev auka årvaknad. Både grensekontroll og tryggleik rundt kritisk infrastruktur har fått større tyding, og krev mellom anna meir politiinnsats enn tidligare.

Regjeringa har òg sett i verk tiltak for å styrkje den maritime tryggleiken og verne undersjøisk infrastruktur. Mellom anna har Gassco, som er operatør og har ansvar for sikker og effektiv transport av gass frå norsk sokkel, blitt underlagd tryggingslova. Også selskap som eig undersjøisk kommunikasjonsinfrastruktur er underlagde tryggingslova. Samarbeidet mellom offshore-næringa og tryggingsstyresmaktene er òg styrkt.

Vår undersjøiske infrastruktur er viktig både for Noreg og for allierte. Vi samarbeider godt om overvaking og sikring av slik infrastruktur på tvers av nasjonar og på tvers av offentleg og privat sektor.»

LES MER:   Copyright NRK.NO

Comments

https://lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations