Politiet beklagar etter at dei ikkje rykka ut til vald på bensinstasjon i Rissa

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Politiet hadde ikkje folk å sende da to menn gjekk til angrep på Vidar Dyrendahl. No lovar dei jamleg patruljering.

Politiet beklagar etter at dei ikkje rykka ut til vald på bensinstasjon i Rissa

Politiet hadde ikkje folk å sende da to menn gjekk til angrep på Vidar Dyrendahl. No lovar dei jamleg patruljering.

SLÅTT TIL: Vidar Dyrendahl ble slått til mens han var på jobb fredag 2. januar.

– Eg har framleis hjerneristing. Det kjenner eg for eg er både kvalm og har vondt i hovudet, fortel Dyrendahl som er dagleg leiar ved YX i Rissa i Indre Fosen.

Fredag formiddag blei han slått av to menn da han var på jobb på bensinstasjonen.

– Eg går heile tida og tenker «når kjem dei tilbake igjen». Sjølv om dei er ilagt besøksforbod, så føler eg meg ikkje trygg på det.

Da Dyrendahl ringde til politiet fekk han beskjed om at dei ikkje såg på situasjonen som alvorleg og at dei ikkje hadde folk å sende.

Les også Vidar ble slått på jobben – politiet hadde ikke ressurser til å rykke ut

Situasjonen starta ved at to menn sat og drakk øl på bensinstasjonen. Dette er ikkje lov og da Dyrendahl bad dei om å forlate bensinstasjonen blei det ampert.

Da han skulle til å ringe politiet, gjekk dei to mennene til angrep og slo telefonen ut av handa hans.

Ein video frå staden viser at dei deretter slår gjentatte gongar mot hovudet og kroppen til Dyrendahl.

Etter at situasjonen var over, ringde Dyrendahl til politiet.

– Og den personen eg snakka med da fortalde at dei ikkje hadde kapasitet til å kome.

– Eg kjenner meg ikkje ivaretatt i det heile tatt.

Dyrendahl reagerer på at politiet ikkje rykka ut da han blei slått på jobb fredag.

Den daglege leiaren fortel at hendinga har sett ein støkk i han.

– Og det er ikkje berre for meg. Eg har jo mange tilsette som eg også må tenke på.

Dyrendahl peiker på nokre av dei tilsette er unge.

Han seier politiet besøkte bensinstasjonen måndag. Sjølv om han ikkje klandrar det lokale politiet i Rissa, er han skuffa over politiet sin manglande innsats.

– Det er jo systemet det er noko radikalt feil med.

– Du blir slått ned i din vanlege jobb og dei prioriterer ikkje å kome eingong. Det synest eg er ... Da synest eg samfunnet er heilt på ville vegar.

Politistasjonssjef ved Fosen politistasjonsdistrikt, Hallgeir Stjern, ønsker ikkje å kommentere ressurssituasjonen for politiet på Fosen.

Han fortel at politiet ser alvorleg på denne typen vald.

– Eg beklagar at det ikkje blei send patrulje til staden rett etter første melding om valdshendinga for å gjenopprette tryggleik på staden, skriv Stjern i ein e-post til NRK.

Stjern fortel at politiet har vore i dialog med Dyrendahl fleire gongar i ettertid av hendinga.

– Vi har forståing for at fornærma blir skremt av å oppleve ei slik hending.

– For å oppretthalde tryggleik, spesielt overfor fornærma og tilsette ved YX-stasjonen, vil lokalt politi framover patruljere jamleg i sentrum av Rissa.

Rissa politistasjon ligg nokre hundre meter unna YX stasjonen der valdsepisoden skjedde.

At politiet ikkje rykka ut, har ikkje gått utover etterforskinga av saka, fortel Stjern.

– Politiet har sidan fredag oppretta sak, gjennomført bevissikring gjennom innhenting av videoklipp og gjennomført tre vitneavhøyr.

Han fortel at dei to gjerningspersonane er kjent att av politiet. Dei er mistenkt for kroppskrenking og har fått besøksforbod overfor Dyrendahl og bensinstasjonen.

– Det gjenstår framleis avhøyr av dei to mistenkte som vi håper å få gjennomført snarleg.

NRK kjenner ikkje identiteten til dei to mistenkte mennene og er ikkje kjend med korleis dei stiller seg til saka.

Les også Sikta for drapet på Løkken nektar framleis å forklare seg

Ordførar i Indre Fosen, Oskar Småvik (H), seier det er trist at ei slik hending oppstår.

Han fortel at dei like før jul hadde politiråd og gjekk gjennom hendingar og utfordringar i kommunen.

– Der konkluderte vi med at politiet gjer ein god jobb og at det er tillit til politiets arbeid.

– At denne nylege hendinga kunne ha vore handtert annleis i starten er uheldig, men endrar ikkje totalinntrykket i forhold til tillit.

Småvik viser til at det no er politiet sin oppgåve å handtere saka vidare.

LES MER:         ©NRK.NO

Comments

https://lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations