Oppdaga at 185 tilsette hadde lese journalen til mannen hennar i Sunndal - kommunen avviser snoking

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Kona måtte gå heilt til retten for å få journalen. Då ho oppdaga kor mange som allereie hadde sett den, fekk ho sjokk.

Oppdaga at 185 tilsette hadde lese journalen til mannen hennar i Sunndal - kommunen avviser snoking

Kona måtte gå heilt til retten for å få journalen. Då ho oppdaga kor mange som allereie hadde sett den, fekk ho sjokk.

Gunn Inger Reiten mistenkjer at tilsette har snoka i journalen til mannen hennar.

Vi rapporterer frå Sunndalsøra

Publisert 03.01.2023, kl. 09.40
Oppdatert 03.01.2023, kl. 13.55

Gunn Inger Reiten i Sunndal var ikkje meir enn 47 år gamal då livet blei endra totalt. Då fekk ektemannen slag og med eit knips måtte den aktive trebarnsfaren ha hjelp døgnet rundt.

For Reiten var det ei heilt ny erfaring å vere pårørande, og ho reagerte på at så mange hadde tilgang på journalen til den sjuke mannen hennar.

– Det kjennest som ei stor inngriping i privatlivet vårt, seier Gunn Inger Reiten.

– Kva trur du er årsaka til at så mange har lese journalen?

– Eg skjønner det ikkje, seier ho.

Ho mistenkjer at fleire av dei tilsette har drive journalsnoking, at kommunen har ført journalen i strid med lova og endra og sletta i ettertid.

Reiten har kjempa i lang tid for å få ut journalen til den sjuke mannen sin frå kommunen.

Gunn Inger Reiten var så fortvilt at ho hyra advokat og ba han klage.

No har Statsforvaltaren i Møre og Romsdal granska saka. Gjennomgangen viser følgjande:

– Vi trur det har vore stor nysgjerrigheit rundt saka. Vi trur mange har falle for freistinga å lese i journalen når dei har sett saka omtalt i media, seier Martin Williams.

Han er advokaten til Gunn Inger Reiten og klaga fleire gonger før Statsforvaltaren bestemte seg for å granske saka.

Gunn Inger Reiten og advokat Martin Williams i retten.

Men Statsforvaltaren konkluderer med at dei ikkje kan slå fast at det har skjedd snoking.

Med unntak av eitt enkeltståande tilfelle i 2017, meiner Statsforvaltaren at alle dei 184 andre tilsette i kommunen har hatt lovleg tilgang til journalen.

Rett nok er opplysningane til dels motstridande, men Statsforvaltaren meiner det er sannsynleg at ingen har brote lova.

Vi mener det høye antallet, de korte intervallene og flere loggtellinger på samme tidspunkt gjør at systemlogg ikke med tilstrekkelig sikkerhet gir støtte for påstanden om at det har skjedd snoking i det omfanget som klager påstår.

Fra klagerens side har man for øvrig ikke presisert hvilke taushetsbelagte opplysninger uvedkommende har tilegnet seg.

Jannicke Bruvik er nasjonalt koordinerande Pasient- og brukarombod. Ho har lese konklusjonen frå Statsforvaltaren, og meiner 185 tilsette er eit svært høgt tal.

Ho viser også til at Sunndal er ein liten kommune med om lag 7000 innbyggarar, og at det inneber at mange i bygda då får kjennskap til svært private opplysningar.

– Dersom ein oppdagar oppslag i journal av personar ein ikkje meiner har eller har hatt eit behandlingsansvar er det klart at ein skal kunne stille spørsmål og få ei forklaring på kvifor vedkomande har lest, seier Bruvik.

Ho seier få sjekkar kor mange som les journalane deira, og meiner folk bør bli flinkare til å gjere det.

Jannicke Bruvik er koordinerande Pasient- og brukarombod i Noreg. Ho seier lova er klar på kven som har rett til å lese folk sine journalar.

Men kommunedirektør Randi Dyrnes avviser at det har gått føre seg journalsnoking eller at kommunen har endra og sletta i journalen.

Både lokalavisene og NRK har fleire gonger omtalt kommunen sin motvilje mot å gje Gunn Inger Reiten tilgang til mannen sin journalen, men Dyrnes avviser at det har ført til snoking.

– Saka skaper nok merksemd, men våre tilsette er profesjonelle. Både gjennom utdanning og rutinane våre veit dei godt at det ikkje er tillate med snoking i journalen, seier ho.

– Men er det rett å gje 185 ulike personar tilgang til journalen?

– For at vi skal yte gode tenester 24/7 er det i enkelte tilfelle, ja.

No har kommunen fått frist til 1. mars med å legge fram ein plan for korleis dei vill følgje opp dersom dei oppdagar journalsnoking i framtida.

Kommunedirektør Randi Dyrnes seier dei tilsette er profesjonelle og veit at det ikkje er lov å snoke i journalar.

Gunn Inger Reiten er ikkje einig i konklusjonen til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og mistenkjer at kommunen har nølt med å gje henne journalen fordi dei har hatt noko å skjule.

Mannen hennar gjennom snart 30 år anar ingenting om striden. Etter slaget i 2014 er offshore-arbeidaren på ingen måte den han ein gong var.

– Eg trur han hadde blitt heilt mållaus og sjokkert, han hadde ikkje trudd det, seier ho.

LES MER:

Comments

https://lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations