Møbelbedrifta Ekornes må seie opp 80 tilsette

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Møbelsalet går ned hos Ekornes og no må dei kutte 80 årsverk. – Det er dramatisk for dei som blir oppsagt, seier tillitsvald.

Møbelbedrifta Ekornes må seie opp 80 tilsette

Møbelsalet går ned hos Ekornes og no må dei kutte 80 årsverk. – Det er dramatisk for dei som blir oppsagt, seier tillitsvald.

Edvard Lie er hovudtillitsvald ved Ekornes. Tysdag fekk dei tilsette beskjed om at 80 årsverk blir kutta.

Publisert 20.09.2022, kl. 14.31
Oppdatert 20.09.2022, kl. 15.50

Møbelbedrifta J.E. Ekornes som blant anna er kjend for stresslessen sin hadde ein stor opptur under koronaen. Dei produserte så mykje møblar at dei sleit med å få tak i nok tilsette.

No har situasjonen snudd totalt.

Tysdag fekk dei tilsette beskjed om at det blir kutta 80 årsverk ved dei fire fabrikkane.

– Det er dramatisk for dei som blir oppsagt. Og det er dramatisk for Ekornes. Det er eit teikn på at vi sel mindre enn før, seier tillitsvald Edvard Lie.

No skal han og fagforeiningane vere med på drøftingssamtalar med arbeidarane som står utan jobb. Etter det blir det å hjelpe dei ut i annan jobb.

– Vi veit framleis ikkje kven som må gå, seier Lie. Det er totalt 1200 tilsette ved dei fire fabrikkane i Sykkylven og på Grodås i Volda.

Les også: Folk har ikkje råd til å kjøpe møblar lengre – må kutte i produksjonen

Produksjonssjef Ola Arne Ramstad ved Ekornes seier at dei må seie opp tilsette for å redusere produksjonskapasiteten.

Lie seier at dei tilsette har vore klar over at oppturen ikkje kunne vare.

– Vi visste at koronaeffekten ikkje ville vare. Men så kom krigen og straumkrisa. Då prioriterer ikkje folk å kjøpe møblar, seier Lie.

Produksjonsdirektør Ola Arne Ramstad ved Ekornes seier at ordreinngangen til fabrikkane er lågare enn produksjonskapasitetet og at dei dessverre må seie opp tilsette.

– Det er ei trasig sak og det er naturlegvis aller mest trasig for dei som blir ramma av dette. Det er ei negativ nyhende, men vi må ta oss gjennom dette, seier Ramstad.

På det meste gjekk det ut 1200 stressless-lenestolar kvar dag. For kort tid sidan innførte bedrifta fire dagars veke med ein produksjon på 900 stolar per dag.

Grunnen til mindre etterspurnad forklarar bedrifta med inflasjon, høge energiprisar, tørkesommaren i Europa og ringverknadane av krigen i Ukraina.

Odd Jostein Drotninghaug er ordførar i Sykkylven.

Ordførar i Sykkylven, Odd Jostein Drotninghaug ( Sp) seier det er trist at bedrifta må seie opp tilsette. Han er ikkje overraska over at det skjedde no, sidan bedrifta har tilsett så mange dei siste par åra.

– Eg håper dei får ein ny jobb så raskt som mogleg, slik at dei kjem i gang og slepp å gå og vente. Eg håper det er andre bedrifter som har behov for dei, seier Drotninghaug.

Sykkylven er svært avhengig av møbelindustrien og er med i eit omstillingsprogram for å skape eit breiare næringsliv.

– Kanskje kan nokon av dei som mistar jobben tenke seg å etablere noko også, seier Drotninghaug.

Les også: Arbeidsledige Karl August fekk jobb i rekordfart i Sykkylven

LES MER:

Comments

https://lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations