Mistenkjer at sjukepleiar har snoka i 76 journalar - helseekspertar kritiserer kommunen

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Ein sjukepleiar skal ha klart å snoke i minst 76 pasientjournalar før det blei oppdaga. No får kommunen kritikk frå fagfolk.

Mistenkjer at sjukepleiar har snoka i 76 journalar - helseekspertar kritiserer kommunen

Ein sjukepleiar skal ha klart å snoke i minst 76 pasientjournalar før det blei oppdaga. No får kommunen kritikk frå fagfolk.

Kommunen på Sunnmøre meiner dei har avdekt omfattande journalsnoking. No får dei sjølv kritikk.

Nyleg måtte ein sjukepleiar i ein sunnmørskommune gå frå jobben sin på dagen. Kommunen hevdar at ho har drive med omfattande snoking i journalar.

Bente Ohnstad er professor emerit i helserett ved Universitetet Innlandet. Ho har aldri høyrt noko liknande.

– Nei, ikkje så omfattande. Det har vore enkelttilfelle som har vore slått hardt ned på, for det er jo eit lovbrot, men slik som dette har eg ikkje kjennskap til.

– Kor alvorleg er det at kommunen ikkje oppdagar det før etter lang tid?

– Det virkar som dei ikkje har hatt gode nok rutinar, og det er alvorleg. Dei har internkontrollforskrift som pålegg dei plikter, det er ei journalforskrift som pålegg plikter, så det er sjølvsagt alvorleg fordi det rokkar ved tilliten til kommunen også, seier ho.

Les svaret til kommunen lenger nede i saka.

Professor emerit Bente Ohnstad meiner saka svekkjer tilliten også til kommunen.

I avviksmeldinga frå kommunen kjem det fram at sjukepleiaren skal ha slått opp i pasientjournalar på fritida:

«Dei loggførte avvika er hovudsakleg når den tilsette ikkje er på arbeid (fri utfrå turnus, eigenmelding, permisjon, feriar og...Gjer merksam på at mange av oppslaga skjer sein kveld/natt», heiter det i avviksmeldinga til statsforvaltaren.

Her er avviksmeldinga som kommunen har sendt til statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Fargelegginga er gjort av NRK for å tydleggjere hovudpoenget.

Anne Kjersti Befring, som er professor og ekspert i helserett ved Universitetet i Oslo, meiner det er spesielt kritikkverdig at dette ikkje har blitt fanga opp.

– Ein skal jo ikkje utstyre helsepersonell på ein slik måte ta dei kan gjere oppslag i alle journalar på si eiga fritid, seier ho.

Ho meiner at det er urovekkjande at det gjekk over to år før kommunen ante uråd.

– Alle skal føre logg over kven som gjer oppslag, og då vil det vere veldig enkelt å sjå når oppslaget er gjort, og om det er gjort medan ein er på arbeid, seier ho.

Professor Anne Kjersti Befring seier det er urovekkjande at det gjekk to år før kommunen ante uråd.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal starta nyleg gransking av sjukepleiaren.

Fylkeslege Karin Müller Mikaelsen seier det påståtte omfanget er svært uvanleg og at det er viktig å vurdere saka.

– Målet er å bevare tilliten i befolkninga slik at innbyggarane kan vere trygge på at helsepersonell ikkje urettmessig skaffar seg informasjon om helsa og omsorgssituasjonen deira.

Ho meiner det er svært alvorleg dersom pasientar vegrar seg mot å dele viktig informasjon som helsepersonell treng for å kunne hjelpe dei.

Fylkeslege Karin Müller Mikaelsen.

Det er viktig at folk har tillit til helsepersonell og veit at dei kan stole på legar og sjukepleiarar.

Helsepersonell har difor strenge krav om å opptre slik at folk kan ha tillit til dei.

Då gjer at pasientar kan tørre å fortelle kva dei slit med og ta mot behandlinga dei får.

Helsepersonellova § 1 seier:

«Lovens formål er å bidra til sikkerhet for pasienter og kvalitet i helse- og omsorgstjenesten samt tillit til helsepersonell og helse- og omsorgstjenesten

Statsforvaltaren i kvart fylke er sett til å granske saker der det er rimeleg grunn til å tru at noko har blitt gjort feil.

Pasientar kan sjølv klage dersom dei meiner dei ikkje har fått den behandlinga dei skulle hatt eller har fått ein skade som følgje av helsehjelpa.

Ei gransking inneber mellom at statsforvaltaren undersøkjer kva som har skjedd og ber dei involverte om å gje sin versjon.

Dei mest alvorlege sakene blir sende til Statens helsetilsyn, som kan slå fast at helsepersonellet eller leiinga i kommunen/sjukehuset har brote lova.

Statsforvalterne behandla ifølgje Statens helsetilsyn nesten 17.500 klage- og tilsynssaker i 2024 åleine.

Slike saker kan vere ei stor belastning for pasientane og pårørande som har blitt skadelidande, men er ofte også tungt for dei tilsette i helsevesenet eller kommunen.

I dei mest alvorlege sakene kan legen eller sjukepleiaren miste retten til å utøve yrket sitt på kort eller lengre sikt.

Forrige kort Neste kort Vil sjekke alle tilsette framover

Nyleg måtte sunnmørskommunen informere 76 uvitande pasientar om det som skal ha skjedd.

Kommuneleiinga vil ikkje seie kva for relasjon sjukepleiaren har til dei 76 pasientane, og meiner det kan røpe identifiserande detaljar om dei.

Kommunen sjølv legg vekt på at det påståtte avviket blei avdekt gjennom ein rutinekontroll, og skjerpar no kontrollen av dei tilsette.

Kommuneleiinga vil ikkje kommentere utsegna frå dei to professorane.

Kommunen ønskjer ikkje å kommentere om dei har hatt for dårlege rutinar, men i ei melding til Datatilsynet kjem det fram at dei vil sette inn fleire tiltak.

Elektroniske journalar har gjort det enklare å snoke, og professor Anne Kjersti Befring seier at det ikkje er mogleg for nokon kommune å vere sikre på at alle tilsette held seg på matta.

Ho seier at det kan vere svært krevande å skilje det som er lovleg frå det som er ulovleg, men er klar på at sunnmørskommunen har ein jobb å gjere.

– Når dei får ei slik sak er det ein god grunn til å gå gjennom alle kontrollrutinar, sjå korleis ein kan forbetre det, utan at det fører til enormt mykje ressursbruk. For ressursane bør brukast på pasientane primært, seier ho.

Sjukepleiaren fekk for kort tid sidan avskjed på dagen. Gjennom advokaten sin har ho tidlegare avvist å ha gjort noko gale.

Har du innspel eller tips? Ta gjerne kontakt! 

LES MER:           ©NRK.NO

Comments

https://lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations