Fisker fekk ikkje omstillingsmidlar etter fiskeforbod

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Arild Lindholm Karlsen har ikkje hatt inntekt sidan starten av året på grunn av fiskeforbodet i Oslofjorden. Situasjonen er alvorleg, seier Norges Kystfiskarlag.

Fisker fekk ikkje omstillingsmidlar etter fiskeforbod

Arild Lindholm Karlsen har ikkje hatt inntekt sidan starten av året på grunn av fiskeforbodet i Oslofjorden. Situasjonen er alvorleg, seier Norges Kystfiskarlag.

MISTA LEVEBRØDET: Yrkesfiskar Arild Lindholm Karlsen krev no at søknadene vil bli sett på ein gong til.

Vi rapporterer frå Færder

Etter at regjeringa innførte nullfiskeområde frå 1. januar, har fleire yrkesfiskarar kjent på fortviling.

Men på starten av dette året augna mange eit håp, da dei fekk høve til å omstille seg.

Fordi fiskeforbodet er eit tiltak for å redde fjorden, kunne fiskarar søke på ein pott på 100 millionar kroner for å bidra til naturrestaurering.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) lova at fiskarane ville bli prioriterte da pengane skulle delast ut.

Men slik blei det ikkje likevel.

– Eg søkte om 3,7 millionar kroner og fekk null. Det er status for dei fleste andre fiskarane som har søkt. Dei har også fått blankt avslag, seier yrkesfiskar Arild Lindholm Karlsen.

Yrkesfiskar Arild Lindholm Karlsen i Færder.

Han har fiska nord for Horten og Moss som er i eit nullfisk-område. Derfor har han stått utan inntekt sidan januar.

🛑Frå 1. januar 2026 vart det innført tre store nullfiskeområde i Oslofjorden: Indre Oslofjord frå Moss til Oslo, og ved nasjonalparkane Færder og Ytre Hvaler.

🐟I nullfiskeområda blir alt fiske forbode, både yrkesfiske og fritidsfiske.

🦀Krabbefiske med snøre for barn vil framleis vere tillate.

🔎Det kan gjevast dispensasjon til forsking, undervisning, fjerning av stillehavsøsters og formidling av kystkultur.

Kjelde: Regjeringa.

Nå er han og kollegaene frustrerte.

– Inntekta vår og levebrødet vårt er tatt bort på eit pennestrøk.

Miljødirektoratet har delt ut ein pott på 90 millionar kroner, men mange fiskarar har ikkje fått pengar.

Problemet er at det ikkje berre er fiskarar som har hatt tilgang til å søke, fortel Karlsen.

– Det tyder heilt klart på at fiskarane ikkje har verken fått prioritet eller stått først i køen, som minister Bjelland har stått og lova.

Miljøstiftinga Elv og Hav har fått 2,3 millionar kroner og marinereparatørane har fått 11 millionar kroner.

– Dei gjer kjempegode jobbar, men frå statens side har fiskarane blitt halde for narr, for vi har ikkje blitt prioriterte.

Les også Fiskere får millioner for å lete etter spøkelsesteiner

Situasjonen er alvorleg, seier dagleg leiar Hanna Arctander i Norges Kystfiskarlag.

Ho veit ikkje kor mange fiskarar som har fått avslag, for ho veit ikkje kor mange som har søkt.

Hanna Arctander er dagleg leiar i Norges Kystfiskarlag.

Hanna Arctander er dagleg leiar i Norges Kystfiskarlag.

– For mange av dei handlar det om at dei må slutte i yrket sitt, og finne noko heilt nytt å gjere midt i arbeidslivet, seier Arctander.

– I tillegg har dei ikkje nokon garantiar eller visse om kva slags kompensasjon eller bistand dei kan få av myndigheitene, sjølv om dei har blitt lova det.

For fiskarane i nullfiskeområdet er mange av båtane laga for å fiske i nære farvatn. Det gjer at dei også er relativt verdilause nå, fortel ho.

– Det gjer det økonomiske tapet enda større. Ikkje berre tap av inntekt og at ein må forlate yrket, men også den investeringa ein har bygd opp over eit yrkesliv.

I første omgang vil Norges Kystfiskarlag be om eit møte med Klima- og miljødepartementet for å finne ut av kva som har skjedd.

– Det er behov for mykje raskare avklaringar enn det vi har sett til nå.

Regjeringa sette av nesten 100 millionar kroner til å restaurere fjorden, men det kom inn søknader for totalt 400 millionar kroner.

– Vi har prioritert dei tiltaka som har best effekt for Oslofjorden, seier statssekretær Kristoffer André Hansen.

Statssekretær Kristoffer André Hansen (Ap) i Klima- og miljødepartementet.

Statssekretær Kristoffer André Hansen (Ap) i Klima- og miljødepartementet.

– Da er det nokon fiskarar som har fått avslag i denne omgangen. Dei har høve til å klage, så skal vi behandle kvar klage skikkeleg og sjå om det blir eit anna utfall i den prosessen.

– Har fiskarane da blitt halde for narr?

– Fiskarane har fått høve til å vere med, og mange har søkt. Mange har også nå fått høve til å vere med i dei tildelingane som har komme. Så er det nokon som har fått avslag, og dei vil ha høve til å klage på det, svarer Hansen.

Les også Innfører forbud: – Kroken på døra for oss her ute

Yrkesfiskar Karlsen i Færder krev nå at søknadene blir sett på ein gong til.

– Her må dei inn og enten løyve nokre meir pengar, eller be oss sende inn søknadene på nytt. Så får dei gjere ei ny vurdering.

Foto: John-Andre Samuelsen / NRK

Han meiner det ikkje er mange søknader det er snakk om.

– Eg vil anslå at ut frå ein sånn størrelse her, så snakkar vi kanskje om pluss/minus 15 millionar kroner for å få innvilga søknadene til dei som er mest ramma.

Karlsen har til nå levd på oppsparte midlar. Nå vurderer han å selje fartøyet og finne seg ein jobb på land.

– Eg er vel heldig om eg klarer å komme ut av det ved å kanskje gå i null.

LES MER:                   ©NRK.NO

Comments

https://lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations