Bydelen ba døvblinde Karianne øve seg på å vere meir sjølvstendig

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Plutseleg fekk Karianne og fleire andre eit brev om at dei skulle miste all assistanse. No beklagar bydelen.

Bydelen ba døvblinde Karianne øve seg på å vere meir sjølvstendig

Plutseleg fekk Karianne og fleire andre eit brev om at dei skulle miste all assistanse. No beklagar bydelen.

Når Karianne Havsbeg får hjelp av ein assistent, prøver ho å få mest mogleg ut av tida. Denne gongen får ho hjelp til å rydde i kjøleskapet.

Når Karianne Havsbeg får hjelp av ein assistent, prøver ho å få mest mogleg ut av tida. Denne gongen får ho hjelp til å rydde i kjøleskapet.

Vi rapporterer frå Oslo

Publisert 14.03.2023, kl. 13.12
Oppdatert 14.03.2023, kl. 13.25

– Eg tør eigentleg nesten ikkje tenke på eit liv utan assistanse, for då stoppar alt opp.

Det seier Karianne Havsberg.

Ho kan nesten ikkje sjå eller høyre, og er i praksis døvblind. Det gjer at ho treng ekstra hjelp i kvardagen.

Sidan 2010 har ho hatt 18 timar i veka med brukarstyrt personleg assistanse (BPA), som gjer at kvardagen går rundt.

Sjokket var derfor stort då ho i januar fekk eit brev frå bydel Vestre Aker i Oslo. Der står det svart på kvitt at vedtaket om BPA-timane hennar opphøyrer 31. mai 2023.

– Først blei eg veldig sett ut. Så begynte eg å gråte. Etterpå blei eg sint, seier Karianne.

Førerhunden Fiona er god å ha når Karianne Havsberg må ut på eiga hand. Men Karianne må likevel alltid vere oppmerksam på verda rundt.

Førerhunden Fiona er god å ha når Karianne Havsberg må ut på eiga hand. Men Karianne må likevel alltid vere oppmerksam på verda rundt.

Før har Karianne sendt inn informasjon for å bevise at ho framleis treng BPA, og bydelen har fortsett ordninga.

Men denne gongen kom dei med eigne argument for kvifor dei meiner Karianne ikkje treng hjelp lenger.

Dei meiner mellom anna at ho:

Karianne skjønar ingenting av dei argumenta.

– Eg skulle verkeleg ønskje at verda var så tilgjengeleg som det bydelen ser ut til å tru. Det er ingenting anna eg skulle ønske enn at eg kunne ordne alle desse tinga sjølv.

Karianne Havsberg synest det er krevjande å lære verktøya som gjer at ho kan surfe på internett utan å se. Ho får hjelp av synspedagog Mika Mayumi hjå Voksenopplæringa.

Karianne Havsberg synest det er krevjande å lære verktøya som gjer at ho kan surfe på internett utan å se. Ho får hjelp av synspedagog Mika Mayumi hjå Voksenopplæringa.

Spesielt det siste punktet sjokkerte Karianne.

– Det er det eg gjer kvar einaste dag. Det høyrest ut som at bydelen trur eg har assistanse berre fordi eg ikkje gidd å lære meg å gjere alt sjølv, seier ho med sorg i stemma.

Karianne fekk brevet frå bydelen 26. januar. Fem veker etter ringde dei ho, plutseleg.

Då sa dei at brevet ikkje var meint som eit vedtak, sjølv om tittelen er «Vedtak om helse- og omsorgstenester».

Karianne og assistent Ingunn går gjennom frukt og grønt frå kjøkkenskuffen. Det er ei typisk oppgåve Karianne treng hjelp til, fordi ho ikkje kan sjå om maten har blitt dårleg.

I staden meinte dei at det var eit varsel om ei ny vurdering, slik ho har vore gjennom før. Men Karianne vågar ikkje tru på det enno.

I mellomtida jobbar ho med ei klage.

– Eg må berre håpe at dette går i orden, og at ikkje bydelen fjernar assistansen når klagen vert behandla. Då rasar alt saman, seier ho med skjelvande stemme.

Du kan lese meir om kva bydelen seier lenger ned i saka.

Fleire andre i bydelen har òg fått eit slikt brev, og fleire har òg nedsett syn eller høyrsel.

– For nokre av dei er situasjonen svært alvorleg. For nokre vil dette gi psykisk liding. I ytste konsekvens: økt risiko for sjølvmord, seier Hege Saltnes.

Ho er psykiater og seksjonsleiar på Nasjonal behandlingsteneste for sansetap og psykisk helse (NBSPH).

Psykiater Hege Saltnes seier mange er redde og fortvila etter å ha fått brevet frå Vestre Aker bydel.

I løpet av kort tid har dei blitt kontakta av fleire som har fått eit slikt brev frå bydelen. Mange av dei er livredde for å miste BPA-timane sine.

Fleire fastlegar har òg kontakta senteret, fordi dei er bekymra for pasientane sine.

Noregs blindeforbund har òg involvert seg i saka. Dei har sett fleire av brevene og seier fleire av dei inneheld dei same formuleringane – til og med same skrivefeil.

Derfor meiner dei at bydelen ikkje har gjort individuelle vurderingar, slik lova krev.

– Når dei sender ut eit brev med same grunngjeving til fleire personar, så verkar det for meg meir som eit standardvedtak, seier forbundsleiar Terje André Olsen.

Leiar Terje André Olsen i Blindeforbundet meiner bydelen har behandla innbyggjarane sine dårleg i denne saka.

Han oppfattar brevene som eit forsøk på å kutte i utgiftene til bydelen.

– Ein kan ikkje oppfatte det som noko anna, når dei plutseleg vurderer at ein ikkje har behov og ein bruker dei same formuleringane, til og med same skrivefeil, i fleire brev.

– Eg har lyst til å beklage overfor dei innbyggjarane som har fått dette brevet frå oss.

Det seier Kristin Nilsen, bydelsdirektør i Vestre Aker.

Ho seier brevet ikkje var meint som noko vedtak, men berre eit varsel om at bydelen skal gå gjennom tenester på nytt.

– Me veit at ordlyden ikkje er god nok, og at det har skapa uro, seier ho.

Bydelsdirektøren understrekar òg at ingen no mister BPA-timane sine.

– Saman med innbyggjaren skal me vurdere om tenesta kan ytest på andre måtar, om det kan ytest tenester i eit anna omfang eller om vi rett og slett skal fortsette som før, seier Nilsen.

Ho lovar òg at bydelen skal sjå på korleis dei har handtert saka, og lære av det.

LES MER:

Comments

https://lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations