Koronarapporten: Myndighetene klarte ikke å skjerme barn og unge i tilstrekkelig grad

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Regjeringa burde ha prioritert vaksiner til lærarar og andre med yrkesansvar for barn og unge tidlegare, står det i den andre rapporten til koronakommisjonen.

Regjeringa burde ha prioritert vaksiner til lærarar og andre med yrkesansvar for barn og unge tidlegare, står det i den andre rapporten til koronakommisjonen.

Del på Twitter Del på Twitter Del på epost Del på epost Publisert 26.04.2022, kl. 12.46 Oppdatert 26.04.2022, kl. 13.49 Del Del på Facebook Del på Facebook Del på Twitter Del på Twitter Del på epost Del på epost

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Klokka 13 leverte kommisjonen rapporten til statsminister Jonas Gahr Støre, og presenterer no hovudfunna.

– Eit av hovudbudskapa i den første rapporten vår er at regjeringas handtering av pandemien samla sett har vore god. Det meiner vi no også, seier kommisjonsleiar Egil Matsen under pressekonferansen.

Samtidig har kommisjonen gjort funn som dei meiner kan bli betre.

Mellom anna står det at regjeringa kunne tatt betre vare på folk si helse dersom dei hadde sett inn ei geografisk prioritering av vaksinane tidlegare.

Befolkninga og myndigheitene har handtert pandemien godt.

Myndigheitene var ikkje førebudd på ein pandemi i covid-19 sitt omfang:

Pandemihandteringa var prega av ei sterk sentral styring.

Importsmitte-handteringa prega av hastverk:

Noreg lykkast i arbeidet med å skaffe vaksinar:

Overordna god kommunikasjon med befolkninga:

Pandemien har ramma skeivt:

Kommisjonen har granska perioden fram til 30. oktober i fjor. Eventuell kritikk vil derfor først og fremst ramma den fråtredde Solberg-regjeringa.

Første rapport frå kommisjonen blei levert 14. april 2021.

Kommisjonen har i sin ferskaste rapport vurdert korleis koronavaksinane har blitt fordelt.

I eit av notata til rapporten konkluderer dei med at i underkant av 300 sjukehusinnleggingar kunne vore unngått dersom vaksinane hadde blitt prioritert etter lokal smitterisiko.

Det svarar til rett under 10 prosent av innleggingane første halvår i 2021.

I rapporten skriv dei mellom anna at lærarar og andre som arbeidar med barn og unge burde fått koronavaksinen tidlegare.

Vidare i rapporten står det at pandemien og smitteverntiltaka har ramma barn, unge og studenter hardt:

«Myndigheitene har ikkje i tilstrekkeleg grad klart å skjerma barn og unge i tråd med eigen målsetting.»

I november 2020 føreslo eit ekspertutval å prioritera vaksinar til dei eldste først. Forslaget blei følgt og vaksinane blei etter kvart fordelt basert på alder og risiko for å utvikla alvorleg sjukdom.

Les også: Dette kommer i Koronakommisjonens rapport

Mann følges til karantenehotell av vekter Mann følges til karantenehotell av vekter

Når det kjem til intensivkapasiteten har kommisjonen gått heilt tilbake til utgreiingane som blei lagt fram etter svineinfluensa for over ti år sidan.

– Myndigheitene sin manglande beredskap har blitt endå tydelegare i denne rapporten, seier han når rapporten blir lagt fram.

Kommisjonen er spesielt kritiske til at arbeidet med å undersøka intensivbehovet blei stansa på grunn av politisk usejme om kva ein intensivplass var.

Matsen sa før pressekonferanse at fleire har påpeika at intensivkapasiteten og beredskapen ville bli utfordra ved ei langvarig krise.

– For å betre intensivberedskapen er det ikkje nok med ein moderat auke i grunnkapasiteten. I tillegg er det viktig å førebu sjukehusa på å oppskalere kapasiteten i krisesituasjonen.

Vidare meiner dei at det er svært alvorleg at dekninga av intensivsjukepleiarar ikkje var betre då pandemien braut ut. Kommisjonen tilråder at det blir utdanna fleire intensivsjukepleiarar.

– Eitt av dei mest inngripande og omdiskuterte var krav om opphald på karantenehotell. Kjærestar og familiar har hatt store problem med å besøka kvarandre, sa Matsen under pressekonferansen.

I rapporten skriv kommisjonen at tiltaka om stenginga av landet sine grenser og karantenehotell var prega av hastverkt.

Dei som skulle handheva regelverket, fekk lite tid til å førebu seg.

Kommisjonen har fått juridisk hjelp frå advokatfirmaet Wiersholm til å undersøka dei rettslege sidene av karantenehotellordningar.

Då tiltaka var på sitt strengaste, enda mange opp med å betala 5000 kroner for karantenehotell i ti netter.

Det internasjonale helseregelverket (IHR), som Noreg også er bunde av, seier mellom anna at karantenetiltak ved innreise som hovudregel skal vera gratis.

Wierholms konklusjonar blir offentleggjort samtidig som koronarapporten.

Comments

https://lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations