Ny SSB-rapport: Auke av barn med låginntekt i Noreg og Sverige – stabilt i Finland og Danmark

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Andelen barnefamiliar med låg inntekt auka i Noreg og Sverige frå 2005–2020. I Danmark og Finland var talet stabilt.

1. Ny SSB-rapport: Auke av barn med låginntekt i Noreg og Sverige – stabilt i Finland og Danmark

Andelen barnefamiliar med låg inntekt auka i Noreg og Sverige frå 2005–2020. I Danmark og Finland var talet stabilt.

MATUTDELING: Sula frikirke deler ut mat til folk som treng det ein gong i veka, mange barnefamiliar er på lista.

Publisert 30.11.2023, kl. 05.51

Flittige hender pakkar mat i porsjonspakningar på kjøkkenet til Sula frikirke på Sunnmøre. Ein gong i veka deler dei ut mat til familiar som treng det. Restematen får dei frå serveringsstadar i kommunen.

– Vi har ikkje annonsert tilbodet, for vi har ikkje nok mat til fleire enn dei som alt får, seier Per Åge Havnegjerde som er ansvarleg for Frimat Sula.

Det er mange småbarnsfamiliar blant dei som treng mat i Sula, og rundt halvparten av dei har innvandra til Noreg.

Per Åge Havnegjerde er ansvarleg for matutdelinga ved Sula frikirke.

Ein ny rapport frå SSB viser at det rundt år 2005 var om lag lik andel barn i låginntektsfamiliar i Danmark, Finland, Noreg og Sverige.

Men i åra fram til 2020 har landa hatt heilt forskjellig utvikling:

Seniorrådgjevar i Statistisk sentralbyrå Jon Epland seier at medan inntektsutviklinga blant småbarnsfamiliar generelt har vore relativt god frå 2005–2020 i Noreg og Sverige, gjeld ikkje det same for småbarnsfamiliane i den femtedelen som har lågast inntekt.

Seniorrådgjevar Jon Epland i SSB.

– Det vi først og fremst ser som forklaring er at tilknytinga til arbeidsmarknaden blant familiar med låg inntekt er blitt svekka i denne perioden, seier Epland.

Fleire familiar enn før lever altså berre på stønader.

Dette gjeld ikkje for våre nordiske naboland Danmark og Finland. Der har inntektene til familiar med låg inntekt auka minst like mykje som hos barnefamiliar flest, og fleire av dei var i arbeid i 2020 enn i 2005.

Les også Ny rapport om matutdeling: Over halvparten av dei som hentar gratis mat har barn

Rapporten viser også at talet på barn med innvandrarbakgrunn auka meir i Sverige og Noreg enn i Danmark og Finland denne perioden. Dette vil påverke utviklinga av låginntektsfamiliar i samfunnet, slår SSB fast.

– Barn med innvandrarbakgrunn lever oftare i familiar med låg inntekt – både fordi foreldra har svakare yrkestilknyting og dei lever ofte i større familiar enn andre barn, forklarar Epland.

Både Sverige og Noreg har fått ein stor auke i talet på barn med innvandrarbakgrunn i familiar med låg inntekt.

Danmark og særleg Finland hadde i same periode klart mindre innvandring enn Sverige og Noreg, og færre med innvandrarbakgrunn i låginntektsgruppa.

Undersøkinga er gjort utifrå eit internasjonalt datasett som gjekk fram til 2020. Etter det har ikkje SSB samanlikna utviklinga i dei fire nordiske landa.

– Men vi veit utviklinga i Noreg, og der ser vi kanskje ein positiv tendens med at talet på låginntektsfamiliar kan vere på veg ned. Det heng saman med auka barnetrygd, og mindre innvandring under koronapandemien, seier Epland.

Les også Noreg har dobbelt så rause ordningar som Sverige og Danmark

Samtidig er det uvisst om Ukraina-krigen og flyktningane som kjem derifrå vil gjere at den positive utviklinga snur igjen.

– Der er vi ganske spente. Eg trur vi kan vente oss at i alle fall dei første åra, vil dei utgjere ein stor del av dei med låg inntekt, seier seniorrådgjevaren.

Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) skriv i ein epost til NRK at det er alvorleg at talet på innvandrarbarn som er del av låginntektsfamiliar aukar.

– Både fordi det gir auka risiko for å ha dårlege levekår som barn, og fordi det aukar risikoen for å sjølv få låg inntekt som vaksen.

Kva vil de gjere for å unngå at dette utviklar seg vidare?

– For mange nyankomne flyktningar tek det tid kome seg inn på arbeidsmarknaden og få ei stabil inntekt. Når mange barnefamiliar innvandrar, er det derfor viktig å prioritere tiltak som hjelper foreldre i arbeid og som bidreg til gode levekår og ein trygg oppvekst for barna.

Toppe seier ho tidlegare i haust fekk ein rapport frå ei ekspertgruppe, med anbefalingar til korleis regjeringa bør styrke levekåra og livskvaliteten til barn i fattige familiar, og førebygge at fattigdom går i arv. Denne er sendt på høyring, med frist i januar.

Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) seier rapporten viser at arbeid med inkludering og integrering er viktig framover.

I Sula har dei frivillige gjort seg ferdige med dagens pakking av mat. Då er det klart for utkøyring. Nokre av dei som får gratis mat skammar seg over å måtte ta imot hjelp. Dei vil helst at maten blir sett på dørmatta, så får dei ein SMS om at den er levert.

Andre kjem til Sula frikirke og hentar sjølv. Dei slår gjerne av ein prat med dei frivillige, og uttrykker stor glede over at dei får hjelp.

Ein småbarnsfar som kom innom for å hente mat hos Frimat Sula fortel at gratis brød er til stor hjelp for familien hans.

– Det er trist at det er slik i Noreg i dag, men då er det også godt at vi kan vere der og hjelpe. Eg trur også behovet er mykje større enn det vi ser. Mange har det vanskeleg i det skjulte. Det er skambelagt, seier Per Åge Havnegjerde.

Janne-Grete Juliebø Havnegjerde tok initiativet til å starte Frimat ved Sula frikirke.

Han får støtte av kona Janne-Grete Juliebø Havnegjerde som var den som tok initiativ til å starte opp matutdeling ved Sula Frikirke.

– Det er ei stor glede for oss å få gi til dei som treng det, og dei uttrykker også stor takksemd tilbake, seier ho.

LES MER:

Comments

https://lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations