Straumutgiftene dobla i delar av landet for bedriftene

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Bedriftene lengst sør i landet har på få år fått ei dobling i straumutgiftene, viser nye tal. Frp meiner staten stikk av med pengane som bedriftene tener.

Straumutgiftene dobla i delar av landet for bedriftene

Bedriftene lengst sør i landet har på få år fått ei dobling i straumutgiftene, viser nye tal. Frp meiner staten stikk av med pengane som bedriftene tener.

Stompen Bakeri og Konditori ligg i den delen av landet der bedriftene har opplevd dobla straumutgifter. Her er Robert Mucha saman med dagleg leiar Vibeke Finkenhagen Langås. Det er fire årsverk ved bakeriet.

Vi rapporterer frå Hægebostad

Vibeke Finkenhagen Langås starta bakeri i heimbygda Eiken, men har erfart at det har sin pris å vere gründer.

– Vi har nok litt høgare utgifter enn dei store bedriftene sidan dei får betre vilkår enn oss. Eg skulle ynskje at vilkåra for oss var betre. Dei små bedriftene er viktige å ha i bygda.

På Stompen Bakeri og Konditori i Hægebostad kommune er det både bakeri, kafé, gardsutsal og ikkje minst ein bakaromn som set sine spor på straumrekninga.

– Straumprisen aukar jo heile tida. Samanlikna med i fjor ligg vi 30 prosent over, seier ho.

Utgiftene har allereie passert 110.000 kroner. I heile fjor var det 157.000 for bakeriet.

– Det er klart ein blir litt uroleg, seier Vibeke Finkenhagen Langås.

Slik er det for ei rekke bedrifter i Noreg.

Regjeringa har denne veka lagt fram tal som viser bedriftene sine samla utgifter til straum dei siste fire åra. Altså etter den såkalla «straumkrisa» vinteren 2022.

I den sørlegaste delen av landet er straumutgiftene dobla.

Det vil seie i straumsona som omfattar Agder, Rogaland, Vestfold og delar av Telemark og Vestland.

I tabellen under kan du sjå kor mykje meir små bedrifter må betale for straumen i dei ulike prisområda.

– Dette er ei ekstrem overføring av verdiar frå næringslivet og til staten, seier Marius Nilsen (Frp).

Han er stortingsrepresentant frå Agder og har bede om tala.

– Når ein kombinerer dette med formuesskatt, auka avgifter og byråkratiet som bedriftene møter, så er dette svært negativt for næringslivet. Ein får lågare konkurransekraft og det er tallause arbeidsplassar som ikkje blir realisert.

Stortingsrepresentant Marius Nilsen (Frp), studerer tala han har fått oversendt frå regjeringa. – Ei konfiskering, meiner han.

Skilnadane mellom sør og nord er store. I dei tre nordlegaste fylka er det knapt nokon auke i utgiftene.

Energiminister Terje Aasland (Ap) tek atterhald om at det er stor usikkerheit knytt til utrekninga. Samstundes viser dei altså eit område der norske bedrifter sør i landet opplever ein tydeleg kostnadsauke

– Auken i straumprisen er veldig uheldig, seier Aasland.

Han peikar på at regjeringa har lagt til rette for fastprisavtalar som skal gje bedriftene tryggleik.

– På same tid jobbar regjeringa med fleire andre tiltak for å få meir kraft inn i systemet og bygd ut nettet betre, slik at vi får betre kraftflyt og lågare og meir stabile prisar.

Energiminister Terje Aasland. Biletet er teke i samband med opning av hydrogenproduksjon i Porsgrunn.

Marius Nilsen meiner ein må sette inn tiltak som hindrar prissmitte frå Europa og kutte i skattar, avgifter og reguleringar.

Fastprisavtalane meiner han er byråkratiske og lite fleksible.

– Ordninga treff altfor få og for mange kan den gjere rekninga høgare.

Les også Straumstøtte til næringslivet vil bli svært dyrt

– Det har ikkje vore noko konkursbølge på grunn av straumprisane. Viser ikkje det at næringsliver tilpassar seg?

– Vi har ein stat som blir rikare og rikare, og dette er ei konfiskering av verdiar. Bedriftene mister middel dei kunne ha brukt til å utvikle seg. Det kan fungere ei stund, men på sikt mister dei evna til å konkurrere globalt.

Terje Aasland svarer:

– Då Frp styrte så la dei ned eit gasskraftverk. Dei var med å stanse vindkraftutbygginga i Noreg, og hadde heller ikkje fokus på nettutbygging. Så dei må bere ein vesentleg del av ansvaret. Vi legg no til rette for å bygge ut meir vindkraft på land, meir nett og ruste opp vasskrafta vår.

Vibeke Finkenhagen Langås er gründer i distriktet. Bakeriet ligg i Eiken i Agder.

Stompen Bakeri og Konditori ligg i den delen av landet med dei største kraftmagasina. Men der er fyllingsgraden historisk låg.

I vassdraget Lygna sør for Eiken er det knapt vatn i elva.

– Det er heller ikkje nedbør i vente, så det er klart at ein blir litt uroleg for straumprisen til vinteren, seier Vibeke Finkenhagen Langås.

Ho har fått tilbod om fastprisavtaler, men er usikker på kor godt det vil treffe.

Les også Lågaste straum­produksjon på fleire år: Varslar høge prisar ut året

Uroa deler ho med andre i landsdelen.

Næringsforeningen i Kristiansandsregionen organiserer 1200 bedrifter og spør medlemmene kvart år om dei ser på straumprisen som eit trugsmål.

Talet er i overkant av 20 prosent, noko som er ein nedgang.

– Men skulle prognosane med tomme magasin og lite gass slå til, vil forvente at talet går opp, seier Roar Osmundsen, næringspolitisk leiar i foreininga.

Roar Osmundsen, næringspolitisk leiar i Næringsforeningen i Kristiansandsregionen

På same tid er det bedrifter som har investert i tiltak som reduserer straumforbruket. Dei har også inngått fastprisavtalar.

– Det er likevel ikkje alle bedrifter som passar like godt inn i ordninga og vi har etterlyst ei ordning som er meir fleksibel. Det store bildet er likevel at det må bli produsert meir straum i landsdelen sidan behovet for rein kraft berre vil auke i åra som kjem.

Les Mer:                          ©NRK.NO
Kommentar "Lykkelandet" - Når startet det ? Fra VG og Noorpol.com
Kommentar - Støre & Co startet det

Comments

http://lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations