Fiskefartøy må betale CO₂-avgift for å fylle drivstoff – klimatiltaket vekker kraftige reaksjonar

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

No er det ikkje lenger mogleg for fiskefartøy å unngå CO₂-avgifta når dei skal fylle diesel i Noreg.

Fiskefartøy må betale CO₂-avgift for å fylle drivstoff – klimatiltaket vekker kraftige reaksjonar

No er det ikkje lenger mogleg for fiskefartøy å unngå CO₂-avgifta når dei skal fylle diesel i Noreg.

REAGERER: Fleire meiner at den nye forskrifta vil gå hardt ut over fiskerinæringa.

Vi rapporterer frå Ålesund og Kirkenes

Vi rapporterer frå Ålesund og Kirkenes

Regjeringa har kome med nye reglar, som seier at norske skip no må betale CO₂-avgift for å fylle drivstoff i norske hamner.

Det vil bety at det ikkje lengre er mogleg å bunkre avgiftsfritt i Noreg for fart til utanlandske hamner.

Avgjerda vart teken berre ei veke før reglane trådde i kraft, noko som har vekt kraftige reaksjonar både frå næringa og opposisjonen.

Bunkring gjort på eit utanlandsk skip i Singapore.

Oljeselskapet Bunker Oil, som har base i Ålesund, fryktar alvorlege følgar for fiskerinæringa. Torsdag la dei ut ei pressemelding:

«Gode kundar gjennom mange år kjem inn på kontora våre og takkar for samarbeidet, dei har rett og slett ikkje råd til å bunkre i Noreg lengre. Det blir kroken på døra. Om dette ikkje snur i løpet av sommarmånadane, må vi sende ut permitteringsvarsel i august».

Ein typisk, stor trålar fyller gjerne rundt 500 000 liter diesel når den skal bunkre før han dreg ut på fiske, ifølgje selskapet.

Bunker Oil seier til NRK at fartøy som eigentleg skulle bunkre hos dei, har avbestilt fylling av til saman 1,8 millionar liter drivstoff.

Åtte ulike fiskefartøy har kansellert bunkring, ifølgje selskapet.

– Sidan regelendringa trådde i kraft, har vi ikkje fått inn bestillingar frå større fiskefartøy, seier Maren Kleven Fox, operasjonssjef i Bunker Oil.

Les også Kan bli slutt på diesel-turar til Shetland

Statssekretær Torgeir Micaelsen (Ap) i Finansdepartementet seier at han ikkje kan kommentere dei konkrete kanselleringane, men at det førebels er usikkert kor mange av fiskebåtane som faktisk kjem til å velje å bunkre i utlandet.

– Vi skal følgje situasjonen tett. Klimapolitikken er viktig, og det er forureinar som skal betale. Men vi kan ikkje ha det slik at utsleppa berre blir flytta til ein annan stad – det er ikkje ei effektiv løysing, seier Micaelsen.

Torgeir Micaelsen opplyser at regjeringa vil vurdere både korleis og i kva grad det skal bli gitt kompensasjon til fiskebåtane gjennom kompensasjonsordninga når statsbudsjettet for neste år blir utforma.

– Riktig utforma er CO₂-avgifter eit effektivt klimaverkemiddel, seier Torgeir Micaelsen.

Ordførar i Sør-Varanger, Magnus Mæland (H), er også sterkt kritisk til forskriftsendringa.

Han fryktar for næringa i Finnmark, og meiner dette vil påverke heile Finnmarkskysten.

– Vi mistar ein heil verdikjede. Det som er eit pennestrøk frå Finansdepartementet, gjer at vi kan miste arbeidsplassar og moglegheita til å få bunkers til båtane våre.

Magnus Mæland er oppgitt.

Han meiner også at dette kjem til å gå ut over næringa.

– For beredskapen betyr dette at anlegga vi har her, ikkje vil vere her. Finansdepartementet har lagt på ei avgift som har gjort at vi ikkje er konkurransedyktige i Noreg.

Også interesseorganisasjonen Fiskebåt reagerer sterkt på at regjeringa fjerna fritaket for CO₂-avgift for fiskefartøy.

Audun Maråk er administrerande direktør i Fiskebåt, og meiner dette er ei uheldig utvikling.

Audun Maråk i Fiskebåt er kritisk til dei nye reglane.

– Det er ei skjerping av dagens CO2-avgift. Finans­departementet innfører det her i ein situasjon der det er eit fleirtal på Stortinget for å skrote CO2-avgifta på fiskeflåta. Grunnen til at dei vil skrote den, er jo fordi det er ei avgift som verkar mot si hensikt.

Micaelsen i Finansdepartementet svarar at regjeringa no gjennomfører det Stortinget har vedteke, ved å innføre avgifta.

– Regjeringa er likevel svært oppteken av at vi ikkje får ein situasjon med karbonlekkasje, eller at andre beredskaps- eller fiskeripolitiske mål blir sette i spel.

– Kva skal til for at de ser på heile regelverket på nytt?

– Det kan eg ikkje seie noko om i dag, seier Micaelsen.

Les også Avgift skulle kutte utslepp – auka i staden

LES MER: ©NRK.NO

Comments

http://lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations