Bonde i vindmølleland får ikkje setje opp gardsvindturbin - dette gjør at vi mister respekten for "Det grønne skiftet"

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Bonde Tor Even Mæland er omringa av 130 vindturbinar, men får ikkje lov til å setje opp ein liten gardsvindturbin. Fornybar Norge meiner regjeringa må stramme opp statsforvaltarane.

Bonde i vindmølleland får ikkje setje opp gardsvindturbin

Bonde Tor Even Mæland er omringa av 130 vindturbinar, men får ikkje lov til å setje opp ein liten gardsvindturbin. Fornybar Norge meiner regjeringa må stramme opp statsforvaltarane.

På ein liten steinknaus rett ved garden på Høg-Jæren har bonde Tor Even Mæland prøvd å få lov til å setje opp ein gardsvindturbin, som vil forsyne han med meir ein nok straum til garden.

Del på Twitter Del på Twitter Del på epost Del på epost

Publisert 21.11.2023, kl. 10.11

– Her blæs det nesten dagleg, så her er det gode forhold for vind.

Garden til Tor Even Mæland er nesten omringa av vindturbinar. Fire vindkraftverk med til saman over 130 vindturbinar ruvar, med dei høgaste turbinane på 200 meter.

Det største vindkraftverket er den såkalla Bjerkreimsklyngen med 70 vindturbinar.

Lokalpolitikarane i Time heiar på prosjektet til bonden på Høg-Jæren, og de har sagt ja i to omgangar.

Men Statsforvaltaren i Rogaland meiner den eine gardsvindturbinen blir for mykje.

– Det blir inngrep i naturen, men blir det eit så stort inngrep at det blir eit problem? Eg kan ikkje sjå at ei gardsvindmølle i tunet på eigen gard, blant driftsbygningar, og med ein trafikkert veg rett i nærleiken, skal vere eit problem, seier Mæland.

Bonde Tor Even Mæland forklarer leiar i Fornybar Norge, Åslaug Haga, at han er omringa av store vindturbinar på Høg-Jæren.

Fornybar Norge, interesse- og arbeidsgivarorganisasjon for heile fornybarnæringa, meiner saka på Høg-Jæren i Time kommune berre er eitt av fleire døme på at statsforvaltarane ikkje har forstått sitt oppdrag.

– Her har samrøystes lokalpolitikarar sagt ja. Styresmakta sentralt har sagt det er kommunane som skal ha handa på rattet og ta dei endelege avgjerdene om bygging av energianlegg. Og så seier Statsforvaltaren i Rogaland noko heilt anna og overstyrer kommunen. Dette heng ikkje på greip, seier leiar for Fornybar Norge, Åslaug Haga.

Leiar i Fornybar Norge, Åslaug Haga, er ikkje fornøgd med Statsforvaltaren, som har klaga på gardsvindturbinen til Tor Even Mæland.

Kommunane har fått mykje meir å seie om det kan setjast opp vindturbinar (ekstern lenkje). Dei har fått ein slags vetorett gjennom Plan- og bygningsloven.

Men Fornybar Norge opplever at statsforvaltarane no kjem med fleire innvendingar mot utbyggingsplanar.

– Mykje tydar på at Statsforvaltaren ikkje har teke inn over seg at det er eit nytt forvaltningsregime for energi. Det er eit politisk ønske om at det skal produserast meir kraft, og då må statsforvaltaren ta omsyn til det, seier Haga.

Fornybar Norge har bede Kommunal- og distriktsdepartementet å vere endå tydelegare overfor statsforvaltarane om å vere varsame med å overprøve kommunane.

To gonger har lokalpolitikarane i Time godkjent gardsvindturbinen. Men Statsforvaltaren i Rogaland har klaga på vedtaket.

Fylkesmiljøvernsjef Marit Sundsvik Bendixsen hos Statsforvaltaren i Rogaland meiner gardsvindturbinen til Tor Even Mæland vil skade naturverdiar.

No blir det opp til Statsforvaltaren i Vestland, som settestatsforvaltar, å avgjere kva som skjer vidare med gardsvindturbinen til Tor Even Mæland.

– Problemet er at vindturbinen vil liggje midt mellom to store naturområde der det trekkjer fuglar imellom, seier Fylkesmiljøvernsjef Marit Sundsvik Bendixen hos Statsforvaltaren i Rogaland.

– Men området er fult av vindturbinar. Forstår du at det blir reagert på at ein liten gardsvindturbin er eit problem?

– Vi ser at når vi kjem med uttale knytt til naturmiljøet, så er det ikkje alle som ser det som vi ser. Og dermed er det ikkje alltid at dei skjønner problemstillinga, seier Bendixen.

Les også Protesterte med svær kran – nå sier kommunen ja til privat vindmølle

Fylkesmiljøvernsjefen i Rogaland avviser kritikken frå Fornybar Norge, og seier at dei gjer jobben dei er sette til å gjere av Regjeringa.

– Vi tek dette på alvor. Denne eine vesle vindmølla er liten i det store biletet viss ein skal sjå på kraft i heile Noreg. Men vi ønskjer det som regjeringa ønskjer, og vi tek omsyn til det når vi uttaler oss, seier Bendixen.

Høg-Jæren og Bjerkreim har 130 vindturbinar, fordelt på fire vindkraftverk.

Bonde Tor Even Mæland har kjempa i fleire år for å få setje opp gardsvindturbinen, og han har ikkje tenkt å gi seg.

Bonde Tor Even Mæland ønskjer å vere med på det grøne skiftet, og han håpar han får lov til å setje opp ein gardsvindturbin.

– Det er viktig for å få ned kostnadene på garden, og dermed ha høve til å drive gard. Det er krav om lausdrift innan ein ti års tid, og det betyr store investeringar, forklarer Mæland.

Han trur det grøne skiftet kan vere ei løysing for at bøndene skal få det betre økonomisk framover

– Vi i landbruket har forplikta oss til å prøve å komme oss vekk frå fossilt drivstoff og over på elektrisitet. Og då meiner eg at dette tiltaket er midt i blinken, avsluttar Mæland.

Dei største vindturbinane som er nabo til Tor Even Mæland er rundt 200 meter høge.

LES MER:

Comments

http://lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations