Vestlandsopprør mot den «mest fiendtlege regjeringa i manns minne»

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Skattetrykk, Oslo-rivalisering og utflytting av arbeidsplassar er motoren i Vestlandsopprøret som spreier seg langs kysten.

Vestlandsopprør mot den «mest fiendtlege regjeringa i manns minne»

Skattetrykk, Oslo-rivalisering og utflytting av arbeidsplassar er motoren i Vestlandsopprøret som spreier seg langs kysten.

ROSENBERG VERFT: Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) vitja Rosenberg Verft i fjor sommar.

Vi rapporterer frå Sunnfjord

Publisert 02.03.2023, kl. 05.35

20. mars blir det såkalla Vestlandsopprøret markert med offisiell «kickoff» i Atlanterhavsparken i Ålesund.

Målet med opprøret er å løfte fram verdiskapinga på Vestlandet og å «opplyse om urettferdige utslag av den særnorske formuesskatten».

Onsdag melde Dagens Næringsliv at i alt 15 arvingar frå dei rikaste familiane i landet har meldt flytting til Sveits dei siste månadene.

Industrileiar og initiativtakar Roger Hofseth seier at Sveits ikkje er aktuelt for han, og at motivasjonen er å styrkje den vestlandske modellen der arbeid og kapital går saman i felles lokalpatriotisme.

– På kysten er det nærare kontakt mellom næringsliv og folk. Ein milliardær på sunnmørskysten er ikkje det same som ein milliardær i Oslo, seier han til NRK.

Aksjonen starta på Nordvestlandet, men har alt skapt bølgjer sørover langs kysten, og på Stortinget.

Initiativtakar Roger Hofseth seier at det å flytte til Sveits ikkje er aktuelt for han sitt vedkommande.

Det nye Vestlandsopprøret kjem i forlenginga av «kystbrøl», «bunads-geriljaer» og fakkeltog, og nærer seg på ein serie skuldingar mot regjeringa (sjå under):

– I sum er det ei enorm overføring av ressursar frå kysten til Oslo, seier Tom-Christer Nilsen, næringspolitisk sjef i Bergen Næringsråd til NRK.

– Støre-regjeringa er den mest vestlandsfiendtlege regjeringa i manns minne, seier Alfred Bjørlo (V).

– Regjeringa viser at dei gjev blaffen i Vestlandet, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva.

Går vi endå lengre tilbake, har Vestlandsopprøret røter i «ei sjølvbergingsbasert forretningsånd og ein sterk skepsis til sentralmakt og embetsverk» som har definert den politiske kulturen i landsdelen i fleire hundre år.

 

Les også: Kraft-ordførarar reiste i flokk over fjellet utan å få svar om milliardkutt

Austevoll-fiskar Inge Halstensen gir uttrykk for dette vestnorske sinnelaget i ein mykje delt DN-kronikk der han ironiserer over «Vestlandskolonien på den breie ryggen til hovudstaden».

Med tilvising til handelsflåten, verdiskapinga frå oljeverksemda, fiskeri- og oppdrettsnæringa og energiproduksjonen frå vatn og vind, skriv han at det snarare er Oslo som kviler på Vestlandets rygg.

– Støre-regjeringa er den mest vestlandsfiendtlege regjeringa i manns minne, seier Alfred Bjørlo (V).

– Eg besøkte Inge Halstensen for ei tid tilbake, og det bør vennene våre i hovudstaden også gjere, seier Olve Grotle (H), som er fiskarson og stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane.

Han forklarer:

– Då vil dei med sjølvsyn sjå kor avgjerande det er at næringslivet har gode og føreseielege rammevilkår. Alt arbeid er viktig, men det å skape realverdiar som olje og gass, fisk, mat, kraft er ryggrada i finansieringa av velferdsstaten.

Han legg til at skattepresset på næringslivet langs kysten er «direkte skadeleg for verdiskapinga».

– Kan hende er Vestlandsopprøret det som må til for å vekkje Arbeidarpartiet og Senterpartiet? Det vil heile landet tene på, også hovudstaden, seier han.

Les også: «Oslo-sentrisk» lønnsutval skaper bråk i resten av landet: – Pinleg

I oktober var krefter på Vestlandet skuffa over at regjeringa skrinla planane om fleire nye signalbygg i Bergen.

Andre var reglerett sinte over at det ikkje var sett av pengar til «Noregs verste veg» mellom Bergen og Voss.

Etter budsjettforhandlingane med SV kom det likevel pengar til alt som over nemnt.

– Statsbudsjettet var for dårleg for Vestland, sa Audun Lysbakken (SV) til Bergens Tidende.

Les også: Styresmaktene vil hjelpe norske verft – men bygger skip i utlandet

NRK har vore i kontakt med Kommunaldepartementet, som viser til Finansdepartementet, som i sin tur viser til stortingsgruppa til Senterpartiet.

Sp-representant Erling Sande minner om at utforminga til lakseskatten ikkje er avklart.

Han legg til Venstre og Høgre tapte makta etter «åtte år med sentraliserande politikk» og at dei har «inga truverd når dei yppar til distriktsopprør».

– Regjeringa har måtta gjere tøffe grep for å prioritere styrking av beredskapen vår, støtte til Ukraina og dekking av auka pensjonsutgifter mellom anna. Så skatteauke for enkelte næringar har vore eit nødvendig onde som alle partia i Stortinget har stilt seg bak med litt ulike justeringar. Senterpartiet er opptatt av å forme skattesystemet på ein god måte, og difor er det viktig å lytte til innspel frå næringsutøvarar langs kysten (utvida svar under).

− Verdiskapinga på Vestlandet er enorm. Det er den fordi vi har naturressursar og fordi og vi har dyktige næringslivsfolk og gründerar som har utvikla idear og bygd verdiar i alle delar av landsdelen. Privat næringsliv er grunnleggande for aktivitet, verdiskaping og arbeidsplassar i vår del av landet. Eg og Senterpartiet er opptatt av å lytte til næringslivet sine innspel. Rammevilkår for vidare vekst og utvikling av vestlandsk næringsliv er viktig.

Utforminga av grunnrenteskatten på havbruk er ikkje avklart, og vi har fått innspel frå næringa som vi har løfta vidare til regjeringa. Det er til dømes eit mål å bidra til skjerme lokale små- og mellomstore familieeigde oppdrettarar i utforminga av skatten, slik at vi hindrar ei utvikling der stadig større del av eigarskapen i næringa vert utanlandsk.

I sine alternative statsbudsjett for 2023 går Venstre og Høgre inn for å reversere vårt kutt av grunnavgifta på mineralolje og reduksjonar i vegbruksavgifta, og dermed auke avgiftene for anleggsdiesel, diesel og bensin. Begge vil stoppe innføringa av gratis ferjer til øysamfunn, Venstre er imot halvering av dei andre ferjetakstane og Høgre vil innføre nye avgifter på kjøt- og meieriprodukt. Desse grepa ville ikkje vore bra for verdiskapinga på Vestlandet.

Auka i grunnrenteskatt på kraft er det merkeleg at Bjørlo angrip oss på når Venstre har gått heilhjarta inn for det sjølve. Meiner Bjørlo at Venstre sine skatteaukar, fjerning av pendlarfrådrag og politikk for dyrare drivstoff og ferjer er vestlandsvenleg?

– Statsbudsjettet var for dårleg for Vestland, sa Audun Lysbakken (SV) i oktober.

Bergensar og Raudt-politikar Sofie Marhaug seier til NRK at nøkkelen til betre næringsvilkår på Vestlandet er «å få ned straumprisane og regulere krafteksporten».

– Så er det ingen løyndom at Raudt er for å skatte kapital. Vi vil gjerne gjere formuesskatten meir omfordelande, og diskuterer gjerne korleis vi kan bruke andre, betre eigna skattar til omfordeling. Men den viktigaste oppgåva vi som politikarar har no er å gjere noko med priskrisa og dei aukande forskjellane.

– Kan hende er Vestlandsopprøret det som må til for å vekkje Arbeidarpartiet og Senterpartiet? Det vil heile landet tene på, også hovudstaden, seier Olve Grotle (H).

LES MER:

Comments

https://lykkelandet.com/public/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations