To av tre får ikkje erstatning etter koronavaksine: Meiner sakene bør prøvast i domstolen

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Professor meiner erstatningssaker etter koronavaksine bør prøvast i retten. Leiaren av nemnda som har avslått 130 slike klager er einig.

To av tre får ikkje erstatning etter koronavaksine: Meiner sakene bør prøvast i domstolen

Professor meiner erstatningssaker etter koronavaksine bør prøvast i retten. Leiaren av nemnda som har avslått 130 slike klager er einig.

Mange krev erstatning for sjukdom av koronavaksine, men dei fleste får avslag. Nesten alle som klagar på avslaget, får nytt avslag.

Etter at koronaviruset råka Noreg i 2020, er det satt fleire millioner vaksinedoser.

Norsk Pasientskadeerstning (NPE) har behandla 1513 krav om erstatning for sjukdom etter koronavaksine. 419 har fått medhald. 133 av dei som fekk avslag køyrde saka vidare til Nasjonalt klageorgan for helsetenesta (Helseklage), men der fekk berre to medhald.

Pasientskadenemnda er ei av fleire nemnder i Helseklage, og leiaren for nemnda, tidlegare tingrettsdommar Kjetil Gjøen, seier til NRK at det i klagesakene som er avslått ikkje er påvist i praksis ein årsakssamanheng mellom vaksinen og plagene pasientane slit med.

– Der byggjer vi på våre sakkunnige som er oppnemnde i sakene, og legane som er i nemnda, seier Gjøen.

Professor i rettsvitskap ved Universitetet i Bergen, Magne Strandberg, vil ha tvistesaker om erstatning etter sjukdom på grunn av koronavaksine til domstolsbehandling.

No tar professor i rettsvitskap ved Universitetet i Bergen, Magne Strandberg, til orde for at tvistesaker om erstatning etter koronavaksine blir prøvde for domstolen.

– Ja, det er på høg tid. Vurderingane som skal gjerast her er ikkje heilt enkle, seier Strandberg til NRK.

Han understrekar at det må vera eit forskingsmessig belegg for å legge til grunn at ein vaksine kan ha forårsaka ein bestemt skade.

– Her ligg det ei viss juridisk usikkerheit som helst må til domstolen for å bli avklart. Og aller helst skal den heilt til topps i rettssystemet for å få ei presisering av dette spørsmålet, seier Strandberg, og meiner med det at sakene bør heilt til Høgsterett.

Kjetil Gjøen er samd med Strandberg i at ei rettsleg avgjerd ville vore bra.

Tidlegare tingrettsdommar Kjetil Gjøen er leiar i Pasientskadenemnda.

– Ja, vi er interesserte i å få høyre kva domstolane meiner om desse problemstillingane. Vi får nok ikkje nokon endeleg dom, uansett kva retning han går, for det kjem stadig nye forskingsrapportar. Det som er meir interessant, er at domstolane kan presisere korleis vi skal bruke prova i desse sakene.

– Er det ei utfordring for nemnda i dag?

– Det er ei utfordring, ja. Vi synest det er vanskelege saker, seier Gjøen.

Det er usemje blant immunologar om koronavaksinen kan vera årsak til dei plagene ein del personar har fått.

Professor i immunologi Elling Ulvestad ved Universitetet i Bergen,

Professor i immunologi ved Universitetet i Bergen, Elling Ulvestad, leverte tidlegare i haust ein rapport til Norsk Sykepleierforbund, og til NRK sa han:

«Dei tre koronavaksinane som har vore brukt i Noreg kan gi sjukdom i form av utmatting, muskelsmerter og kognitive problem».

Den rapporten blei seinare kritisert, mellom anna fordi han viste til forskning om ikkje var fagfellevurdert. Ulvestad avviste kritikken, men pasientklagenemnda ville uansett ikkje lena seg på rapporten hans.

– Det er fordi vi har andre vurderingar som seier noko anna, først og fremst ei vurdering frå professor i immunologi, Gunnveig Grødeland frå Universitetet i Oslo, som har kom med andre konklusjonar på desse punkta, seier Kjetil Gjøen til NRK.

Professor i immunologi Gunnveig Grødeland ved Universitetet i Oslo.

Grødeland sa dette til NRK i september:

«I dag så kan ein verken utelukke eller sei sikkert at det ikkje er ein samanheng. Det er ope i dag, slik eg ser forskinga.»

– Grødeland er altså ikkje så bastant, så kvifor er Pasientskadenemnda så bastant i avslaga?

– Vi er ikkje bastant sikre på at det ikkje er årsakssamanheng. Vi er opne for at det kan vera. Men den juridiske terskelen, slik vi vurderer det, er at det må likevel eit visst forskingsmessig belegg til for å konstatere at vilkåra for erstatning er til stades. Og det belegget kan ikkje vi sjå er oppfylt, i følgje våre sakkunnige, seier Gjøen.

Les også Sjukepleiar meiner ho blei sjuk etter vaksinering - får inga erstatning

Nemnda meiner derfor det er teoretisk mogeleg at vaksinen kan forårsake sjukdom, men at teori er ikkje tilstrekkeleg.

Professor Grødeland har skrive ei erklæring for NPE. Denne erklæringa seier noko om utviklinga av koronavaksiner, korleis dei verkar og om eventuelle biverknader.

NRK er kjent med at fleire som har fått avslag i Pasientskadenemnda vil stemne staten for feil tolking av regelverket. Dei vil då vise til Høgsteretts dom frå 2015 der ein 12 år gamal gut fekk diagnosen MS etter å ha tatt andre dose av MMR-vaksinen.

Les også MS-syke Torbjørn (25) seiret i Høyesterett: – Det føles helt uvirkelig

Dei meiner dommen er retningsgivande for vaksinesaker. Staten tapte altså den saka, og konklusjonen var at sidan det ikkje var godtgjort at ei anna årsak til MS-diagnosen var meir sannsynleg enn MMR-vaksinen, var staten erstatningspliktig for skaden.

LES MER:

Comments

https://lykkelandet.com/public/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations