Reduserte drivstoffavgiftene: – No er det opp til selskapa, seier Vedum

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Reduserte drivstoffavgifter skulle gjere prisen på drivstoff billegare, ifølge regjeringa. – Det framstår som dei forsøker å selje dette inn som mykje meir enn kva det eigentleg er, seier NAF.

Reduserte drivstoffavgiftene: – No er det opp til selskapa, seier Vedum

Reduserte drivstoffavgifter skulle gjere prisen på drivstoff billegare, ifølge regjeringa. – Det framstår som dei forsøker å selje dette inn som mykje meir enn kva det eigentleg er, seier NAF.

NAF: – Eg skal vege mine ord. Men for vanlege folk framstår dette ikkje som ein open og reieleg måte å kommunisere på.

Publisert 06.01.2023, kl. 20.54
Oppdatert 06.01.2023, kl. 21.50

I desember hevda regjeringa at pumpeprisen på drivstoff skulle bli billegare over nyttår.

– Reduserte drivstoffavgifter bidrar til å gjere kvardagen litt enklare for hushaldningar og næringsliv, sa finansminister Trygve Slagsvold Vedum.

Det fekk blant andre NAF til å reagere.

– Å selje dette som eit stort kutt er ein diesel-bløff frå Vedum, sa Ingunn Handagard, pressesjef i NAF til NRK då.

Fem dagar inn i 2023 er det lite som tyder på at avgiftskutta har påverka pumpeprisen, skal vi tru Handagard.

IKKJE REIELEG: – For vanlege folk framstår dette ikkje som ein open og reieleg måte å kommunisere på.

– Det har vore inga endring eigentleg, seier ho.

– Vi kalla det ein bløff i desember, og det framstår som dei forsøker å selje dette inn som mykje meir enn kva det eigentleg er.

– Eg skal vege mine ord. Men for vanlege folk framstår dette ikkje som ein open og reieleg måte å kommunisere på.

Les også: Lavere drivstoffpriser – ikke sikkert det vil vare

Finansdepartementet har opplyst at det totale kuttet på drivstoffavgiftene er på 2,2 milliardar kroner.

For vanlege folk er vegbruksavgifta redusert med 1.88 milliardar kroner.

Samtidig er CO2-avgifta for vanlege folk auka med 1.26 milliardar kroner.

Den totale reduksjonen blir ifølge finansdepartementet drygt 600 millionar kroner.

Resten av kutta treffer bygg- og anleggsbransjen.

Men det er nettopp denne reduksjonen NAF meiner er ein bløff. For samtidig er det innført auka krav til biodrivstoff. Dette er dyrare enn vanleg drivstoff.

I overkant eit halvt år etter at halve Europa senka pumpeprisen, gjekk regjeringa inn for det same også i Noreg.

Les også: Halve Europa senkar pumpeprisen, men ikkje Noreg

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum frå Senterpartiet viser til at daglege pumpeprisar heng vel så mykje saman med ytre prisar i verdsmarknaden.

– Har pumpeprisane endra seg som forventa etter nyttår?

VISER TIL BRANSJEN: Vedum legg resten av ansvaret for at reduksjonen kjem kundane til gode over på drivstoffselskapa.

For regjeringa var det heilt avgjerande og viktig å sette ned drivstoffavgiftene. Det vi kunne påverke direkte var å få redusert avgiftene og det har vi gjort. Vi har altså fjerna heile den såkalla grunnavgifta som er på anleggsdiesel.

Anleggsdiesel blir seld på eigne pumper til traktorar og anleggsmaskiner som ikkje går på veg.

Desse er altså ikkje tilgjengeleg for den vanlege mannen i drivstoffkøen.

– I ei sak frå desember så uttalte du at reduserte drivstoffavgifter bidrar til å gjere kvardagen litt enklare for hushaldning og næringsliv. Korleis meiner du at desse reduserte avgiftene bidrar til å gjere kvardagen enklare?

– Viss vi ikkje hadde redusert avgiftene så hadde prisane gått opp. Når vi reduserer avgiftene så vil summen av det vi ser på drivstoffutgifter gjere av avgiftsbelastninga går ned. Det er den store forskjellen, seier Vedum.

No er det opp til drivstoffselskapa ikkje å ta ut marginen sjølv, meiner Vedum.

– Så må ein presse på ikkje minst anleggsdiesel på drivstoffselskapa, at dei ikkje tar ut marginen sjølv, men at den avgiftsreduksjonen også kjem kundane til gode. Det er det som er poenget, ikkje at Shell skal tene meir pengar.

Les også: Vedum lover enklere hverdag: – Å selge dette som et stort kutt er en diesel-bløff

Han meiner at det å ikkje redusere avgiftene er ei oppskrift på berre høgare prisar.

– No er summen av tiltaka vi gjer eit bidrag til at prisane kan bli lågare. Men då må også drivstoffselskapa følge opp og gjere at det er folk som handlar diesel som sit med marginen.

Knut Hilmar Hansen, kommunikasjonssjef for Circle K, svarar at dei har justert prisane slik myndigheitene har vedtatt.

– Vi lever i ein konkurranseutset marknad der høgt kostnadsnivå og priskrigar på drivstoff gjer at drivstoffmarginane er under press. Vi har ikkje skodd oss på at avgiftene er endra.

Og dei har fått auka kostnader knytt til innkjøp.

Knut Hilmar Hansen, kommunikasjonssjef for Circle K.

– Vedum fortel halvsanningar. Vegbruksavgifta er redusert, mens CO2-avgifta på drivstoff er auka. I tillegg er omsetnadskravet for biodrivstoff auka.

– Regjeringa si «avgiftslette» er i praksis eit nullsum-spel, seier Hansen.

Han utdjupar at selskapet har låge margin, og at desse er under press på grunn av det høge kostnadsnivået på drivstoff som følge av krigen i Ukraina.

– Det er først og fremst finansministeren som kan le heile vegen til banken.

NRK har ikkje lukkast å kome i kontakt med andre konkurrentar fredag.

Administrerande direktør i Drivkraft Noreg, Kristin Bremer Nebbe, uttalar seg ikkje om kva margin selskapa sit på.

Men ho forklarar:

INGA STOR ENDRING: – Framleis er det altså rundt 10 prosent som selskapa sit igjen med av kaka. Det har ikkje endra seg særleg mykje no, ifølge Bremer Nebbe.

– Generelt seier vi at 30 prosent er internasjonal innkjøpspris på dieselen. 60 prosent er avgifter og 10 prosent er det selskapa sit igjen med men som ikkje er forteneste, men som er det dei skal bruke til å drifte stasjonane.

– Etter krigen og ein del andre faktorar, som auka dollarprisar har denne kaka endra seg. No har det blitt nesten 40/50 prosent mellom internasjonale innkjøpspris og avgifter. avgifter og den internasjonale innkjøpsprisen, men dette varierer.

Med dei høge internasjonale innkjøpsprisane så har forholdet mellom innkjøpspris og avgifter jamna seg meir ut.

Les også: Kan spare nesten fem kroner literen på å kjøre til nabostedet

Les også: Forbrukerrådet krever billigere bensin etter oljeprisfall

LES MER:

Comments

https://lykkelandet.com/public/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations