Iselin Bonsaksen Hagås blei avvist på Molde legevakt med knust ryggvirvel: Hadde ikkje ringt først

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Trass i intense smerter fekk ikkje 17 år gamle Iselin Bonsaksen Hagås sleppe inn på legevakta. I staden blei ho sendt heim for å bestille time via telefon.

Iselin Bonsaksen Hagås blei avvist på Molde legevakt med knust ryggvirvel: Hadde ikkje ringt først

Trass i intense smerter fekk ikkje 17 år gamle Iselin Bonsaksen Hagås sleppe inn på legevakta. I staden blei ho sendt heim for å bestille time via telefon.

Røntgenbilda viser ryggraden og metallplatene som blei operert inn etter akeulykka.

Send e-post til Journalist

Synnøve Hole - Journalist

Publisert - 26.06.2024, kl. 10.58

Oppdatert - 26.06.2024, kl. 11.25

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAi. Innhaldet er kvalitetssikra av journalistar frå NRK før publisering.

Vennane skjønte fort alvoret då Iselin Bonsaksen Hagås køyrde rett inn i ein issvull i akebakken i Molde rett før jul. I nedoverbakken på rumpeakebrett blei farta større enn venta, og brått small det.

Dei andre klarte å få 17-åringen inn i bilen og køyrde rett til legevakta.

Sjølv hadde ho så store smerter at ho ikkje kom seg ut av bilen, men kameraten gjekk rett inn og varsla om ulykka. Han blei møtt med ein klar beskjed:

Dei måtte dra heim og ringe for å få ein time.

Ingen frå legevakta gjekk ut i bilen, og oppdaga difor ikkje at 17-åringen var alvorleg skadd.

– Det blei ei ekstrem ekstrabelastning, ikkje berre for oss næraste, men også for vennane, som var så snartenkte at dei reiste på legevakta, seier mor til 17-åringen, Irene Bonsaksen Hagås.

Irene Bonsaksen Hagås meiner måten dottera blei møtt på Molde legevakt var uforsvarleg og uforståeleg.

Ungdommane turte ikkje gjere anna enn dei hadde fått beskjed om, og køyrde dei 17 kilometrane frå Molde sentrum heim igjen til Julsundet. Då hadde dei fått varsla far til Iselin, som ringde legevakta.

Denne gongen fekk dei klar beskjed om å returnere umiddelbart.

Dermed måtte dei køyrde dei same 17 kilometerane tilbake.

Heile tida låg tenåringsjenta i baksetet og fekk stadig større smerter.

– Eg skjønte ikkje kvifor, men rekna med at dei visste best, seier Iselin Bonsaksen Hagås om den smertefulle køyreturen.

Molde interkommunale legevakt har no endra rutinane. No blir alle pasientar vurdert straks dei kjem. Arkivbilete.

Legen som møtte dei på legevakta denne gongen skjønte alvoret, og fekk sendt henne rett til sjukehuset i Molde med blålys. Deretter gjekk turen direkte til med ambulansefly til St. Olavs hospital.

Der blei det konstatert fleire brot i ein ryggvirvel – og ein beinsplint som sto rett inn i ryggmergen. Blødingar auka presset mot ryggmergen. Konsekvensane kunne blitt store.

– Det var heilt grufullt, seier mor til 17-åringen.

Legane opererte inn stålskinner og skruar etter akeulykka i desember i fjor.

Dagleg leiar Roy Skarshaug for Molde interkommunale legevakt stadfestar at det har vore fast praksis å avvise ein del av pasientane som kjem rett til legevakta, utan avtale.

For å hindre at det etableres en kultur hvor pasienter møter direkte på legevakten uten å bestille time, har pasienter som møter direkte på luken og ikke vurderes som alvorlig syke blitt bedt om å ringe legevaktsentralen for å triageres og settes opp til time.

Saka til Iselin Bonsaksen Hagås har ført til at legevakta har endra rutinane. Det inneber at alle pasientar som kjem til legevakta, blir vurdert og triagert, og ikkje sendt på dør.

Roy Skarshaug er dagleg leiar ved Molde interkommunale legevakt. Arkivbilete.

– Vi ser at den førstegangs vurderinga ikkje har vore god nok, seier Skarshaug.

Var det rett å endre rutinane?

– Ja, det var absolutt riktig. Det fører til betre tryggleik for pasientane og at vi er sikrare på at vi gjer jobben vår betre, seier han.

Foreldra til 17-åringen syntest behandlinga dottera fekk på legevakta var så uforsvarleg at dei klaga til Statsforvaltaren. Konklusjonen derifrå er at det ikkje er hensiktsmessig å granske saka vidare, sidan legevakta har endra rutinane for å unngå at dette skal skje igjen.

Brota i ryggen førte til at Iselin Bonsaksen Hagås blei lagt rett på operasjonsbordet. I dag blir ryggen halden saman ved hjelp av åtte stålskruar og to stag.

Ho er ikkje lenger like sterk i ryggen, og det er vondt å sitte stille for lenge av gangen. Men etter kvart skal skruane og staga bort, og håpet er at 17-åringen blir heilt frisk igjen.

NRK har fått innsyn i alle dokument i saka, og bedt familien om å kommentere det som skjedde. Det er viktig for familien å streke under at dei ikkje ønskjer å henge ut legevakta.

Samtidig er dei kritiske til det som skjedde før jul, og slit med å forstå vurderingane. Skadar på ryggmergen kan i verste fall føre til at folk blir lamme.

– Legane seier at Iselin har hatt vanvitig flaks. Marginane er ekstremt små, seier Irene Bonsaksen Hagås.

Les mer:

Comments

https://lykkelandet.com/public/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations