Funksjonshemma i rullestol må ofte bli sitjande i bilen på ferjer

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Mange funksjonshemma gir opp både dobesøk og kafébesøk om bord i ferjene. Dei har problem med å komme seg ut av bilen.

Funksjonshemma i rullestol må ofte bli sitjande i bilen på ferjer

Mange funksjonshemma gir opp både dobesøk og kafébesøk om bord i ferjene. Dei har problem med å komme seg ut av bilen.

TRENG MYKJE PLASS: Rullestolheisen til Anne-Pia Nygård gjer bilen nesten to meter breiare. Ofte blir ho innestengt i bilen på ferjer.

Astrid Solheim Korsvoll Journalist

Vi rapporterer frå E39, Lavik – Oppedal

– Hei, du! Eg har ein sånn handikapbil. Har du plass til meg om bord?

Frå førarvindauget får Anne-Pia Nygård kontakt med ein ferjematros på E39-sambandet Lavik-Oppedal i Sogn.

Matrosen gir eit nikk og dirigerer Nygård inn på bilferja MF «Stord». Men før rullestolbrukaren får opna sidedøra, har eit stort vogntog parkert på sida av henne. Heilt i tråd med oppmerkinga, men altfor nærme til at rullestolheisen får plass.

Denne gongen løyser det seg. Det er få bilar på denne turen og vogntogsjåføren får ordre om å rygge.

– Hadde det vore mykje trafikk no, hadde eg ikkje kome meg ut, konstaterer Nygård.

Anne-Pia Nygård sin bil står på HC-parkering, men ho kjem seg ikkje ut sidan det raude vogntoget står på sida. Dermed må det rygging til.

Nordfjord-kvinna er ei av om lag 50.000 nordmenn som sit i rullestol. Dei er blant dei 15 prosentane av befolkninga som har ei funksjonsnedsetting.

Då kan ferjeturen, som for mange er eit kjærkome høve til ein kaffi eller dobesøk, vere ei utfordring. Mange blir sitjande i bilen.

Norges Handikapforbund og forbundsleiar Tove Linnea Brandvik seier utfordringar om bord på ferjene har vore eit problem i mange år.

I fleire år har Noregs handikapforbund og forbundsleiar Tove Linnea Brandvik jobba for at ferjer og anna kollektivtransport skal vere universelt forma ut. – Mykje har blitt betre, men vi har framleis ein jobb igjen, seier Brandvik.

For sjølv om lova seier at ferjer skal vere universelt forma ut, så møter fleire funksjonshemma ofte problem om bord.

Ei av dei mest vanlege utfordringane er at dei får ordinær plass om bord på ferja, og ikkje HC-parkering.

Dette skjer også Anne-Pia Nygård frå tid til anna.

– Eg er så vand med at eg ikkje kjem eg meg ut av bilen, at eg berre blir sittande der under overfarten, seier Nygård, men legg til at ho bør gi beskjed om at ho er rullestolbrukar i tilfelle ferja må evakuere.

Nordfjordingen synest det er ille at ho og mange andre møter på ferjeutfordringar.

– Det er heilt forferdeleg at ein ikkje kan gjere som alle andre og kjenne seg som ein vanleg person.

Mange oppstillingsfelt har ikkje HC-felt. Noregs handikapforbund etterlyser dette slik at personane det gjeld blir dirigert til rett plass på ferja. Per dags dato har ikkje Vestland fylkeskommune planar om dette, men heller når dei bygger ut og utbetrar kaier. 

På mange ferjer står det skilt som oppmodar reisande å i ikkje sitje i bilane under overfarten. Det er likevel berre på lukka ferjedekk det er påbode å forlate bilen.

Av evakueringsomsyn skal det ifølgje Sjøfartsdirektoratet vere minst 60 cm klaring på den eine sida av alle køyretøy. Det blir ofte for lite for rørslehemma, om ein må parkere på ordinær plass.

Ekteparet Reidun og Lasse Vie frå Askvoll får sjeldan stå på HC-plass om bord på ferjene, trass i at dei vifter med HC-skiltet.

Når bilane står tett fører det til at Reidun, som brukar krykker, ikkje kjem seg ut. Då er kafé- og dobesøk utelukka.

Lasse og Reidun Vie føler dei blir ignorert gong etter gong når dei ikkje får stå på rett plass på ferja. Dei etterlyser meir kunnskap hos dei tilsette om bord og at alle ferjekaier kan ha oppmerkte plassar for HC-parkering.

– Eg føler at vi som har handikapkort ikkje blir verdsett. Vi blir berre skubba inn og vinka inn på ordinær plass, seier Reidun Vik.

Inger-Lise Vie frå Sotra utanfor Bergen opplever det same. Ho har gitt opp, og gjer alltid unna dobesøk og kafébesøk før ferjeturen.

– Eg synest det er dårleg at det er slik, seier Vie, som brukar rullator og rullestol.

Om bord i MF «Stord» trillar Anne-Pia Nygård i retning salongen.

Men vegen mot kaffilukta der oppe er barrikadert med to bratte trapper. Dermed er det om å gjere å finne heisen.

Den fungerer heldigvis – men ifølge handikapforbundet er heistrøbbel blant dei vanlegaste utfordringane dei høyrer om.

Heisar som ikkje fungerer, samt feil p-plass om bord på ferjene, er blant dei problema som går mest att på ferjer, ifølge Noregs Handikapforbund.

Ferjeselskapet Norled, som mellom anna trafikkerer Lavik-Oppedal, seier dei har fått klager på nokre av dei eldste ferjene sine.

Også Torghatten bekreftar at dei har fått nokre klager, medan regionleiar Tor Kristoffersen i Fjord 1, seier dei ikkje har fått klager i «særleg omfang».

(sjå fullt svar frå ferjeselskapa i faktaboksen)

Slik svarar ferjeselskap på kor godt tilrettelagde ferjene deira er. Om HC-plassar på kai og på ferjene, om dei har heis, anna tilrettelegging, og om dei får klager frå passasjerane:

FJORD 1, regionleiar Tor Kristoffersen

Norled, kommunikasjonssjef Cathrine Gjertsen

Torghatten, adm.dir. Mariann Grønseth

Likestillings- og diskrimineringsombodet er ei vaktbikkje for at lova blir halden, men handhevar den ikkje. Fagdirektør Eli Knøsen seier dei kjenner til utfordringane som blir skisserte. Ho trur ikkje alle er klare over lova heller.

– Mange er nok også veldig forståingsfulle og vande med å vere snille og tolmodige, seier Knøsen.

Les også Ferga i Loppa kan ikke brukes av bevegelseshemmede

Vel oppe i salongen, trillar Nygård innom handikaptoalettet. Heldigvis er alt på stell, noko som ikkje er ein sjølvfølge.

Litt verre står det til borte i kafeen. Er Nygård kaffitørst må ho ha hjelp av andre. Ho når ikkje opp til kaffiautomaten.

Dersom Nygård hadde hatt lyst på ein kaffi frå automaten, måtte ho ha bede om hjelp. Knappane er for høgt oppe til at ho når dei.

Men alt i alt var ferjeturen betre enn forventa, samanfattar ho.

Ho har ein del dårlege erfaringar med seg frå før.

Som tidlegare pendlar opplevde ho tidvis å måtte sitje i gangen utanfor salongen. Ei rullestolrampe måtte skruast ned kvar gong den skulle brukast.

– Det var ikkje greitt. Det har noko med verdigheita når du sit på gangen og ser folk gå forbi, og du sit der. Ein føler seg ikkje velkomen, seier Nygård.

Les også Dagny Sofie (26) tør ikke bruke rullestolheis på ferge fra 1970-tallet: – Veldig skummelt

LES MER:

Comments

https://lykkelandet.com/public/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations