Anne Jo betalar dyrt for straumen medan sambygdingar nesten får den gratis
Anne Jo Bjordal bur på «feil» side av ein sju km lang tunnel i heimkommunen. Det gir enorme utslag i straumrekninga. – Forferdeleg urettferdig, seier firebarnsmora.
URETTFERDIG: Hadde Anne Jo Bjordal budd i den andre enden av heimkommunen, hadde ho sloppe unna med ei langt rimelegare straumrekning.- Ikkje rettferdig, meiner firebarnsmora.
Vi rapporterer frå Høyanger
Publisert 28.07.2022, kl. 21.12
Oppdatert 28.07.2022, kl. 21.41
Torsdag er straumprisane rekordhøge- og fredag er dei venta å stige endå meir.
Men kor mykje du må punge ut, er det kraftregionen du bur i som avgjer.
I Norge er nettet delt i fem prisområder:
Berre i Vestland, som står av tre ulike straumområde, varierer prisane no frå 596 øre kilowatt i Sunnhordland, til 277 frå Sognefjorden til Bjørnafjorden, medan resten av fylket slepp unna med 3 øre kilowatt.
I Høyanger kommune i Sogn, går grensa mellom to slike kraftregionar midt i den knapt åtte kilometer lange Høyangertunnelen.
– Det er jo skikkeleg ulogisk og veldig urettferdig, seier firebarnsmora Anne Jo Bjordal, som er blant dei uheldige.
Familien i Lånefjorden betaler i desse dagar 2 kroner og 9 øre kilowattimen. Men nord for Sognefjorden, som høyrer til region Midt-Noreg, er prisen 2 øre kilowattimen.
– For meg er straum straum. Vi bur i same kommunen, så det er ikkje rettferdig, seier Bjordal.
Dei prøver å spare der dei kan, men det er ikkje berre lett i ein storfamilie.
– Slik som dette kan det ikkje halde fram. Vi skal jo leve også, seier ho.
Bedrifta Nesseplast i Balestrand held også til på «feil» sida av Høyanger kommune.
– Det er heilt hakkande gale. Skikkeleg surt, seier Erling Nesse, dagleg leiar i bedrifta, som også har avdeling i Bømlo.
Straumrekninga er opp mot 500.000 kvar månad, noko som er ei seksdobling mot tidlegare.
STORE REKNINGAR: Erling Nesse i Nesseplast i Balestrand håper det går mot betre tider, for bedrifta har ikkje moglegheit til å spare på straumkostnadane.
– Vi er på feil side av tunnelen. Det er ein pris på den eine sida, og ein annan på den andre sida.
– Kva tenkjer du om at straumen kostar tre øre kilowattime i andre delar av kommunen?
– Det er veldig rart å tenkje på. Konkurrentane lengre nord har ein heilt annan kostnadsstruktur enn oss. Det er veldig dumt og betyr noko på lengre sikt.
Bedrifta, som lagar emballasje, har vurdert å flytte delar av produksjonen til ein region med lågare straumprisar.
Hadde kraftmarknaden vore optimal, hadde det frå vore fri flyt frå produsent til forbrukar i heile Norden med felles pris.
Men slik er det ikkje, forklarar Olav Osvoll i Eviny, ein del av BKK- konsernet.
Årsaka er store forskjellar i det fysiske kraftnettet.
– Det gjer at etterspurnaden og tilbodet i kvart området avgjer prisen. Det gir ekstreme forskjellar, seier han.
– Kva kan kraftprodusentar gjere for å utjamne dette?
– Vi produserer det vi kan og held att på vatnet for å spare det til vinteren, seier han, og legg til at forskjellane er ein systemfeil som må rettast opp i.
Løysinga er å bygge fleire kraftlinjer for å få opp transportkapasitet mellom dei ulike prisområda i Noreg, meiner han.
LES MER:

"; bannerArray172[7] = "

"; bannerArray172[9] = "
"; bannerArray172[11] = "

"; bannerArray172[12] = "

"; bannerArray172[13] = "

"; bannerArray172[15] = "

"; bannerArray172[16] = "

"; bannerArray172[19] = "

"; bannerArray172[20] = "

"; function bannerRotate172() { if(myCount172 > bannerArray172.length-1){myCount172=0;} // Write out rotation if (document.all){ // it is IE document.all.l3172.innerHTML=bannerArray172[myCount172]; } else if (document.layers){ // it is NN document.l1172.document.l2172.document.write(bannerArray172[myCount172]); document.l1172.document.l2172.document.close(); } else{ var myelement = document.getElementById("l3172"); myelement.innerHTML=bannerArray172[myCount172]; } setTimeout("bannerRotate172()", 300000); myCount172++; } setTimeout("bannerRotate172()", 300000); // -->
Comments
0 comment