Vedum meiner norske familiar går i pluss i år. Men held reknestykket vatn?

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Har han glemt en hel generasjon - pensjonistene ++ ?
Ein vanleg familie får meir å rutte med i år enn i fjor, ifølgje finansministeren. Men reknestykket hans er urealistisk for familiar flest, meiner forbrukarøkonom.

Vedum meiner norske familiar går i pluss i år. Men held reknestykket vatn?

Ein vanleg familie får meir å rutte med i år enn i fjor, ifølgje finansministeren. Men reknestykket hans er urealistisk for familiar flest, meiner forbrukarøkonom.

STATSRÅD: Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) i den munnlege spørjetimen i Stortinget førre veke. Bak f.h. Hans Andreas Limi (Frp) og Tuva Moflag (Ap). Vi rapporterer frå Gardermoen

Publisert 02.05.2022, kl. 08.03

Trass i dyrare straum, mat og drivstoff og auka rente, vil norske familiar gå i pluss dette året, meiner finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

KRITISK: Cecilie Tvetenstrand er forbrukarøkonom i Storebrand.

Finansdepartementet har rekna seg fram til at ein «snittfamilie» i år vil gå i overskot med 14.700 kroner, trass i priskrisane og påstandar om at folk flest får dårlegare råd i år.

– Tala ligg an til at ein vanleg familie får reallønnsvekst i år. Det er bra, sa Vedum då han la fram reknestykket i spørjetimen i Stortinget førre veke.

Men fleire set spørsmålsteikn ved utrekningane.

– Tala som er brukt vil stå fram som urealistiske og optimistiske for vanlege familiar flest, seier forbrukarøkonom Cecilie Tvetenstrand i Storebrand.

Inntekt: Finansdepartementet legg til grunn at eit lønnsoppgjer i vår på 3,7 prosent vil gi ein familie på fire med 1 million kroner i samla inntekt etter skatt, 37.000 kroner ekstra i året.

Renter: Dersom familien har 3,4 millionar kroner i gjeld, vil ei renteauke på 0,5 prosentpoeng gi auka renteutgifter på 13.000 kroner etter skatt i år.

Auka prisar: Totalt vil auka priser på mat, drivstoff og straum koste familien totalt 9300 kroner.

Det har finansdepartementet rekna ut slik:

Drivstoff: Familien køyrer 15.000 kilometer og bruker 900 liter drivstoff i året. Dersom drivstoffprisane aukar med 5 kroner, vil dei måtte betale 4500 kroner meir for drivstoff i 2022 enn i 2021.

Matvarer: Familien brukar rundt 88.000 kroner i året på mat. Med ein prisauke på rundt 4 prosent, blir det ekstrautgifter på 3400 kroner i 2022.

Straum: Familien bur i ein tomannsbustad og brukar 22.000 kWh i året i prisområdet Søraust-Noreg.
I 2021 betalte dei 33.358 kroner, inkludert straumstøtta i desember. For 2022 blir utgiftene 47.930 utan støtta. Altså aukar utgiftene med nesten 14.600 kroner.
Staten betaler 13.200 kroner grunna straumstønaden. Då må familien betale om lag 1400 kroner ekstra i straumutgifter enn i året før.

Kjelde: Finansdepartementet

Ho peikar på at Vedum tek utgangspunkt i ein familie med samla inntekt på 1 million kroner etter skatt, noko ho meiner er relativt sett høgt.

Medianinntekta til alle hushaldningar i Noreg var i 2020 på 546.700 kroner, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB).

For par med barn under 18 år var medianinntekta på mellom 846.000 og 977.000 kroner, alt etter alder på barna.

– I tillegg er det brukt låge kostnadar, både på mat og ikkje minst renter. Det er nok ganske mykje lågare enn det dei fleste familiar brukar på mat i snitt, seier Tvetenstrand.

Ho viser også til at Noregs Bank anslår at det blir fire renteaukar i år.

Her er reknestykket til finansministeren.

Partia Høgre, Raudt og Frp stemmer i kritikken.

– Dei reknestykka set vi store spørsmålsteikn ved. Folk har fått dårlegare råd, ikkje betre råd, av det som no skjer, seier Frp-leiar Sylvi Listhaug.

Ho viser til at Vedum reknar seg fram til at familiar får under 2000 kroner i ekstra straumutgifter i heile 2022 i forhold til i 2021.

– For å seie det slik: dei pengane forsvann i alle fall frå min konto på éin månad, seier Frp-leiaren.

Under landsmøtet til Framstegspartiet i helga gjekk Listhaug til kraftig åtak på «Kalkulator-Trygve», og etterlyste konkrete tiltak for å hjelpe folk.

Frps finanstalsperson, Hans Andreas Limi, har sendt eit skriftleg spørsmål til Vedum om reknestykket hans.

Les også: Listhaug har kjøpt seg sportsbil – No vil ho kutte avgiftene på drivstoff

Raudt etterlyser eit reknestykke for folk med låge eller middels inntekter.

RAUDT: Finanstalsperson Marie Sneve Martinussen.

– Viss Vedum trur dette roar gemytta hjå folk som er forbanna over priskrisene, tek han veldig feil, Marie Sneve Martinussen, finanstalsperson for Raudt.

– Det er jo ganske naivt å rekne med at alle får ein lønsvekst på 3,7 prosent. Vi har sett mange gonger at store yrkesgrupper i hotell- og restaurantbransjen og i anleggsbransjen ikkje får det som er det vanlege lønsoppgjeret.

Ho meiner også at gjennomsnittstal er lite interessante for dei som brukar over snittet med drivstoff, til dømes i distrikta.

– Eg synest dei bør slutte å bruke tida si på å finne opp magiske reknestykke for å komme seg unna problemet, seier Martinussen.

Heller ikkje Høgre-nestleiar Henrik Asheim er imponert over utrekninga til Vedum.

– Det er eit reknestykke han har laga for å bevise poenget sitt om at det kjem til å gå betre, seier han.

– Mange er urolege for privatøkonomien sin, og då treng dei ikkje ein finansminister som kjem med ein graf som seier at du trur du har det slik, men du har det slik. Eg trur folk spør etter politiske tiltak som gjer at dei klarer å handtere rekningane sine, seier Asheim.

Vedum svara i helga på kalkulator-kritikken frå Listhaug med å vise til at alle som tener under 750.000 kroner får meir redusert skatt enn under Solberg-regjeringa.

– Jobben no er å sørge for sikker norsk matproduksjon og at vanlege folk skal føle tryggleik rundt jobben og inntekta sin, ifølge Vedum.

I sist spørjetime viste Vedum også til eit anslag om at 70.000 fleire kjem i jobb i løpet av 2022.

– For dei vil velstandsauken vere reelt mykje betre, sa Vedum.

Forbrukarøkonom Cecilie Tvetenstrand meiner likevel folk flest bør vere litt meir bevisste på pengebruken framover.

– Eg trur vi gjer lurt i å førebu oss på at vi vil få litt mindre til overs etter rekningane er betalte framover, seier ho.

I ein e-post til NRK skriv Finansdepartementet:

I reknestykket til finansministeren dreier det seg om hushald med to vaksne og to barn.

For familiar med yngste barn 0–6 år var medianinntekta i 2020 846 400 kroner etter skatt. For par med barn, yngste barn 7–17 år, var medianinntekta i 2020 977 300 kroner etter skatt, ifølgje SSB.

Reknar vi med ein årslønnsvekst i 2021 på 3,5 prosent, vil medianinntekta for den første familien i 2021 vore 876 000 kroner og for familien med skulebarn i overkant av 1 million kroner (1 012 000). Alt etter skatt.

Dei fleste gjennomsnittsfamiliar vil få reallønnsvekst i år, sjølv om dei har lågare inntekt enn 1 million kroner.

Les også: Familien får merutgifter på 38.000 i år

Comments

https://lykkelandet.com/public/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations