Eldreombodet ber styresmaktene bestemme seg for om eldre skal få ein fjerde vaksinedose mot korona

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Eldreombodet fryktar eldre skal isolere seg på nytt om det ikkje snart kjem ei avgjerd om fjerde vaksinedose mot korona.

Eldreombodet ber styresmaktene bestemme seg for om eldre skal få ein fjerde vaksinedose mot korona

Eldreombodet fryktar eldre skal isolere seg på nytt om det ikkje snart kjem ei avgjerd om fjerde vaksinedose mot korona.

Eldreombud Bente Lund Jacobsen meiner eldre må få vite om dei er trygge med tre doser, eller treng nummer fire, slik at dei kan planlegge påske og sommar.

Publisert 29.03.2022, kl. 11.27
Oppdatert 29.03.2022, kl. 13.21

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

– Svært mange eldre nordmenn kunne snart ha fått fjerde dosen med koronavaksine dersom dei budde i Sverige. No må også norske styresmakter snarast avgjere om eldre i Noreg skal få den fjerde vaksinen, seier eldreombod Bente Lund Jacobsen.

Eldreombodet meiner smittefrykt alt har skapt for mykje sosial isolasjon blant eldre, og at styresmaktene må gjere alt for å unngå at dei isolerer seg igjen.

Ombodet slår fast at svenske styresmakter tilbyr fjerde dose til alle over 80 år, og at britar over 75 år får tilbodet om fjerde dosen no i vår.

– Eldre i Noreg må få vite kvifor dei blir behandla ulikt frå svenskane og britane. Styresmaktene må også gi eldre langt tydelegare informasjon om kor trygge dei no er med tre dosar i kroppen, og kor lenge dei er trygge. Det treng eldre å vite når dei skal legge planar for sosialt samvær i påska og månadane som kjem, seier Lund Jacobsen.

Les også: Amandus (17) bekymra for å smitte besteforeldra når samfunnet opnar igjen

Helse- og omsorgsdepartementet seier at FHI skal svare på faglege spørsmål knytt til vaksinasjonsråda og kor lenge vaksinane varer.

– Regjeringa har følgt FHIs vaksineråd. Dersom Folkehelseinstituttet skulle anbefale ein fjerde dose til eldre, vil vi vurdere eit slikt tilbod. Alle eldre og risikoutsette har fått tilbod om tredje dose, og så langt har dei fleste takka ja til dette. Med tre dosar har ein svært god vern mot alvorleg sjukdom, skriv departementet i ein e-post.

Folkehelseinstituttet (FHI) seier at dei ikkje har levert anbefaling om fjerde dosen til eldre enno, men at dei jobbar med saka og kjem med informasjon om ikkje alt for lang tid.

Eldreombodet meiner at det hastar, og seier dei også i fjor blei kontakta av eldre som sakna informasjon om når dei ville få tredjedosen.

– Det gjorde eldre utrygge, og må ikkje få gjenta seg no. I år er det avgjerande at styremaktene informerer betre om kor beskytta eldre er, og om dei vil få ei fjerde dose, seier Bente Lund Jacobsen.

Folkehelseinstituttet (FHI) seier at dei ikkje har levert anbefaling om fjerde dosen til eldre enno, men at dei jobbar med saka og kjem med informasjon om ikkje alt for lang tid.

Comments

https://lykkelandet.com/public/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations