Eldre kvinne trudde ho snakka med politiet – Overførte store pengesummar

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Politiet i Bergen slo alarm laurdag ettermiddag.

Eldre kvinne trudde ho snakka med politiet – Overførte store pengesummar

Politiet i Bergen slo alarm laurdag ettermiddag.

Politiet i Bergen slo laurdag kveld alarm, etter at ei kvinne skal ha vorte svindla for store pengebeløp over telefon.

Publisert 14.05.2022, kl. 22.09
Oppdatert 14.05.2022, kl. 22.40

Laurdag ettermiddag fekk politiet i Bergen inn ei melding om at ei eldre kvinne skal ha vorte svindla for store pengebeløp etter ein telefonsamtale.

– Det er snakk om betydelege summar, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt til NRK laurdag kveld.

Dei gjekk ut på Twitter og fortalde om hendinga, og åtvara andre mot framgangsmåten.

Kvinna skal ha vorte ringt opp på telefon. I andre enden skal det ha vore ein person som gav seg ut for å vera politibetjent.

Han fortalde at det var registrert mistenkjeleg aktivitet på kvinna sin konto. Vedkommande bad deretter om personopplysingane hennar, og info om kodebrikka.

Deretter vart kontoen hennar tappa for store pengebeløp.

– Politiet ville aldri ha operert på denne måten, seier Knappen.

Vest politidistrikt sette umiddelbart i gang etterforsking i saka, og vil jobba vidare med saka utover laurdag kveld og natt.

– Det var familiemedlemmer av kvinna som kontakta politiet, seier operasjonsleiaren.

Les også: Oppringt og svindlet fra banken sitt telefonnummer

Politiet har førebels få spor å gå etter, og fryktar dei har mista masse tid i saka.

Meldinga til politiet kom laurdag ettermiddag, men svindelen skal ha skjedd tidlegare.

– Kvinna fekk beskjed om å ikkje bruka telefon eller PC frå svindlaren, og difor fryktar me at tid har gått tapt, Det er ein utspekulert måte å svindla på, seier Knappen.

Operasjonsleiaren seier dei har sikre haldepunkt for at svindelen har skjedd.

 

Eksperter svarte publikum: – Jeg ble svindlet for 1.6 millioner

Comments

https://lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations