Vil ikkje stanse eksklusiv ferieordning for statstilsette - "Alle skal med"

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Regjeringa meiner tilsette i Kystverket og Tolletaten framleis kan ha dei eksklusive feriebustadene sine i fred. Friluftsentusiast er skuffa.

Vil ikkje stanse eksklusiv ferieordning for statstilsette

"Alle skal med - For folk Flest!"
Regjeringa meiner tilsette i Kystverket og Tolletaten framleis kan ha dei eksklusive feriebustadene sine i fred. Friluftsentusiast er skuffa.

Jon Holt har arbeidd i årevis for at allmenta skal sleppe til i fleire av dei statlege bygningane langs kysten. Desse skal framleis vere reserverte for Kystverket og Tolletaten.

Vi rapporterer frå Arendal

Publisert 28.03.2023, kl. 05.34

Vi rapporterer frå Arendal

420.4 ppm1,5-gradersmålet+1.05 °CLes mer  om klima

– Det er trist at desse bygningane framleis ikkje kan overtakast av frivillige og folk flest. Vi har dusinvis av døme på at det lèt seg gjere, seier Jon Holt.

Friluftsentusiasten ferdast ofte ytst mot havet ved Møvig tollstasjon i Kristiansand.

Framleis må han og andre turgåarar her nøye seg med å kikke inn vindauga i dei historiske bygningane.

– Her er det seks leilegheiter av god standard. Perfekt tilpassa bruk for Turistforeningen eller andre frivillige, seier han.

Les også: Kystperler brukes som feriebolig for statsansatte

Holt er tidlegare juridisk rådgjevar i kommunen. Der har han allereie kjempa lenge for å få områda rundt bygga her til eit friområde.

Men framleis er dei historisk viktige tollbuene og leilighetene på innsida reserverte for tolletaten. I feriane brukt som feriestad for dei tilsette.

Og regjeringa vil ikkje endre på reglane som gjer dette mogleg.

Jon Holt og andre friluftsfolk må framleis nøye seg med å kikke inn vindauget til leilegheitene på Møvik tollstasjon.

NRK har tidlegare avdekt at eit 20-tals slike bygningar langs kysten framleis blir nytta som ferieheim for statstilsette.

Dette har skapt reaksjonar både hos friluftsfolk og politikarar.

Stortingsrepresentant Rasmus Hansson, i MDG, tok saka opp i Stortinget.

– Vil regjeringa opne opp for at allmenta i større grad kan nytte seg av statlege ferie-eigedommar, spurde han.

Her er nokre av kystperlene som vert brukte som feriebustader for statstilsette.

Fiskeri- og havminister, Bjørnar Skjæran skriv i svaret sitt at 70 prosent av fyrstasjonane allereie er opne for allmenta.

Han skriv at nokon bygg også er dårleg eigna til slik bruk.

– Det ligg føre per i dag ingen planar for endringar i ordninga, svarer han.

Også 14 tollbuer ved sjøen er i dag utilgjengelege for folk flest. Her opnar statsråden for at fleire av områda kan brukast til kulturhistoriske formål.

Men Skjæran ynskjer heller ikkje her å stanse den eksklusive bruken som feriestader for statstilsette.

Fiskeri- og havminister, Bjørnar Skjæran vil ikkje stanse ordninga med feriebustader for statstilsette i kystperler.

Statsråden legg også vekt på at dei tilsette betaler leige for å bruke bustadene til ferie. Og at etatane står for vedlikehaldet.

NRK har bede både Kystverket og Tolletaten om meir informasjon om bruken av stadene til ferieformål.

Berre tolletaten har svart.

Dei tilsette i tolletaten kan bruke leilegheiter i ei rekkje tollbuer for 3–4000 kroner veka. Mellom anna her i sjøkanten i Brekkestø i Lillesand.

– Etterspurnaden varierer naturleg nok noko gjennom sommarsesongen. Nokre eigedommar er meir populære enn andre og blir raskt fullbooka.

Det seier divisjonsdirektør Erik Guldhav i Tolletaten.

– Kva kostar det for dei tilsette i tolletaten å bruke desse?

– Prisen for å leige desse feriebustadene varierer mellom 3000 og 4000 kroner per veke.

NRK har undersøkt ei rekkje samanliknbare feriebustader langs Sørlandskysten.

Prisane for ei vekes leige i sommarhalvåret varierer frå 4 til 10 gonger høgare pris enn for dei omtalte feriebustadene.

Å leie ei leilegheit i dette feriehuset ved sjøen i Grimstad kostar over 12 000 kroner for ei veke i ferien. Fire gonger meir enn det tilsette i tolletaten må ut med for tollbuene langs kysten.

Rasmus Hansson i MDG er lite nøgd med ordninga som gjer dette mogleg.

Han meiner statsråden ikkje svarar på spørsmålet som er stilt.

– Han tek ikkje tek spørsmålet alvorleg i det heile. Skjæran har late seg velje på omsorg for folk flest. Men dette er ikkje å ta omsyn til desse.

Hansson krev at regjeringa no pålegg etatane å gjere noko med situasjonen.

– Dei må påleggjast å inngå eit langvarig samarbeid med turistorganisasjonar, kystkulturlag og andre. Det handlar om å gjere stadene tilgjengelege. Samstundes må vedlikehaldet sikrast.

Kunne du ha tenkt deg å tilbringe ferien på gamle fyr eller tollbuer? Ja Nei Vis resultat Nektar å gje opp

Skjæran ynskjer ikkje å kommentere saka utover svaret han har gitt til Stortinget.

Jon Holt på Møvig har ikkje gitt opp kampen om å la vanlege folk få tilgang til kystperlene.

Han tek ein ny kikk inn vindauget til ein leilegheitene i Møvig tollstasjon. Det openberrar ein draum han har:

– Det ligg perfekt til rette for bruk for folk. Tenk å komme inn til bryggjene her med båt. Booke ei av leilegheitene via turistforeininga eller andre.

– Det vil vere ei flott oppleving i dette historiske miljøet ytst mot havet, seier Holt.

Hovudbygningen på Homborsund fyr er framleis reservert for Kystverkets tilsette og familiane deira.

LES MER:

Comments

https://lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations