– Vi blir fattigare og fattigare

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Nær 1 million pensjonsavtalar blir mindre verde kvart år. Pensjonist Andreas Raknes meiner bankane har eit sugerøyr ned i pensjonsmilliardane.

– Vi blir fattigare og fattigare

Nær 1 million pensjonsavtalar blir mindre verde kvart år. Pensjonist Andreas Raknes meiner bankane har eit sugerøyr ned i pensjonsmilliardane.

Pensjonist Andreas Raknes i Bergen seier at pensjonen ikkje held tritt med auken i levekostnadane.

• Nær éin million fripolisar med garanti har tapt kjøpekraft, da utbetalingane ikkje har halde tritt med prisveksten.

• Regjeringa foreslår lovendringar som skal auke avkastninga ved å plassere meir av pensjonsmidlane i aksjar.

• Den viktigaste endringa som kan påverke avkastninga er truleg at livselskapa får høve til å nytte såkalla lånt eigenkapital.

• Det er også foreslått endringar om utbetaling av gjenverande bufferar, som også kan komme eldre fripolisekundar til gode.

• Pensjonist Andreas Raknes meiner at dagens system gjer pensjonistane fattigare og har lita tru på at dei nye reglane vil gi høgare utbetalingar.

• Finans Norge støttar lovendringane og meiner dei kan gi både yngre og eldre fripoliseinnehavarar høgare pensjon.

• Kritikk blir retta mot bankane for å ha tent på pensjonsmilliardane, men Finans Norge avviser dette og peikar på at fripolisar ikkje har vore lønnsame for livselskapa.

• Lovendringane kan tre i kraft snart, men det er usikkerheit rundt kor stor effekt dei vil ha på pensjonsutbetalingane.

Oppsummeringa er delvis laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRKs journalistar før publisering.

– Nokre kallar det eit ran, og eg synest det er forferdeleg, seier 86-årige Andreas Raknes frå Bergen.

Pensjonisten har jobba eit heilt yrkesliv i pensjon og forsikring i ulike selskap.

Gjennom arbeidslivet og byte av arbeidsgivar har han fått med seg garanterte pensjonsrettar, såkalla fripolisar.

Nær 1 million slike fripolisar med garanti ligg i norske livselskap, med Storebrand og DNB som dei største. De fleste livselskapa eigast av bankane.

Når du jobbar i ei privat bedrift, sparer bedrifta pengar til den framtidige pensjonen din kvar månad. Om du sluttar i den jobben før du blir pensjonist, kan du ikkje fortsette i pensjonsordninga til bedrifta.

Da får du med deg ein fripolise. Fripolisane gjeld bedrifter som hadde ytingspensjon.

Ein fripolise er altså eit skriftleg bevis på oppspart pensjon etter eit avslutta arbeidsforhold i privat sektor. Det er ikkje uvanleg å ha fleire fripolisar.

Pensjonen frå fripolisane kjem i tillegg til folketrygda og andre pensjonsordningar, og vil ikkje bli samordna med andre pensjonar.

Pengane blir forvalta av eit pensjonsselskap som investerer dei for å få avkastning

Problemet er at garantien nærast har vore ein garanti for dårleg pensjon.

Mens prisane ifølge SSB har auka 38 prosent det siste tiåret, har utbetalingane frå fripolisane knapt endra seg.

– Vi blir fattigare og fattigare, både eg og alle dei andre pensjonistane. Også yrkesaktive vil merke dette når dei blir pensjonistar, seier han.

Nå skal Stortinget behandle eit nytt lovforslag frå regjeringa. Maria Aasen-Svensrud i Arbeidarpartiet er den som har ansvaret for saka i finanskomiteen.

– Med lovendringane vi foreslår er det god grunn til å tru at pensjonistane kan få både raskare og høgare utbetalingar enn i dag, seier ho.

Meir om det lengre ned.

Les også Tapte pensjon på svak ordning: – Fripolise med garantert rente vil eg kalle ran

Til saman står det i overkant av 330 milliardar kroner plassert i rundt éin million fripoliseavtalar med garanti. Mesteparten av pengane står i praksis på sparekonto.

I tillegg står det i overkant av 25 milliardar i fripolisar med investeringsval.

Les også Hundretalls pensjonsmilliarder er innelåst

– Bankane har fått eit sugerøyr ned i pensjonsmilliardane, meiner Raknes.

Det er ei verkelegheit som fagdirektør Tone Meldalen i Finans Noreg ikkje kjenner seg igjen i.

Tone Meldalen er fagdirektør for pensjon i Finans Noreg.

– Vi synest det er veldig trist at fripolisekundane har tapt pengar i ei årrekke på eit dårleg regelverk. Men det er jo ikkje slik at leverandørane har tent pengar på fripolisane, seier Meldalen.

Ho viser til at ingen aktørar ønsker å ta over fripolisar frå andre selskap, og meiner dei ikkje er lønnsame.

– Konkurransen i denne marknaden stansa allereie i 2012. Så her er det ingen som har tent på eit dårleg regelverk, seier ho.

– Men livselskapa går med store overskot kvart år?

– Det er ikkje på grunn av fripolisane. Her har det ikkje vore lønnsamt for livselskapa å ta høgare risiko for å prøve å oppnå ei betre avkastning, seier ho.

Maria Aasen-Svensrud i Arbeidarpartiet.

Denne veka legg regjeringa fram eit forslag til lovendringar som har som mål å auke avkastninga i fripolisane.

Endringane skal gjere at meir av pengane blir plasserte i aksjar, som kan gi høgare avkastning over tid. Maria Aasen-Svendsrud sit i finanskomiteen for Arbeidarpartiet.

Ho har tru på at endringane vil hjelpe pensjonistane, og at lovendringane kan tre i kraft i løpet av kort tid.

– Når bankane nå kan handtere risiko på ein betre måte, og vi seier klart frå om at overskotet skal gå ut til pensjonistane, så er det god grunn til å tru at pensjonistane nå kan få både raskare og høgare utbetaling på fripolisane enn det dei har hatt i dag, seier ho.

Kven er det eigentleg som har stukke av med alle milliardane?

– Ein kan kanskje samanlikne det med å sette det på ein sparekonto framfor å investere. At nokon har stukke av med det, trur eg ikkje er rett måte å sjå det på. Men det har ikkje blitt mykje ut av kvar enkelt fripolise, og det er det vi ønsker å gjere noko med, seier ho.

Finans Noreg meiner at dei føreslegne lovendringane kan gi både yngre og eldre fripoliseinnehavarar høgare pensjon.

Men 86-årige Andreas Raknes i Bergen har inga tru på at regelendringane vil føre til høgare pensjon, verken for han eller andre.

Andreas Raknes har lita tru på at nye reglar vil gi høgare pensjon.

– Nei, det trur eg ikkje.

– Eg trur dei som ikkje har sett seg godt inn i dette, og jobbar i bransjen til dømes, så ville ikkje dei skjønne heilt kva det er som er føreslått. Det trur eg politikarane sannsynlegvis ikkje skjønner betre. Og det vil etter mi oppfatning vere like stort spelerom for bankane til å ta ut profitt som det har vore tidlegare òg, meiner han.

I tillegg til fripolisane i livselskapa, er det også i overkant av 110 milliardar kroner i pensjonskassene.

Slike pensjonskasser er til dømes kommunale eller private. Eksempel er aksjeselskap som Norsk Hydro, Aker og Yara, og kommunar og fylke.

Pensjonskassene er sjølveigande, og blir forvalta med ein aksjeandel i snitt på over 40 prosent.

Desse fripolisane har over tid i snitt oppnådd ei vesentleg høgare avkastning enn i livselskapa.

– Pensjonskasser handterer fripolisane kollektivt, med svært høg aksjeeksponering og gjennomgåande god pensjonsregulering. Det er av største betydning for dei mange rettshavarane våre at Stortinget legg opp til at vi kan føre vidare slik handtering, seier Christer Drevsjø, som er direktør i Pensjonskasseforeninga.

LO og Pensjonistforbundet støttar synet til pensjonskassane i denne saka.

– Det er fripoliseforvaltninga i livselskapa som representerer eit problem. Løysinga er ikkje å øydelegge for dei mange rettshavarane i pensjonskassene som har fått god regulering på pensjonar og fripolise, seier Drevsjø.

LES MER:                    ©NRK.NO

Comments

https://lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations