Tre legar får refs for å ha snoka i journalen til ein kollega – no får dei refs for å ha brote lova

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Tre tilsette klarte ikkje å motstå freistinga då dei oppdaga at ein kollega var lagt inn på sjukehus. Opplysningar frå journalen skal ha blitt ein snakkis på morgonmøtet.

Tre legar får refs for å ha snoka i journalen til ein kollega – no får dei refs for å ha brote lova

Tre tilsette klarte ikkje å motstå freistinga då dei oppdaga at ein kollega var lagt inn på sjukehus. Opplysningar frå journalen skal ha blitt ein snakkis på morgonmøtet.

Tre legar i Helse Møre og Romsdal får refs for å ha snoka i journalen til ein kollega.

-------------------------------------
Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRKs journalistar før publisering.

Det var fleire som gjerne ville ha detaljar då ein av kollegaene blei lagt inn på det lokale sjukehuset vinteren 2023.

No har tre legar fått refs for å ha snoka i journalen.

Alle tre har brote Helsepersonellova §21a ettersom ingen av dei deltok i behandlinga av kollegaen. Det slår Statsforvaltaren i Møre og Romsdal fast.

Ein av dei er også tatt for å ha brote teieplikta ved å fortelle på eit morgonmøte på sjukehuset kva han las i journalen.

Dei tre tilsette har totalt vore inne i røntgensystemet Sectra fem gonger i løpet av to dagar. Der ligg både årsak til innlegging, røntgenbilde og eventuell vurdering frå røntgenlege.

Det er pasienten sjølv som har klaga på snokinga. Ho skal ha fått tips frå andre kollegaer som reagerte på at detaljar frå journalen og innlegginga blei tema på morgonmøtet:

«Det påstås at informasjon om meg som pasient ikke har blitt delt, men dette stemmer ikke da det er flere vitner ved morgenmøtet (dato) som angir at det har blitt tatt opp at jeg har blitt innlagt på (sladda avdeling) samt diskutert hvorfor jeg har blitt innlagt», skriv pasienten i klagen.

Snokinga førte til at ho ikkje møtte opp på jobb til avtalt tid: « ... fordi jeg ikke følte meg komfortabel med å sitte på et møte sammen med flere kolleger som var inne på min SECTRA-logg, som er ein del av min journal».

Les også Oppdaga at 185 tilsette hadde lese journalen til mannen – kommunen nektar å ha snoka

Dei tre tilsette ved sjukehuset har ulike forklaringar på kvifor dei har vore inne i journalen til kollegaen sin. Det går fram av dokumenta dei har sendt Statsforvaltaren i Møre og Romsdal:

«Når man scroller opp og ned for å finne pasienter man skal se bilder eller lese svar på er det svært vanlig at man i farten enkeltklikker (1 museklikk) på pasienter i listen. Musepilen kan da bli stående ubevisst over lengre tid på en pasient man ikke har behandlingsansvar for».

Men verken helseføretaket eller Statsforvaltaren trur på forklaringane.

Legen som også er avdelingsleiar har i ettertid fått det som helseføretaket kallar «disiplinære reaksjonar». Klinikksjef Britt Rakvåg Roald vil ikkje seie kva det inneber.

Saka er ei alvorleg ripe i lakken for dei tre legane, og Statsforvaltaren i Møre og Romsal skriv at saka kan bli henta fram igjen dersom dei i framtida gjer noko liknande.

Les også Snoka i over 100 journalar: Nå er kvinna dømd

Dei tre sjukehuslegane i Møre og Romsdal er ikkje åleine om å snoke.

Dei fem siste åra er det registrert totalt 232 saker som gjeld brot på Helsepersonellova 21a. Tal frå Helsetilsynet viser at statsforvaltarane rundt om i landet har behandla ei rekkje saker:

I tillegg har Helsetilsynet sjølv behandla 35 saker i same perioden. Hit kjem dei aller mest alvorlege sakene, der helsepersonell har opptrådt sterkt klanderverdig. Helsetilsynet gjer då ei vurdering av avgrensing eller tilbakekalling av autorisasjon for helsepersonellet.

Ifølgje Helsenorge kan du sjølv sjekke kven som har opna journalen din:

Kjelde: Helsenorge

Kvinna som blei snoka på, er uroleg for om andre pasientar kan oppleve det same og har bedt om at helseføretaket set inn tiltak for å unngå at det skjer.

Leiinga i Helse Møre og Romsdal vil ikkje stille til intervju, men har sendt ein e-post der dei strekar under at alle pasientar skal kunne kjenne seg trygge på at opplysningane deira blir behandla fortruleg og i samsvar med lovverket.

– Urettmessige oppslag blir tatt på høgste alvor, blir rekna som alvorlege tillitsbrot og blir behandla deretter, skriv HR-direktør Kjetil Lundberg.

Ingen av dei tre legane vil snakke med NRK. Dei arbeider framleis i helseføretaket.

Kjetil Lundberg er HR-direktør i Helse Møre og Romsdal. Ingen frå leiinga vil stille til intervju om saka.

LES MER:

Comments

https://lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations