Ny lipødem-studie kan gi håp om offentleg behandling i Noreg

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Lipødem er ikkje ein anerkjent diagnose i Noreg, og pasientar må sjølv betale dyrt for operasjonar. No kan ein ny studie endre på det.

Ny lipødem-studie kan gi håp om offentleg behandling i Noreg

Lipødem er ikkje ein anerkjent diagnose i Noreg, og pasientar må sjølv betale dyrt for operasjonar. No kan ein ny studie endre på det.

FJERNA 27 LITER SJUKT FEITT: Marianne Kommedal Bråten har gått gjennom åtte operasjonar sidan mars 2023.

Vi rapporterer frå Notodden/Tønsberg

– Noko å drikke?

Rørslene hennar er forsiktige når ho hentar ned to glas frå hylla i det blåmåla kjøkkenet.

Armane er framleis såre etter den siste operasjonen.

Marianne Kommedal Bråten slår på pc-en og finn fram fakturaene frå Ibsensykehuset i Porsgrunn. Ho legg saman.

Åtte operasjonar og utstyr: 634.000 kroner totalt.

– Det er hardt for lommeboka. Eg har måtta ta opp lån og fått forskot på arv.

Marianne har hatt åtte operasjonar, og fjerna 27 liter sjukt feitt.

– Eg var tolv år då eg skjønte at noko var gale. Plutseleg blei ting vondt og vanskeleg. Eg orka ikkje like mykje som før. Hovudet ville mykje meir enn kroppen, hugsar Marianne.

Men ho forstod ikkje kva som var gale.

Kvifor este ho ut? Kvifor gjorde det så vondt?

Marianne Kommedal Bråten ser tilbake på eit liv med smerte, skam og stigma.

Som tenåring opplevde ho skam, og ho følte at andre tenkte at ho var usunn og lat.

– Eg har eitt sterkt ord; sjølvhat. Det har eg hatt i frykteleg mange år, seier ho.

Marianne har talt kaloriar og fått dårleg samvit når ho har ete noko som ikkje var sunt.

Lipødem har tatt ein stor del av livet hennar.

Det rammar nesten berre kvinner, og er ofte knytt til hormonelle endringar som pubertet, graviditet og overgangsalder.

For Marianne blei livet så tungt at det nesten ikkje var til å bere.

Ho var eit aktivt barn. Men mykje smerter og alt det ho plutseleg ikkje lenger klarte, førte til at ho 19 år gammal prøvde å ta sitt eige liv.

– Eg gadd ikkje å leve meir. Eg var så langt frå å klare å døy, fortel ho og illustrerer med ein liten millimeter mellom tommel og peikefinger.

Marianne Kommedal Bråten måtte leite lenge før ho fann eit bilde av heile seg før ho fekk kirurgisk behandling.

Marianne blei ufør.

Ho isolerte seg. Gjekk ut og inn av sjukehuset i fem år, før ho kjempa seg tilbake.

Tilbake til livet, sjukepleiestudium og venner.

Det var då Marianne nærma seg femti år, og sjukdommen blomstra opp på nytt, at ho tok kontakt med det private sjukehuset for å få hjelp.

Les også Synne fekk operasjon andre må betale dyrt for: – Ein gullbillett

Ein går ut frå at så mange som kvar tiande norske kvinne lever med lipødem.

Likevel er ikkje lidinga anerkjent som ein eigen diagnose i norsk helsevesen. Derfor manglar det også eit offentleg behandlingstilbod.

Mange veit ikkje at lipødem er ein sjukdom.

Verken kvinnene sjølv, eller legane.

Spesialist i plastikkirurgi og overlege Wenche Hegard ved Sjukehuset Telemark seier tilstanden har fått altfor lite fokus.

Wenche HegardOverlege og plastikkirurg ved Sykehuset TelemarkFoto: Siw Borgen / NRK

– Eg hadde ingenting om lipødem på medisinstudiet. Det var ikkje ein kjend tilstand, seier Hegard.

I fem år har 220 kvinner deltatt i ein nasjonal forskingsstudie der kirurgi er ein del av behandlinga. Alle dei fire helseføretaka er med.

I Helse søraust er det Hegard som leier prosjektet frå Sjukehuset Telemark i Notodden.

Behandlinga i studien blir gjort av plastikkirurgar, fysioterapeutar og ernæringsfysiologar.

Før operasjonane var gummistøvlar omtrent dei einaste skoa Elin Sisjord fekk på beina.

Ho er ein av dei 46 deltakarane som har fått behandling og gratis operasjonar gjennom studien frå sjukehuset i Notodden.

Til saman har ho fjerna ti liter sjukt feitt frå beina.

Elin Sisjord er ei av 46 kvinner som Wenche Hegard har operert gjennom lipødem-studien frå Sjukehuset Telemark på Notodden.

For Elin var det ein lette å bli møtt med forståing og at det ho sleit med endeleg hadde eit namn.

– At det ikkje var mi skuld, seier ho.

Alle dei 220 deltakarane i den nasjonale forskingsstudien er ferdige med operasjonane. No skal studien evaluerast.

Hegard anslår at det vil ta mellom to og tre år før arbeidet er ferdigstilt og kan sendast over til helsemyndigheitene.

Elin Sisjord er til kontroll hos Wenche Hegard etter at siste operasjon er ferdig.

– Kva viser resultata så langt?

– Vi høyrer ofte pasientane seie at dei har fått eit nytt liv. Så utan tvil har kirurgi effekt på både smerter og livskvalitet. Det er i alle fall erfaringa mi.

– Så får ein jo vente til studien blir publisert, oppsummerer overlegen ved Sjukehuset Telemark.

LES MER:                    ©NRK.NO

Comments

https://lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations