Noreg skuldast for kvitvasking av russisk fisk

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Fiskeriministeren forsvarar praksisen som skuldast for å vere «kvitvasking» av russisk fisk. EU ber Noreg avslutte alt samarbeid med Russland.

Noreg skuldast for kvitvasking av russisk fisk

Fiskeriministeren forsvarar praksisen som skuldast for å vere «kvitvasking» av russisk fisk. EU ber Noreg avslutte alt samarbeid med Russland.

Her blir russisk fisk lossa i Tromsø.

Vi rapporterer frå Tromsø

Vi rapporterer frå Tromsø

Etter invasjonskrigen i Ukraina har EU innført ei rekke sanksjonar mot Russland.

Russiske fartøy blir nekta å legge til hamn.

Og 13 prosent toll på fisk er innført.

Dette har ikkje Noreg innført, trass i at Russland sidan 2014 har boikotta norsk fisk.

Russiske fiskefartøy får framleis lov å legge til hamn i Kirkenes, Båtsfjord og Tromsø

Her har eit nytt russisk fiskefartøy lagt til hamn i Tromsø

Og pakke på pakke med frosen russisk fisk blir lossa over på norsk jord.

Russland har tent over 5 milliardar dei siste tre åra ved at Noreg framleis lar dei lande fisk her.

Det viser tal frå Noregs Råfisklag.

Denne praksisen får sterk kritikk av EU.

– EU har stoppa all samhandling med Russland, og likesinna partnarar bør trekke i same retning, skriv talsperson for EU kommisjon, Anna Wartberger.

Ikkje berre får Russland lande fisk her.

Noreg blir også skulda for å hjelpe Russland å «kvitvaske» fisken, og selje han som norsk i EU.

Og med det, unngå tollsatsane EU har innført mot Russland.

NRK har vore i kontakt med Tromsøterminalen, der fisken blei levert. Dei ønsker ikkje kommentere denne saka.

Sjølv om russisk fisk blir landa i Noreg, blir han ikkje automatisk norsk.

Det er eitt krav for at russisk fisk kan endre sitt opphav:

– For at fisken skal endre opphav, må han bli prosessert i Noreg, seier Øystein Valanes i Noregs sjømatråd.

Men akkurat som at det er mange vegar til Rom, kan fisken ta mange vegar før han til slutt endar opp som norsk.

Slik forklarar Noregs sjømatråd vegen fram til at russisk fisk blir norsk:

Først må den russiske fisken bli levert til ei av desse tre hamnene.

Når fisken kjem på land, kan han enten bli direkte importert til Noreg.

Eller så blir den russiske fisken send på toll-lager.

Fisken som blir sendt til eit toll-lager vil framleis kunne bli norsk.

– Når fisken blir tatt ut av toll-lageret, kan eksportøren velje om fisken skal bli importert til Noreg, eller om fisken skal bli eksportert ut av Noreg, seier Valanes.

Deretter må fisken bli prosessert i Noreg.

Til dømes kan det bety at den blir foredla til klippfisk.

Og vips!

Så er fisken norsk, og kan bli eksportert heilt tollfritt inn i EU.

– Dette meiner eg er kvitvasking av russisk fisk, seier ansvarleg redaktør i Fiskeribladet, Øystein Hage.

Fiskeribladet har skrive fleire saker om russisk fisk som blir «kvitvaska», og Hage har stilt seg kritisk til denne praksisen.

Sergej Sennikov, visedirektør for kommunikasjon i Norebo, Russland sitt største fiskerikonsern, meiner dette er utanfor deira ansvarsområde.

– Russisk fisk som er kjøpt og prosessert i Noreg, er fiskeprodukt russiske leverandørar ikkje har noko å gjere med lengre.

Fiskefartøyet «Aquamarine» som leverte fisk i Tromsø, er eigd av selskapet Norebo.

Sergej Sennikov meiner russisk fisk som er prosessert i Noreg, ikkje er russisk lenger.

Han meiner at dette er ein vanleg praksis i mange land.

– Portugisiske produsentar som kjøper norsk fisk og prosesserer det i Portugal, sel det vidare som portugisisk vare.

Som er akkurat det same som Noreg gjer med russisk fisk.

– Det ser ut at EU skyt seg sjølv i foten og Noreg vil ikkje vere med på det, seier Sennikov.

Noreg importerer meir russisk fisk enn nokon gong.

I 2024 kjøpte Noreg dobbelt så mykje fisk, som i 2023.

Det viser tal frå SSB.

Av dei fem milliardane Russland har tent på å lande fisk her på tre år, har Noreg importert for nesten halvparten av verdien.

Dette meiner Alfred Bjørlo er krigsprofittering.

– Pengane går rett inn i Putin sin krigsøkonomi, seier stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V).

Bjørlo har tidlegare konfrontert fiskeriministeren med at dette bidrar inn i krigsøkonomien til Russland.

Likevel meiner fiskeriminister Marianne Sivertsen Næss (Ap) at Noreg har alt på det tørre.

– Vi har innført fleire sanksjonar mot Russland, men sanksjonsregelverket gjeld ikkje for mat generelt.

Fiskeriminister Marianne Sivertsen Næss avviser at Noreg hjelper Russland med å omgå EU sine sanksjonar.

I ei høyring i EU-parlamentet no i vinter fekk Noreg kritikk på ei rekke område.

– Noreg landar russisk fisk, klarerer han og sel fisken vidare tollfritt til EU.

Det påstod Iván López van der Veen, representant for fiskeriinteressene i EU.

– Sjølv om vi har eit godt forhold til Noreg, støttar dei konsekvent Russland. Dei undergrev oss.

– Derfor blir dei ein røvarstat, konkluderte van der Veen.

Sjå videoen der Noreg blir kalla ein røvarstat:

Her blir Noreg kalla for ein røvarstat.

Næss bekreftar at russisk fisk blir seld vidare frå Noreg til EU.

– Vi har mottak av russisk fisk, og noko går vidare til EU, seier fiskeriministeren.

Ein del av den russiske fisken som blir landa i Noreg, blir selt vidare til EU som Norsk fisk.

Likevel påpeiker ho at dette ikkje er ei omgåing av sanksjonar.

– Handel av mat er ikkje omfatta av sanksjonsregelverket.

Nasjonale tilpassingar er viktig for Noreg og Russland sitt fiskerisamarbeid, meiner Næss.

– Det handlar om den geografiske plasseringa vår og forvaltning av ressursane i Barentshavet som vi deler, seier fiskeriministeren.

Sergej Sennikov i Norebo er einig med Næss.

– Vi ser på tilgang til norske hamnar som ein del av fiskerisamarbeidet mellom Noreg og Russland.

Han meiner det vil vere øydeleggjande for fiskerisamarbeidet om Noreg nektar russiske fartøy å levere fisk og legge til hamn.

Likevel har ekspertar tidlegare avvist at fiskeriavtalen med Russland inneber tilgang til norske hamner og å få lande fisk i Noreg.

Fiskeriministeren trur ikkje det vil vere aktuelt å stanse alt russisk samarbeid.

– Russiske fiskefartøy har berre lov å legge til kai tre plassar. Men vi kjem til å følge situasjon nøye, seier Næss.

LES MER:

Comments

https://lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations