Noreg gir mindre i straumstøtte enn nesten alle andre i Europa - "Støre-Åsland-Vedum-kurs i matte"

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Noreg er på 20.-plass i europeisk oversikt over straumstøtte. Den tyske støtta er dobbelt så stor som den norske per innbyggjar.

Noreg gir mindre i straumstøtte enn nesten alle andre i Europa

– Ein bløff at straumstøtteordninga er raus

– Vi har lenge vore skeptiske til regjeringa si eiga framstilling av den norske straumstøtteordninga som raus. Det er villeiande og regelrett bløff, seier Linda Ørstavik Öberg, som er energipolitisk rådgivar i Huseierne.
----
Noreg er på 20.-plass i europeisk oversikt over straumstøtte. Den tyske støtta er dobbelt så stor som den norske per innbyggjar.

NEI: Regjeringa vil ikkje utvide straumstøtta. På Stortinget rasar debatten om støtta er «raus» eller ikkje.

Publisert 04.02.2023, kl. 23.38

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) avviste denne veka å auke straumstøtta med tilvising til at ordninga «fungerer bra» og at han ikkje vil gi Noregs Bank «endå fleire argument til å auke renta endå meir».

Presiseringa kom etter at regjeringa utvida straumstøtta til å omfatte folkeregistrerte på hytta, og etter tiltakande press frå fleire kantar:

Tal frå tankesmia Bruegel i Brussel viser at Noreg gir mindre i straumstøtte som del av BNP enn 20 andre europeiske land.

7 land er bak Noreg på den same lista.

Visekanslar og tyske energiminister Robert Habeck vitja NHOs årskonferanse tidlegare i januar. Der viste han til at Tyskland må ta opp store statslån for å finansiere støtteordningane, medan Noreg slepp billig unna.

Breugel bruker tal frå september 2021, og tek vidare med foreslått straumstøtte til hushalda i 2023 (men droppar å ta med støtte til landbruk og det frivillige i 2023). Tala er sist oppdatert i november.

For Noreg utgjer dette 8,1 milliardar euro.

Til samanlikning skal Tyskland bruke 264 milliardar euro.

All den tid Tyskland har 16 gonger så mange innbyggjarar som Noreg, blir den tyske støtta dobbelt så stor per innbyggjar.

Eit poeng visekanslar og energiminister Robert Habeck ikkje lét vere å gjere merksam på då han gjesta NHOs årskonferanse tidlegare i januar.

Les også: Slik løser de energikrisen i Europa

Der viste han til at Tyskland må ta opp store statslån for å finansiere støtteordningane, medan Noreg får enorme ekstrainntekter – hovudsakleg frå gasseksport – som følgje av Ukraina-krigen.

NRK har spurt statsråden om ein kommentar til den belgiske oversikta.

Departementet seier i respons at dei vil svare Frp, som har stilt same spørsmål, før dei kommenterer tala. Svaret er varsla å kome 6. februar.

– Medan andre europeiske land berre opplever tap som følgje av energikrisa, har Noreg store gevinstar. Ein skulle tru at Noreg i ein slik situasjon gav meir i straumstøtte enn nabolanda våre, ikkje mindre, seier Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

På Malta har regjeringa gitt den statseigde energileverandøren mandat til å fryse prisane på 2014-nivå.

– Den belgiske oversikta bør brukast til å realitetsorientere ei regjering som trur dei leverer den beste bistanden i verda, seier Marius Arion Nilsen (Frp).

Strømstøtte, Europa
Tal frå tankesmia Bruegel i Brussel viser at Noreg gir mindre i straumstøtte som del av BNP enn 20 andre europeiske land.

Eit springande punkt i debatten om storleiken på straumstøtte er korleis og kor mykje han påverkar rentenivået.

Med tilvising til data frå SSB og Finansdepartementet er påstanden til KrF at ein fastpris på 50 øre vil redusere prisveksten.

I eit skriftleg svar til Stortinget går Vedum med på at eit slikt grep «på kort sikt vil dempe inflasjonen», men legg til:

– På lengre sikt vil auka bruk av oljepengar bidra til auka aktivitet og press på prisar, lønningar og valutakurs, skriv han.

Les også: Ny EU-avgift aukar presset mot Noregs straumprofitt

Ifølgje Financial Times har europeiske land til saman brukt meir enn ein halv billion euro i ulike straumstøtteordningar sidan september 2021, då Russland byrja å knipe igjen gasskranene.

Styringsrenta settes åtte ganger i året av Norges Bank. Styringsrenta styrer rentene i bankene, og påvirker dine boligutgifter. Målet med å sette opp renta er at de høye prisene skal gå ned igjen.

Prognosen forteller oss hvordan Norges bank tror renta vil utvikle seg fremover.

Les mer om kilder og forbehold her.

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

– Lei av påstandar om at den norske straumstøtta liksom er så raus

– Det er alltid bra med kunnskap om korleis dei ulike europeiske landa jobbar for å komme gjennom energikrisa, men norske politikarar må til sjuande og sist ta avgjerder ut frå heilskapen her heime i Noreg, seier forbundsleiar Industri Energi, Frode Alfheim.

Han ønskjer seg ein «enklare, meir forståeleg og meir føreseieleg» straumstøtte:

– Sett ein maks totalpris, så veit alle kva vi har å ta omsyn til.

Les også: No skal dei som bur på hytta få straumstøtte

I dag dekkjer staten 90 prosent av straumprisen når han ligg over 70 øre per kilowattime (utan moms).

– Eg er lei av at regjeringa stadig vekk påstår at den norske straumstøtta liksom er så raus, seier Sofie Marhaug i Raudt.

Ho viser til at om lag 90 prosent av vasskrafta er offentleg eigd, at desse «går så det grin» og at «den sterke offentlege eigarskapen taler for at mykje, mykje, mykje meir bør komme folk og bedrifter til gode».

– Eg er lei av at regjeringa stadig vekk påstår at den norske straumstøtta liksom er så raus, seier Sofie Marhaug i Raudt.

– Vi har lenge vore skeptiske til regjeringa si eiga framstilling av den norske straumstøtteordninga som raus. Det er villeiande og regelrett bløff, seier Linda Ørstavik Öberg, som er energipolitisk rådgivar i Huseierne.

Les også: Strømprisen faller kraftig – regjeringen sparer milliarder

Sjølv føreslår ho ein makspris på 50 øre per kilowattime.

– Det er på tide å anerkjenne at vi som nasjon ikkje opplever tap som følgje av energikrisa, og at vi er i ei særstilling som andre europeiske land berre kan drøyme om.

Noen dager får man strømstøtte, og i de tilfellene vil prisen du betaler faktisk være mindre enn det vi viser i grafen.

Les mer om strømavgiftene og når du får strømstøtte her.

Inkludert avgifter

VG Beregner:
Staten dekker i snitt ca. 27% av strømregningen din:

LES MER:

Comments

https://lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations