Meduza: Taxiselskap gir FSB tilgang på data om norske kundar i september

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Eit taxiselskap som køyrer i Oslo og Bergen skal ifølge Meduza starte å sende inn persondata til russisk føderalt politi frå 1. september.

Meduza: Taxiselskap gir FSB tilgang på data om norske kundar i september

Eit taxiselskap som køyrer i Oslo og Bergen skal ifølge Meduza starte å sende inn persondata til russisk føderalt politi frå 1. september.

KØYRER I BERGEN OG OSLO: Taxiselskapet har ei norsk nettside, og marknadsfører også på norsk.

Publisert 08.08.2023, kl. 22.53

Under-operatørane Yandex Go og Yango driv med verksemd i kring 20 land rundt om i verda. Blant dei er Noreg, Finland, Israel og Belarus.

Journalistar i russiske Meduza skal ha fått tilgang på kommunikasjon mellom tilsette i taxitenesta og styret.

Skjermdump frå Yango si norske nettside.

Det har det kome fram, skriv dei, at informasjon om både russiske og utanlandske brukarar av Yandex Go og Yango er lagra i Russland.

Samtidig skal leiinga ha bede sine tilsette om å ikkje fortelje om dette til kundane sine.

Ifølge eit vedtak frå statsministeren i Russland, Mikhail Misjustin, vil FSB frå 1. september få tilgang til desse dataa døgnet rundt.

Russisk statsminister Mikhail Misjustin har underteikna førespurnaden om data som gjeld Yandex sine kundar.

I personvernerklæringa på Yango si norskspråklege nettside, som har dato 19. oktober 2020, heiter det at personopplysingar kan brukast av:

Yandex nekta tysdag kveld for at opplysingane til Meduza stemmer, og seier data om reiser berre blir henta inn av «byrå som handhevar retten i landet der reisa skjedde».

(Kjelde: Yango.com/no)

Det norske datatilsynet har allereie gripe inn i saka.

– Datatilsynet erfarer at taxitenesta Yango overfører personopplysningar om norske innbyggjarar til Russland, skriv Datatilsynet i ei pressemelding.

– Ei ny, russisk lov vil tilsynelatande gi russiske myndigheiter uavgrensa tilgang til desse dataa. Vi har derfor varsla hastevedtak overfor Yango.

Datatilsynet har gitt Yango frist fram til 14. august om å uttale seg i saka, og lovar å fatte eit vedtak før den nye russiske lova trer i kraft.

Det finske ombodet for datavern seier tysdag at dei har sendt ut ein ordre til Yandex LLC og Ridetech International B.V. som følge av avsløringa.

Yandex samlar inn informasjon om kundane sine gjennom appen ein brukar til å bestille reiser, skriv Meduza.

I den ber dei selskapet om å stoppe å sende kundar sin personlege informasjon til datasenter i Russland som er samla inn gjennom Yango.

Dei skriv vidare at informasjonen først blir sendt til nederlandske Ridetech for prosessering, og at datatilsyna i Finland, Noreg samarbeider tett med Nederland.

Den finske ordren varer fram til 30. november.

I første halvdel av 2019 tok Yandex imot fleire enn 15.000 førespurnader frå styresmaktene i Russland om å avsløre brukardata.

84 prosent av desse skal taxiselskapet ha sagt ja til, skriv avisa vidare.

Grigorij Bakunov, tidlegare teknologidirektør for taxiselskapet, skal ha fortalt Meduza at overføring av data til FSB spesielt utgjer ein risiko for russarar i tidlegare sovjetland.

Her køyrer ein Yandex-taxi sentralt i Moskva.

– Datasamlinga inneheld informasjon om drosjer i Kirgisistan, Kasakhstan, Armenia, Georgia og andre stader som russarane drog til etter at krigen starta.

– Dette er ein trugsel, vil eg seie, som er meir vesentleg enn tilgang på data om Finland, Noreg og Algerie.

To anonyme Yandex-tilsette skal ha stadfesta til Meduza at informasjonen blir sendt til Moskva-, Ryazan og Vladimir-regionane.

Yandex sjølv seier til avisa:

– Russisk lov gjeld ikkje for Yango si internasjonale verksemd og Yango-brukarar, då dei reiser og bruker appen utanfor Russland. Dette vil ikkje endre seg etter 1. september.

NRK har kontakta Yango Norga og Yandex sitt Russland-kontor for ein kommentar på opplysingane, men har ikkje enno fått eit svar.

Du trenger javascript for å spille av lydklippet «Urix - radio».

LES MER:

Comments

https://lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations